Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 339–340

6.2.1

EMK art. 9(2) lyder slik:

Fridom til å gi uttrykk for sin religion eller si overtyding skal berre ha slike avgrensingar som er føreskrivne ved lov og er nødvendige i eit demokratisk samfunn av omsyn til den offentlege tryggleiken, for å verne den offentlege orden, helse eller moral eller for å verne andre sine rettar og fridommar.

Regelen gir rettleiing om på eit prinsipp om forholdsmessigheit mellom religionsutøving og andre omsyn. Det å krevje slakting utan bedøving og med religiøs velsigning er «å gi uttrykk for sin religion». Forskrifter om slakting som påbyr bedøving, er da ei avgrensing i den frie religionsutøvinga for somme. Spørsmålet blir da om ei slik avgrensing er i strid med menneskeretten om fri religionsutøving.

Det første vilkåret for at avgrensinga ikkje skal vere i strid med menneskeretten, er ifølgje EMK art. 9(2) at ho er bestemt ved lov. Det vil seie med lov eller forskrift med heimel i lov. Dette vilkåret er på plass i dyrevelferdslova av 19.6.2009 § 12:

Avliving av dyr og håndtering i forbindelse med avlivingen skal skje på dyrevelferdsmessig forsvarlig måte. Den som benytter bedøvings- eller avlivingsutstyr, skal påse at dette er egnet og vedlikeholdt.

Dyr som eies eller på annen måte holdes i menneskelig varetekt, skal bedøves før avliving. Bedøvingsmetoden skal gi bevissthetstap, og dyret skal være bevisstløst fra før avlivingen påbegynnes og til døden inntrer. Krav om bedøving før avliving gjelder ikke dersom dyret avlives med en metode som gir umiddelbart bevissthetstap. Etter at avliving er utført, skal det påses at dyret er dødt.

Det andre vilkåret er at avgrensinga er nødvendig i eit demokratisk samfunn for mellom anna å beskytte helse og moral eller andre sine rettar og fridommar. Det er neppe helsemessige årsaker til påbodet om bedøving. Regelen er vedteken av omsyn til dyrevelferda, og det blir da eit spørsmål om omsynet til moral og andre sine rettar. Mange meiner det er dyreplageri dersom slakteprosessen ikkje følgjer reglane om bedøving.

Ordet «nødvendig» tilseier ei proporsjonalitetsvurdering. Dyrevelferda og kjensler folk har i samband med dette, blir sett opp mot religionsfridommen. I ei slik vurdering er påbodet om bedøving ved slakting av dyr ikkje i strid med EMK artikkel 9(2).

6.2.2

Oppgåva problematiserer om reglar i barnelova om retten barn har til å bestemme over sine eigne personlege forhold, kan komme i strid med retten foreldra har til religionsutøving.

EMK art. 9(2) lyder slik:

Fridom til å gi uttrykk for sin religion eller si overtyding skal berre ha slike avgrensingar som er føreskrivne ved lov og er nødvendige i eit demokratisk samfunn av omsyn til den offentlege tryggleiken, for å verne den offentlege orden, helse eller moral eller for å verne andre sine rettar og fridommar.

Spørsmålet er om reglane i barnelova kan representere ei ulovlig avgrensing i retten til fri religionsutøving.

Barnelova § 32 bestemmer at barn som har fylt 15 år, fritt kan melde seg inn eller ut av foreiningar. Med foreiningar er det også meint religiøse samfunn og samanslutningar, til dømes Den norske kyrkja. Regelen må kunne tolkast slik at barn som har fylt 15 år, fritt kan bestemme sjølv om dei skal vere med på møte i ei foreining.

