Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Krav frå forbrukaren ved mangel

Innhald

Reklamasjonsreglane ved mangel i forbrukarkjøp
Kva er ein mangel i forbrukarkjøp?
Tidspunktet for mangelen
Krav frå forbrukaren ved manglar
Byterett

Reklamasjonsreglane ved mangel i forbrukarkjøp

2.4_nyn.jpg

Ein reklamasjon er ei melding til seljaren om at det er manglar ved vara. For kjøparen er ein reklamasjon ei rettsbevarande handling som skal sikre at kjøparen kan gjere ein mangel gjeldande.

Seljaren har krav på å bli informert raskt av omsyn til krav mot sine leverandørar. Ein reklamasjon bør derfor komme rimeleg raskt, og han bør liggje føre skriftleg for å sikre bevis sjølv om det ikkje er noko formkrav.

Les om rettane dine når noko er gale – forbrukerrådet.no

Er du misnøgd med ei vare eller teneste du har kjøpt? – «Klikk og klag»

Pass på klagefristen ved kjøp – advokatenhjelperdeg.no

Til toppen

Kva er ein mangel i forbrukarkjøp?

Mangel er eit kontraktsbrot som viser seg i avvik i kvalitet, kvantitet, haldbarheit og andre eigenskapar i forhold til avtale/føresetnader.

Forbrukarkjøpslova § 15 – Eigenskapar ved tingen

§ 15(1): Eigenskapane ved tingen skal vere i samsvar med avtalen når det gjeld

  • Kvalitet – Vanleg god handelsvare
  • Kvantitet – Normal mengd
  • Haldbarheit – Normal haldbarheit
  • Innpakning – Normalt vern av vara

§ 15(2) Utfylling av avtalen: Dersom ikkje anna er avtalt, skal tingen

  • oppfylle vanlege bruksformål (a)
  • svare til det ein kan vente av tilsvarande ting (b)
  • passe for eit bestemt formål som seljaren kjende til (c)
  • ha eigenskapar som vist ved prøve eller modell lagd fram av seljaren (d)
  • ha normal og forsvarleg innpakning (e)
  • vere i samsvar med offentlegrettslege krav i lovgivinga (f)
  • gi suverene rettar til vara (g)

Forbrukarkjøpslova § 16 – Mangel

Tingen har mangel dersom

  • han ikkje oppfyller eitt eller fleire av krava i § 15
  • seljaren har forsømt opplysningsplikta si om forhold ved tingen
  • han ikkje svarer til opplysningar som er gitt i marknadsføring
  • opplysningar om installering eller montering osv. manglar

Forbrukarkjøpslova § 17 – Ting seld «som han er». Auksjonssal

Kjøper du brukt, tek du ein risiko, men du treng ikkje godta kva som helst. Tingen har ein mangel dersom han er i vesentleg dårlegare stand enn rekna med, (1) a.

Til toppen

Tidspunktet for mangelen

Det følgjer av forbrukarkjøpslova § 18 at mangelen må vere til stades på det tidspunktet risikoen går over til forbrukaren. Dette er normalt ved leveringa. Andre ledd seier derimot at dersom mangelen viser seg innan 6 månader etter risikoovergang, skal han seiast å ha eksistert ved risikoovergangen (leveringa).

Til toppen

Krav frå forbrukaren ved manglar

Dersom det ligg føre ein mangel og det er reklamert i tide, kan forbrukaren gjere desse krava gjeldande, jf. § 26, sjå §§ 15–16:

  1. halde kjøpesummen attende etter § 28
  2. velje mellom retting og omlevering i samsvar med §§ 29 og 30
  3. krevje prisavslag etter § 31
  4. krevje heving etter § 32
  5. krevje erstatning etter § 33
Til toppen

Byterett

Retten til å byte ei vare når ho er kjøpt i ein vanleg butikk, er ikkje regulert ved lov. Det vil seie at byteretten må avtalast ved kjøpet. Denne retten kan også følgje av sedvane eller annan praksis i bransjen, til dømes at du får ein bytelapp.

Her er nyttige råd dersom du ønskjer å byte ei vare: forbrukerrådet.no