Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Omgrep

Omgrep Forklaring
Kjøpsavtale Ein avtale mellom kjøpar og seljar, der kjøpar får eigedomsretten til ein ting mot eit vederlag (pengar).
Kjøpar Person som kjøper ein ting.
Seljar Person som sel ein ting.
Forbrukar Privatperson som ikkje hovudsakleg handlar som ledd i næringsverksemd.
Forbrukarkjøp Sal av ting til ein forbrukar der seljaren opptrer i næringsverksemd.
NB! Nytt: Også der forbrukar nyttar tingen til næringa.
Privatkjøp Kjøp mellom forbrukarar, til dømes når du kjøper ein moped av ein privatperson i nabolaget eller på www.finn.no.
Lovvalsspørsmålet Er det eit forbrukarkjøp eller eit privatkjøp?
Formål bak forbrukarkjøpslova Verne forbrukar mot å bli utnytta.
Ufråvikeleg (preseptorisk) Kan ikkje fråvikast til ugunst for forbrukaren.
Fråvikeleg (deklaratorisk) Kan avtale anna.
Forseinking Leveringa skjer ikkje (fråvær), eller seljaren leverer for seint.
Kontraktsbrot Brot på avtale. Døme: Forseinking og mangelfull vare.
Krav Noko ein hevdar å ha rett til basert på forseinking eller mangel.
Leveringstidspunkt Tidspunktet når tingen skal leverast.
Risikoovergang Når tingen er levert, har risikoen for forseinking eller mangel gått over frå seljar til kjøpar.
Levert Når kjøpar har motteke vara eller tidspunktet for levering har komme.
Krav om tilbakehaldsrett Halde attende betalinga for å dekkje krav som følgje av forseinking frå seljaren.
Rett til oppfylling Halde fast på kjøpet.
Heving Annullere kjøpet.
Erstatning Kompensasjon (pengar) for økonomiske tap.
Kontrollansvaret Objektivt ansvar – uavhengig av skuld, men fell bort dersom ytre forhold er utanfor seljaren sin kontroll.
Mangel Vara fungerer ikkje som ho skal, eller tingen er ikkje i samsvar med det kjøparen hadde grunn til å vente.
Reklamasjon Kjøparen gir seljaren melding om mangelen, slik at han kan førebu seg på at du kjem med eit eller anna krav.
Retting Seljaren reparerer tingen.
Omlevering Levering av ny ting.