Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 354–355

6.5.1

Den nye personopplysningslova og personvernforordninga har ingen spesielle reglar om kameraovervaking. Spesialreglar om kameraovervaking vart oppheva da den nye lova tok til å gjelde. Det går fram av forarbeida at det nye regelverket ikkje inneber ei materiell endring av rettstilstanden om kameraovervaking. Vi er no viste til å løyse spørsmål om kameraovervaking etter dei generelle reglane i forordninga etter reglar i anna lov, til dømes arbeidsmiljølova kapittel 9.

Kameraovervaking er behandling av personopplysningar. Omgrepa er definerte i artikkel 4 nr. 1 og 2 i forordninga, og da er det klart at forordninga gjelda for kameraovervaking, jf. artikkel 2 nr. 1, med mindre nokre av unntaka i artikkel 2 nr. 2 kan nyttast.

Lovleg kameraovervaking føreset behandlingsgrunnlag (heimel) i minst eitt av dei grunnlaga som står i artikkel 6 nr. 1 bokstavane a–f.

Kameraovervaking utandørs kan ofte grunngivast etter bokstav f, det vil seie at ei interesseavveging mellom dei formåla som taler for overvaking og dei som taler for personvern, fell ut i favør av overvakinga. Slik kan til dømes kameraovervaking av bomstasjonar, trafikknutepunkt og viktige offentlege bygningar grunngivast. Overvaking av ein skoleplass kan komme i same kategori.

Kameraovervaking på ein arbeidsplass er regulert i arbeidsmiljølova kapittel 9 som fastset reglar om kontrolltiltak på arbeidsplassen.

Arbeidsmiljølova § 9-1 lyder slik:

§ 9-1 Vilkår for kontrolltiltak i virksomheten
(1) Arbeidsgiver kan bare iverksette kontrolltiltak overfor arbeidstaker når tiltaket har saklig grunn i virksomhetens forhold og det ikke innebærer en uforholdsmessig belastning for arbeidstakeren.
(2) Personopplysningsloven gjelder for arbeidsgivers behandling av opplysninger om arbeidstakere i forbindelse med kontrolltiltak med mindre annet er fastsatt i denne eller annen lov.

Det vil følgje av § 9-1(1) at kameraovervaking som kontrolltiltak på ein arbeidsplass må ha «saklig grunn i virksomhetens forhold». Det må vere noko med typen verksemd som taler for kontroll, til dømes eit banklokale der ein tel pengar. Behovet for kontroll må vurderast i forhold til belastninga for arbeidstakaren.

Reglane i arbeidsmiljølova om kva som kan grunngi overvaking av dei tilsette, gir nødvendigvis ikkje andre resultat enn dei som følgjer av ei interesseavveging etter forordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f.

Dersom spørsmålet er om kameraovervaking av klasserom på ein skole er lovleg, må overvakinga kunne grunngivast som sakleg, samstundes som ho ikkje er urimeleg belastande for læraren som arbeidstakar. Denne vurderinga vil truleg føre til at kameraovervaking av undervisninga i eit klasserom som hovudregel ikkje er lovleg. Belastninga for arbeidstakaren er for stor. Interesseavveginga ved overvaking av korridorar og andre innandørsareal på skolen kan lettare føre til at overvakinga er forsvarleg. Her vil belastninga for arbeidstakarar ikkje vere så stor.

Elevar er ikkje arbeidstakarar. Arbeidsmiljølova kapittel 9 gjeld derfor ikkje for dei. Spørsmål om lovleg overvaking av elevar i klasserom og fellesareal må derfor avgjerast etter personvernforordninga artikkel 6 nr. 1.

6.5.2

  1. Den sentrale regelen er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f. Regelen viser i realiteten til ei interesseavveging mellom formålet med kameraovervakinga og dei grunnleggjande rettane og fridommane til dei som blir overvakte som krev personvern.
  2. Prinsippet i reglane i personvernlova er at det skal gjerast ei avveging mellom dei omsyna kameraovervakinga skal verne, og behova dei overvakte har for personvern. I dette tilfellet er behovet skolen har for å hindre mobbing mykje større enn behovet elevane har for personvern. Overvakinga er lovleg.

6.5.3

EMK artikkel 8 gjeld retten til respekt for privatlivet. Mellom anna derfor har vi reglar om teieplikt for tenestemenn i forvaltningsorgan (forvaltningslova § 13). Inntekts- og formuesforholda våre er i utgangspunktet eit personleg forhold som er omfatta av teieplikta.

Skal offentleggjering av skattelister vere lovleg ut frå EMK artikkel 8, må vilkåra i artikkel 8(2) vere oppfylte. Det vil seie at offentleggjeringa må ha heimel i lov og vere nødvendig i eit demokratisk samfunn av dei omsyna som er nemnde i artikkelen, som nasjonal tryggleik, offentleg tryggleik, den økonomiske velferda i landet, førebyggje uorden eller kriminalitet, verne helse og moral eller beskytte andre sine rettar og fridommar.

Det blir gjerne hevda at retten publikum har til innsyn i andre sine skatteforhold, er grunngitt med at slikt innsyn kan førebyggje svart økonomi og korrupsjon. Openheit om skatt kan førebyggje kriminalitet og fremje den økonomiske velferda i landet.

Retten til å sjå skattelistene er ei avgrensing i retten ein skattytar har til respekt for privatlivet sitt, sjå EMK artikkel 8(2). Skattelistene inneheld personvernopplysningar, og publisering av desse er behandling av personopplysningar. Skal dette vere lovleg, må minst eitt av vilkåra i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 vere oppfylt. Det aktuelle vilkåret står i bokstav f. Offentleggjeringa må vere «nødvendig for formål knyttet til de berettigede interessene som forfølges av den behandlingsansvarlige», sett i forhold til «den registrertes interesser eller grunnleggende rettigheter og friheter». Sagt på ein kortare måte: Behovet for openheit må vere større enn behovet for personvern.

Behovet for openheit om skatteopplysningar er grunngitt med kva opplysningane kan bidra med i samfunnsdebatten, til dømes om skatt er rettferdig fordelt. Openheit kan også vere med på å motverke korrupsjon og svart økonomi, til dømes dersom den skatten nokre har betalt inn, ikkje samsvarer med levestandarden deira. Openheit gir også tillit til skattesystemet, og det kan auke skattemoralen.

Personvernomsyn tilseier at det ikkje bør vere openheit om alle detaljar i skatteforholda til ein person. Det er berre innsynsrett i nokre hovudtal.

6.5.4

Oppgåva er ikkje lenger aktuell. Den nye personopplysningslova med personvernforordning har fjerna ordninga med meldeplikt og konsesjon. Det er ikkje lenger nødvendig å søkje om løyve til å behandle personopplysningar. Formålet med endringa har vore å flytte ansvaret frå Datatilsynet til verksemdene og fjerne byråkratiske prosessar. Datatilsynet kontrollerer at lovlegheita blir etterlevd.

6.5.5

Læreren har løsningsforslag