Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Ytringsfridom

  1. Kva er ei ytring? Retten til å ytre seg omfattar fridom til å ha meiningar og til å gi vidare opplysningar og idear utan offentlege inngrep. Ytringar kan derfor skje via aviser, sosiale medium, bøker, flygeblad, teikningar og måleri, fotografi, film, musikk, e-post. Hårfrisyre og klesdrakt kan også vere ytringar.
  2. Kva er grunngivinga for ytringsfridom? Ytringsfridommen er grunngitt i omsynet til demokrati, sanning og sjølvutfalding.
  3. Kva er vilkåra for å avgrense ytringsfridommen? EMK artikkel 10 punkt 2 gir myndigheitene høve til å avgrense ytringsfridommen. Når ein skal vurdere om ei avgrensing i ytringsfridommen er i strid med EMK artikkel 10, er det vanleg å stille tre vilkår: lovregel, formåla i artikkel 10 og nødvendigheit i eit demokratisk samfunn.
  4. Kva omsyn skal ytringsfridommen vareta? Ytringsfridommen skal vareta samfunnsdebatten i vid forstand. Den offentlege debatten er viktig for utviklinga av samfunnet vårt.
  5. Kva meiner vi med blasfemi? Med blasfemi meiner vi å spotte gudar eller religion.
  6. Kva for ein kjend norsk forfattar vart i 1933 tiltalt for blasfemi? Forfattaren Arnulf Øverland vart tiltalt for blasfemi i 1933 etter at han hadde halde foredraget «Kristendommen, den tiende landeplage».
  7. Kva gjekk Jersildsaka ut på? Jersildsaka var eit rettsoppgjer med ei rasistisk gruppe i Danmark (Grønnjakkene) som handla om ytringsfridommen i eit demokratisk samfunn. Retten slo fast at det var av interesse for samfunnsdebatten at folk får opplysningar om at nokre har ekstreme meiningar.