Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Når ein skal gjere enkeltvedtak

Innhald

Enkeltvedtak
Saksbehandling ved enkeltvedtak
Om vedtaket
Klage og omgjering

Enkeltvedtak

5.3_1.jpg

Det er eit enkeltvedtak dersom avgjerda er bestemmande for den bestemte personen i midten. Det er også eit enkeltvedtak dersom vedtaket rettar seg mot alle dei tre bestemte personane som står framme i rekkjene. Men dersom vedtaket er bestemmande for rettar og plikter til ei ubestemt mengd personar, er avgjerda ei forskrift. Les meir om skilnaden på forskrift og enkeltvedtak.

Til toppen

Saksbehandling ved enkeltvedtak

I saksbehandlinga gjeld reglane i forvaltningslova om rettleiingsplikt etter § 11 og teieplikt etter § 13.

I tillegg er forvaltningslova § 18 om reglane for retten partane har til dokumentinnsyn viktig i saksbehandlinga ved enkeltvedtak.

Forvaltningslova § 17 tek for seg plikta forvaltninga har til utgreiing og informasjon.

Til toppen

Om vedtaket

Forvaltningslova har eigne reglar om forma på og innhaldet i eit enkeltvedtak. Desse reglane finn du i forvaltningslova §§ 23-27.

Til toppen

Klage og omgjering

Det er høve til å klage på eit enkeltvedtak, jf. §§ 28-34. Ein rettar da klaga til nærmaste overordna forvaltningsorgan.

Eit forvaltningsorgan kan også gjere om sitt eige vedtak utan at det har lege føre ei klage. Reglane om omgjering av enkeltvedtak står i forvaltningslova § 35.

5.3_2_nyn.jpg