Å oppdra barna sine i ei bestemt trusretning må reknast som religionsutøving. Regelen om at barn som har fylt 15 år, fritt kan bestemme sjølve om dei vil delta i ein foreiningsaktivitet, kan derfor komme i konflikt med religionsutøvinga til foreldra. Regelen er ei avgrensing i trusfridommen, og den som er tillaten dersom han er vedteken ved lov, og er nødvendig i eit demokratisk samfunn for mellom anna å verne andre sine rettar. I dette tilfellet vil avgrensinga beskytte den retten barnet sjølv har til tankefridom, samvitsfridom og religionsfridom. Det vil derfor vere i strid med Katrines rett etter EMK artikkel 9 å tvinge henne til å gå i kyrkja etter at ho har fylt 15 år.

Katrine er 12 år. Som tolvåring har ho etter barnelova § 31 krav på å bli høyrd, og etter § 33 har ho krav på stadig større sjølvråderett. Likevel er det foreldra som har det endelege ordet. Foreldra kan derfor påleggje eit barn på 12 år å vere med i gudstenesta. Foreldreansvaret må likevel praktiserast innanfor lovlege rammer, jf. barnelova § 30. Ei avgrensing er at det er forbode å utsetje eit barn for vald eller på anna vis behandle barnet på ein måte som kan skade den fysiske eller den psykiske helsa. Dersom Katrine set hardt mot hardt, vil det vere ulovleg å tvinge henne til kyrkja med makt.

6.2.3

Artikkel 9 gir ikkje berre ein prinsipiell rett til religionsutøving, men også rett til å utøve «tankefridom» og «samvitsfridom». Med dette er det meint «overtyding» som ikkje nødvendigvis har med religion å gjere.

Mortens overtyding er at det er umoralsk å ta liv uansett kva slags situasjon ein er i, sjølv om han ikkje trur på Gud. Morten har i medhald av EMK artikkel 9 nr. 1 ikkje berre rett til å ha slike meiningar, han har også rett til å praktisere og etterleve denne overtydinga.

Mortens rett til praksis og etterleving av overtydinga si kan berre bli avgrensa ut frå heimel i lov og av avgrensingar som er nødvendige i eit demokratisk samfunn av omsyn til offentleg tryggleik eller for å beskytte andre sine rettar.

Det første vilkåret om at avgrensinga skal vere føreskriven ved lov, er oppfylt i reglar om verneplikt, jf. vernepliktlova av 17.7.1953, der det heiter i § 3:

Norske statsborgere er etter utskrivning vernepliktige fra 1. januar det året de fyller 19 til utgangen av det året de fyller 44.

Verneplikt er i utgangspunktet ei avgrensing i å praktisere overtydinga si om aldri å ta liv.

Ei absolutt og streng praktisering av vernepliktsreglane reknar ein med kjem i konflikt med retten til å praktisere sin religion eller si overtyding. Derfor opnar visse reglar for å bli friteken frå verneplikt. Slike reglar finn vi i militærnektarlova av 19.3.1965 § 1:

Er det grunn til å gå ut fra at en vernepliktig ikke kan gjøre militærtjeneste av noen art uten å komme i konflikt med sin alvorlige overbevisning, herunder at han derved tvinges til å bryte verdier som for han er av fundamental betydning og som er knyttet til bruk av masseødeleggelsesvåpen slik de kan påregnes brukt i dagens forsvar, fritas han for slik tjeneste i samsvar med reglene i denne lov.

Vernepliktreglane og militærnektarlova utgjer eit system med reglar som avgrensar retten til å praktisere overtydinga si om ikkje å ta liv uansett kva omstenda er. Det er berre dei som kan bevise eller sannsynleggjere at dei har ei fundamental overtyding, som kan bli fritekne for verneplikta. Overtydinga må vere gjennomgripande, og det krevst at ho over lang tid har vist seg i klar praktisering og i levesett. Overtydinga må vere knytt til bruk av masseøydeleggingsvåpen, til dømes bombing.

Som ei samanfatning kan vi seie at dei som har ei alvorleg og fundamental overtyding, får høve til å praktisere overtydinga si ved å sleppe militærteneste. Dermed er menneskerettane i EMK artikkel 9 varetekne for desse. Derimot må dei som har ein mindre grad av overtyding, finne seg i at denne overtydinga ikkje kan praktiserast ut frå vernepliktsreglane.