- Øvingar side 339–340
- Øvingar side 345–346
- Øvingar side 351
- Øvingar side 354–355
- TEST DEG SJØLV side 334
- TEST DEG SJØLV side 339
- TEST DEG SJØLV side 345
- TEST DEG SJØLV side 351
- TEST DEG SJØLV side 354
Øvingar side 345–346
6.3.1
- Straffelova frå 2005 § 181 bestemmer straff for den som ved «annen utilbørlig atferd» forstyrrar den «alminnelege fred og orden» eller «lovlige ferdsel». Det å stille seg naken opp i ei rundkøyring er utan tvil «utilbørlig atferd». Slik åtferd er straffbar dersom ho forstyrrar på den måten paragrafen skildrar. Kristians handling er både trafikkfarleg og forstyrrande for fred og orden. Det kan derfor ikkje vere tvil om at Kristians handling er straffbar.
- Kristian meiner nok at handlinga hans har heimel i EMK artikkel 9 om religionsfridom og artikkel 10 om ytringsfridom.
- Artiklane 9(2) og 10(2) viser dei avgrensingane i religionsfridommen og ytringsfridommen som staten kan bestemme utan å komme i konflikt med menneskerettane. Avgrensinga må vere nødvendig i eit demokratisk samfunn for å vareta ei av dei interessene som er lista opp. I dette tilfellet er det vel «forebygge uorden» eller «beskytte helse og moral» som er aktuelt. Bruken av straffelova § 181 er derfor ikkje i strid med menneskerettane i dette tilfellet.
6.3.2
Undersøkinga til Fritt Ord fordelte seg slik:
Ytringsfridoms- grenser | |||
---|---|---|---|
Heilt eller delvis samd | Heilt eller delvis usamd* | Veit ikkje | |
Rasistiske ytringar bør tolererast | 18 % | 68 % | |
Ytringar som hånar religion, bør vere tillatne | 27 % | 60 % | |
Ytringsfridommen bør kunne avgrensast for å sikre at folk ikkje blir trakasserte eller mobba | 46 % | 37 % | |
Kjeldevernet pressa følgjer, bør vere absolutt, sjølv når saka handlar om nasjonal sikkerheit | 32 % | 46 % | |
Staten bør kunne sensurere kunstnarar som tek imot offentleg økonomisk støtte | 18 % | 59 % | |
Tilsette ved universitet og høgskolar bør stå heilt fritt til å ytre seg | 50 % | 30 % | |
Når pressa ønskjer innsyn i offentlege dokument, må personvernet vege tyngre enn omsynet til offentlegheita | 57 % | 23 % | |
Vern av svake grupper slik som barn og unge er viktigare enn ytringsfridommen | 76 % | 10 % | |
Verksemder bør kunne avgrense ytringsfridommen tilsette for å sikre omdømmet sitt | 23 % | 52 % |
Vi overlèt til læraren og elevane å tolke og kommentere resultata.