Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Urfolk

  1. Kva er eit urfolk? Urfolk er dei som blir rekna for å stamme frå den opphavlege befolkninga i eit landområde, og som har halde fast på nokre av sine særeigne trekk som språk, religiøse skikkar eller sosiale mønster, jf. ILO-konvensjon nr. 169 artikkel 1.
  2. Kva for rettar har eit urfolk? Dei landa som har underskrive konvensjonen om urfolk, forpliktar seg til å sikre retten urfolk har rett til å bevare eigenarten sin og til å bestemme over dei forholda som er viktige for utviklinga deira. Urfolk skal høyrast når myndigheitene skal gjere vedtak som kan påverke livet og livsforma deira.
  3. Kva heiter konvensjonen om urfolk? ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar.
  4. Kva er Sametinget? Sametinget er eit folkevalt organ som skal uttale seg og gi råd i saker som vedkjem den samiske befolkninga. Det er også eit forvaltningsorgan som har myndigheit når det gjeld reindriftsnæringa og bruk av grunn og naturressursar i Finnmark.
  5. Når vart Sametinget oppretta? Sametinget vart oppretta i 1989 i medhald av samelova av 12. juni 1987.