Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Teieplikt

Forvaltningslova har eigne regler om teieplikt.

  1. Kvar finn vi reglane? Reglane om teieplikt finn vi i forvaltningslova §§ 13-13 f.
  2. Kva for omsyn ligg bak reglane? Teieplikta skal hindre at sensitive data kjem på avvegar. Dette vernet gjeld både private og offentlege interesser. Teieplikta er grunngitt ut frå både omsynet til personvernet og forretningsmessige forhold og omsynet til viktige samfunnsinteresser.
  3. Kva for personlege forhold er unnateke teieplikta? Personlege forhold som er unnateke teieplikta, er fødestad, fødselsdato, personnummer, statsborgarforhold, sivilstand, bustad og arbeidsstad, sjå forvaltningslova § 13 andre ledd.
  4. Gjeld teieplikta også etter at ein offentleg tilsett har slutta? Teieplikta gjeld både i teneste og etter at tenesta er avslutta, og ein kan krevje skriftleg løfte om teielovnad, jf. forvaltningslova § 13 tredje ledd.
  5. Kor lang tid varer teieplikta som hovudregel? Teieplikta skal som hovudregel vare i inntil 60 år, jf. forvaltningslova § 13 c tredje ledd.