Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 334

  1. Kva er fundamentet i René Cassins «hus»?

    Fundamentet består av idear og idéstraumdrag frå ei lang historisk utvikling. Idear om eit meir humant syn på den plassen mennesket har i verda, kan sporast attende til gresk filosofi, til naturretten og det som førte til den såkalla opplysningstida. Fundamentet kan på denne måten seiast å vere det nedarva verdigrunnlaget som menneskerettane står på.

  2. Kva består søylene av i René Cassins «hus»?

    Søylene består av fire kategoriar av menneskerettar.

    Søyle 1 representerer personlege menneskerettar, til dømes retten til liv, fridom frå slaveri, vilkårleg fengsling og tortur.

    Søyle 2 representerer rettar mellom menneske, til dømes retten til privatliv, eigedomsrett og retten til å gifte seg.

    Søyle 3 representerer politiske rettar, til dømes trusfridom og ytringsfridom.

    Søyle 4 representerer økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, til dømes retten til arbeid og utdanning.

  3. Kva er taket i René Cassins «hus»?

    Taket beskyttar menneskerettane og sørgjer for at dei kan bli verkelege for livet til folk. Taket består derfor av nasjonale og internasjonale domstolar, til dømes Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD). Også ei rekkje ikkje-offentlege organisasjonar er med (NGO-ar, der bokstavane står for Non Government Organizations), til dømes Amnesty International.

  4. Kvifor vart FNs menneskerettsfråsegn ei fråsegn og ikkje ein bindande konvensjon?

    Dei landa som møttest etter krigen i San Fransisco for å vedta FN-pakta, greidde ikkje å bli samde om kva som skulle vere menneskerettar. Dei klarte derfor ikkje komme fram til ein bindande avtale. Til det var landa for ulike. Eit døme var at synet på dødsstraff varierte frå land til land. Landa kunne derfor berre vedta ei ikkje-bindande fråsegn.

  5. Kvifor meinte landa i Europa at ein eigen europeisk menneskerettskonvensjon (EMK) var nødvendig?

    Landa i Europa var meir homogene med eitt felles verdigrunnlag. Dessutan var det i Europa dei viktigaste krigshandlingane gjekk føre seg. Dei europeiske landa følte derfor ei sterk forplikting til å komme fram til meir bindande avtalar om menneskerettar slik at dei brutale hendingane under den andre verdskrigen ikkje skulle skje på nytt.