Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 365

  1. Kva er meint med rettsreglar, og kva skil rettsreglane frå andre reglar?

    Rettsreglar er kjenneteikna ved at dei er vedtekne av offentlege organ som har fått lovgivande makt av Grunnlova. Dei er kjenneteikna også ved at samfunnet kan utøve makt for å tvinge folk til å følgje lovene eller rettsforfølgje lovbrot med krav om erstatning eller straff.

    Andre reglar er ikkje vedtekne av offentlege organ, og du får ikkje erstatningsansvar eller straffansvar ved å bryte dei. Eit døme er rennreglementet i Birkebeinerrennet om at alle deltakarane skal bere sekk som med innhaldet veg minst 3,5 kg. Brot på regelen kan føre til diskvalifikasjon eller tillegg i tid, men det er verken erstatning eller straff i rettsleg forstand.

  2. Korleis kan samfunnsforhold påverke lovene, og korleis kan lovene påverke samfunnsforhold?

    Lover blir vedtekne ut frå eit behov i samfunnet. Kampen om knappe ressursar, til dømes om vatn i eit ørkensamfunn, kan føre til lover med forbod og strenge straff for å forureine drikkevatnet. Reglar om bandtvang for hundar er særleg aktuelt der det er beitedyr. Aukande biltrafikk og stadig fleire dødsulykker på vegane fører til nye reglar og strenge straffer for fartsoverskridingar og anna uforsiktig køyring. Det er derfor ein vekselverknad mellom lover og samfunnsforhold.

  3. Kva typar reglar vart utvikla i ættesamfunnet?

    Ættesamfunnet utvikla først reglar som hadde til hensikt å beskytte stamma mot ytre fiendar og for å ta vare på næringsgrunnlaget. Det kunne dreie seg om plikt til militærteneste, om forræderi osv. I ættesamfunnet vart reglar som regulerte forholdet mellom menneska innanfor ætta, ikkje prioriterte. Drap som ein person innanfor ætta har gjort, var eit indre forhold som det var opp til ætta å ta seg av. Dersom ein medlem av ei ætt drap ein medlem av ei anna ætt, vart det utvikla ein rett til blodhemn. Det var ein strafferettsleg rett til å gjengjelde urett, auge for auge, tann for tann og liv mot liv.

  4. Kva er meint med omgrepet «rettssubjekt»? Kven var rettssubjekt i ættesamfunnet?

    Med «rettssubjekt» er det meint den som har rettslege forpliktingar eller rettar. I ættesamfunnet var det ætta og ikkje enkeltindividet som hadde rettar og plikter.

  5. Kva fekk bystatsutviklinga å seie for kven som var rettssubjekt?

    Ættesamfunnet fekk ei meir og meir tilbaketrekt rolle i bystatane som utvikla seg i Hellas i antikken og i andre delar av den vestlege verda. Familie og individ vart viktigare enn slekta. Med dei tette leveforholda i bystaten voks det fram eit nytt syn på individet som rettssubjekt. Til slutt bana dette vegen for reglar om menneskerettar. Med individet som rettssubjekt låg vegen klar for å utvikle reglar om familie og arv, kjøp og sal osv.

  6. Kva er «naturrett»?

    Naturretten er rettsreglar som vart oppfatta som evige og uforanderlege, og som skulle gjelde for alle til evig tid.

  7. Kva fekk naturretten å seie for reglar om statsrett og privatrettslege reglar om ekteskap, avtalar osv.?

    Naturrettstenkjarane oppfatta alle menneske som frie med like rettar. Reglane i Grunnlova vår om eit maktfordelingsprinsipp er eitt av resultata frå naturretten. På privatrettområdet kom ein til dømes til at det monogame ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne var det naturlege sidan det fanst omtrent like mange menn som kvinner. I avtaleretten måtte det vere avtalefridom og formfridom fordi avtalar vart inngått av frie og likeverdige partar.

    I strafferetten tok naturrettstenkjarane eit oppgjer med den torturen som prega strafferetten. Strafferetten vart humanisert. Prinsippet om hemn og gjengjelding vart erstatta med prinsipp om samfunnsvern og individuell forbetring.

    Naturrettstenkjarane tok også eit oppgjer med religiøse reglar. Ytringsfridom og retten til fri tru og tanke gav ikkje rom for tvingande reglar om religiøs åtferd.