Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 339

  1. Kva er meint med trusfridom?

    Trusfridom som menneskerett er definert i EMK artikkel 9 nr. 1. Trusfridommen er retten til tankefridom, samvitsfridom og religionsfridom. Ein kan tru kva ein vil, tilbe den guden ein vil, eller meine at det ikkje finst nokon gud. Trusfridom inneheld også retten til å gi uttrykk for den trua eller overtydinga ein har, ved tilbeding, undervisning, praksis og etterleving.

    Trusfridommen gjeld ikkje utan vilkår. Det finst visse avgrensingar når han kjem i konflikt med andre tungtvegande omsyn, sjå EMK artikkel 9 nr.2.

  2. Korleis kan ei statskyrkjeordning vere i strid med trusfridommen?

    Ei statskyrkjeordning kan vere i strid med trusfridommen dersom ho blir praktisert på ein måte som forskjellsbehandlar folk med ulikt livssyn. Frå heimesida til Human-Etisk Forbund hentar vi denne argumentasjonen for å avvikle ordninga med statskyrkje i Noreg:

    • Full religionsfridom føreset likestilling mellom alle religionar og livssyn.
    • Staten skal ikkje ha noka meining om kva for ein religion eller kva for eit livssyn som er rettast.
    • Også Den norske kyrkja har krav på religionsfridom og bør sikrast fridom frå statleg overstyring.
    • Det er i strid med menneskerettane at Grunnlova nektar Kongen full trusfridom. (Grunnlova § 4 bestemmer at Kongen alltid skal vedkjenne seg til den evangelisk-lutherske religionen.)

    Mange mektige land hadde statskyrkje da EMK vart vedteken. Det er derfor godteke at statskyrkje ikkje er i strid med religionsfridommen dersom han blir praktisert med likebehandling med omsyn til høve til jobbar i arbeidslivet og når det gjeld kven som kan nyte godt av sosiale gode og støtteordningar.

  3. Korleis kan retten til likestilling vere i strid med trusfridommen?

    Kvinner blir diskriminerte i fleire trussamfunn. Likestillings- og diskrimineringslova frå 2017 gjeld for alle område i samfunnet. Tilsynelatande skulle det derfor vere full likestilling på alle område i samfunnet. Likevel kan forskjellsbehandling mellom kvinner og menn vere tillaten dersom ho har eit sakleg formål, jf. § 9. Det blir rekna for å vere sakleg at eit trussamfunn forskjellsbehandlar kvinner og menn til stillingar som har med religionsutøvinga å gjere. Prinsippet om likestilling må derfor vike for trusfridommen når det gjeld indre forhold i trussamfunn. Det er sterke og motstridande meiningar i samfunnsdebatten om dette er i strid med grunnleggjande menneskerettar.

  4. Korleis kan retten til å inngå ekteskap vere i strid med trusfridommen?

    Retten for mann og kvinne til å gifte seg med kvarandre er beskytta av EMK artikkel 12. Nasjonale lover som forbyr ekteskap mellom mann og kvinne, vil derfor vere i strid med menneskerettane.

    rdlyden i EMK artikkel 12 inneheld ikkje ein rett til skilsmisse. Det er derfor ikkje i strid med menneskerettane om eit land har ei lov som forbyr skilsmisse. I ei sak for menneskerettsdomstolen (EMD: Johnston mot Irland) i 1986 vart Irland frikjent for tiltalen om brot på menneskerettane ved at Johnston vart nekta skilsmisse, sjølv om dette innebar at han ikkje kunne gifte seg med den nye kjærasten sin.

    Ekteskapsretten etter EMK artikkel 12 gjeld mann og kvinne. Forbod mot ekteskap mellom personar av same kjønn blir ikkje rekna for å vere i strid med menneskerettane. Det er også lovleg med reglar som set krav om minstealder, at partane ikkje er i nær slekt, og at dei er tilreknelege.

  5. Kva krav stiller EMK artikkel 9(2) til lovlege avgrensingar i trusfridommen?

    For det første må lovlege avgrensingar i trusfridommen vere «foreskrevet ved lov». Dette er eit krav om lovheimel, det vil seie at det såkalla legalitetsprinsippet gjeld. Eit nødvendig vilkår for lovleg innskrenking i trusfridommen er at ei lovgivande forsamling, til dømes Stortinget her i Noreg, vedtek ei lov. Innskrenkingar kan aldri bli lovlege dersom dei berre byggjer på forvaltningsvedtak utan lovheimel.

    For det andre må innskrenkingane vere nødvendige i eit demokratisk samfunn. Kva som blir rekna som nødvendig, skal kunne grunngivast med offentleg tryggleik, vern av den offentlege orden, helse eller moral, eller med at andre rettar og fridommar skal vernast. Det kan til dømes vere ei innskrenking i trusfridommen å forby kjønnslemlesting. Eit slikt forbod vil vere lovleg fordi det kan grunngivast med omsynet til helse, moral og retten til fridom og tryggleik (EMK artikkel 5). Forbod mot å ha fleire koner kan også innskrenke retten til å utøve sin religion. Likevel er forbod mot fleirkoneri lovleg fordi det kan grunngivast med helse, moral osv.