Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Trusfridom

  1. Kva for ein artikkel i EMK uttrykkjer tankefridom, samvitsfridom og religionsfridom? EMK artikkel 9 uttrykkjer tankefridom, samvitsfridom og religionsfridom.
  2. På kva måte kan religionsutøving vere i strid med retten til liv i EMK artikkel 2? Retten til liv er beskytta av EMK artikkel 2. Dødsstraff er likevel ikkje i strid med denne regelen. Artikkel 2 seier uttrykkjelig at dødsstraff er tillaten dersom ho er fastsett ved dom for brot på ei lov som gir dødsstraff. Når religiøse prosessar som byggjer på sharia-lover, leier til steining av den skuldige, er det ikkje dødsstraffa, men prosessen og avrettingsmetodane som er i strid med menneskerettane.
  3. Kan religionsutøving stride mot retten til privatliv etter EMK artikkel 8? Religionsutøving kan komme i konflikt med retten til privatliv. Kjønnslemlesting og forbod mot homofili som er grunngitt i religiøs overtyding, er døme på dette.
  4. Kan religionsutøving vere i strid med retten til ekteskap etter EMK artikkel 12? Retten til å gifte seg følgjer av EMK artikkel 12. Problemet som ofte er reist, gjeld retten til å gifte seg på nytt. Spørsmålet blir om retten til ekteskap også omfattar ein rett til skilsmisse. EMK har ingen reglar som i klartekst gir rett til skilsmisse eller rett til å inngå nytt ekteskap.
  5. Kan religionsutøving vere i strid med prinsippet om likebehandling av kvinne og mann etter EMK artikkel 14? Kvinner blir diskriminerte i fleire trussamfunn, mellom anna når det gjeld retten til forkynnande stillingar. Likestillings- og diskrimineringslova § 9 om lovleg forskjellsbehandling opnar for ei slik forskjellsbehandling.