Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Offentleglova

Innhald

Offentleglova gir innsyn i forvaltninga
Hovudregel og sentrale unntak
Korleis blir offentleglova praktisert i forvaltninga?

Offentleglova gir innsyn i forvaltninga

Formålet med offentleglova er å skape openheit og tillit til forvaltninga. Lova skal bidra til ytrings- og informasjonsfridom som er ein grunnleggjande føresetnad for eit godt fungerande demokrati og ein rettsstat, jf. (§ 1).

Offentleglova § 1 Formål
Formålet med lova er å leggje til rette for at offentleg verksemd er open og gjennomsiktig, for slik å styrkje informasjons- og ytringsfridommen, den demokratiske deltakinga, rettstryggleiken for den enkelte, tilliten til det offentlege og kontrollen frå ålmenta. Lova skal òg leggje til rette for vidarebruk av offentleg informasjon.

Om offentleglova – Wikipedia.org

Til toppen

Hovudregel og sentrale unntak

Alle har rett til innsyn i forvaltninga.

Offentleglova § 3 Hovudregel
Saksdokument, journalar og liknande register for organet er opne for innsyn dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift med heimel i lov. Alle kan krevje innsyn i saksdokument, journalar og liknande register til organet hos vedkommande organ.

Generelt om offentlegprinsippet, sjå St.meld. nr. 32 (1997–98) Om offentlighetsprinsippet i forvaltningen.

Du har likevel ikkje rett til innsyn i opplysningar det gjeld teieplikt for, og organinterne dokument.

Til toppen

Korleis blir offentleglova praktisert i forvaltninga?

Sjå korleis innsynsretten blir praktisert ved NTNU.