Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Saksbehandling

  1. Kva går dei alminnelege reglane om saksbehandling ut på? Dei alminnelege reglane om offentleg saksbehandling består av rettleiingsplikt, plikt til å avgjere saka utan ugrunna opphald og teieplikt, jf. forvaltningslova kapittel 3.
  2. Kva går reglane om teieplikt ut på? Alle som arbeider i offentleg teneste, har teieplikt om personlege forhold og om ein del andre forhold dei får kunnskap om gjennom arbeidet sitt, som til dømes forretningshemmelegheiter og forsvarshemmelegheiter. Teieplikta gjeld også etter at ein person har slutta i offentleg teneste eller arbeid, jf. forvaltningslova § 13 tredje ledd.
  3. I kva for tilfelle har eit forvaltningsorgan plikt til å varsle eit vedtak på førehand? Ved enkeltvedtak skal eit forvaltningsorgan varsle ein part i ei forvaltningssak før det blir gjort vedtak, jf. forvaltningslova § 16. Eit slikt varsel skal gi ein part høve til å ta til motmæle, engasjere advokat eller skaffe seg annan assistanse for å vareta interessene sine.
  4. Kva inneber det at eit forvaltningsorgan har utgreiings- og informasjonsplikt?

    Utgreiingsplikta går fram av forvaltningslova § 17 (1). Denne regelen seier at eit forvaltningsorgan pliktar å skaffe seg eit tilstrekkeleg og rett grunnlag før det gjer eit vedtak. Saka må vere skikkeleg utgreidd og klarlagd. Det vil seie at ein saksbehandlar pliktar å kartleggje og kontrollere om dei opplysningane som er gitt, er både relevante og rette.

    Informasjonsplikta går fram av forvaltningslova § 17 andre og tredje ledd. Denne regelen seier at eit forvaltningsorgan skal informere ein part om opplysningar som dukkar opp under saksbehandlinga, og gi ein rimeleg uttalefrist.

  5. Blir eit enkeltvedtak automatisk ugyldig dersom det ligg føre ein saksbehandlingsfeil? Ein saksbehandlingsfeil fører ikkje automatisk til at eit vedtak blir ugyldig. Eit vedtak blir likevel gyldig dersom det ikkje er grunn til å tru at saksbehandlingsfeilen har verka inn på innhaldet, jf. forvaltningslova § 41. Er feilen til dømes manglande førehandsvarsel, blir vedtaket berre ugyldig dersom det er grunn til å tru at eit førehandsvarsel kunne ført til eit anna vedtak.
  6. Kva går regelen om partsoffentlegheit ut på? Ein part har rett til å sjå dokumenta i ei forvaltningssak, jf. forvaltningslova § 18. Denne regelen gir rett til innsyn i brev, møteprotokollar, kart, fotografi og liknande som gjeld saka.
  7. Kva er eit internt dokument? Med interne dokument meiner vi notat, utgreiingar og møteprotokollar som forvaltningsorganet har utarbeidd sjølv.
  8. Har ein part innsynsrett i interne dokument? Ein part har ikkje innsynsrett i interne dokument som notat, utgreiingar og møteprotokollar som forvaltningsorganet har utarbeidd sjølv. Ein elev kan til dømes ikkje krevje innsyn i dokument som lærarar, inspektørar eller andre har utarbeidd til internt bruk i saka dersom du skulle bli part i ei forvaltningssak på skolen. Ein part kan likevel ha innsynsrett i faktiske opplysningar som er viktige for saka sjølv om dei står i eit internt dokument, jf. § 18 tredje ledd. Derfor skil vi i denne samanhengen mellom faktiske opplysningar og vurderingar. Grunnen til unntaket for interne dokument er at forvaltninga har behov for å greie ut ei sak i fortrulegheit.
  9. Kva krav stiller forvaltningslova til eit enkeltvedtak? Forvaltningslova har eigne reglar om forma på og innhaldet i eit enkeltvedtak. Desse reglane finn vi i forvaltningslova kapittel 5, sjå §§ 23–27. Forvaltningslova § 23 seier at eit enkeltvedtak skal vere skriftleg. I tillegg skal eit enkeltvedtak bli grunngitt seinast samstundes med vedtaket, jf. forvaltningslova § 24. Det skal ikkje vere nødvendig å be om ei grunngiving.