Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 345

  1. Kva kan vere ei ytring?

    Ytringar skjer som regel gjennom skrift eller tale. Det kan også skje gjennom handlingar, til dømes ved å kle seg på ein bestemt måte, kroppsspråk, hårfrisyre og andre symbolske handlingar. Å heise eit sørstatsflagg blir i nokre samanhengar sett på som ei rasistisk ytring.

  2. Kva er grunngivinga for ytringsfridommen?

    Grunngivinga for ytringsfridommen er at han er grunnleggjande viktig for samfunnsdebatten om kva slags samfunn vi vil ha. Ytringsfridom har vore avgjerande viktig for naturvitskapane og dermed økonomisk vekst og velstand. Utan ytringsfridom kunne vi i prinsippet framleis gått rundt her på jorda og trudd at jorda var flat. Ytringsfridommen har stort sett ført til at fornufta og sanninga sigrar over overtrua.

  3. Kva krav stiller EMK artikkel 10(2) til eventuelle avgrensingar i ytringsfridommen?

    For det første må avgrensingane vere «foreskrevet ved lov». Det gjeld eit prinsipp om lovheimel på tilsvarande måte som for avgrensingar i trusfridommen. Straffereglar mot spesielle ytringar må vere vedtekne av ei lovgivande forsamling som på lovleg måte har fått makt til å vedta lover.

    For det andre må eventuelle avgrensingar vere «nødvendige i et demokratisk samfunn». Avgrensingane må derfor kunne grunngivast med omsynet til nasjonal sikkerheit, offentlig tryggleik, helse og moral osv. Sjå opplistingane av lovlege omsyn i artikkel 10(2). Eit forbod mot religionskritikk ville vere ulovleg fordi det neppe kan grunngivast sakleg med nokre av dei omsyna som er nemnde i artikkelen. Å røpe forsvarshemmelegheiter kan derimot grunngivast lovleg med omsyn til nasjonal sikkerheit.

  4. Kva slags motsetningsforhold er det mellom ytringsfridom og retten til religionsutøving?

    Det er tydelegvis eit motsetningsforhold mellom ytringsfridom og religionsutøving. Når ytringsfridommen tek former som nokre vil kalle blasfemi (gudsspotting), kan det oppfattast som mobbing av personar som gir uttrykk for at dei har ein bestemt religion. Dette vart sett på spissen i sakene om karikaturteikningane og terroråtaket mot redaksjonen til det franske satirebladet Charlie Hebdo. Den mest kjende saka i Noreg er derimot ei straffesak frå 1933 da Arnulf Øverland vart tiltalt for blasfemi etter ein strafferegel i den no oppheva straffelova frå 1902. Øverland hadde halde eit foredrag med tittelen «Kristendommen – den tiende landeplage». Han vart frikjend, og sidan har blasfemiparagrafen i straffelova «sove» heilt til han ikkje vart vidareført i den nye straffelova frå 2005.