Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Offentleg forvaltning

  1. Kva er offentleg forvaltning? Med offentleg forvaltning meiner vi alle organ for stat eller kommune, til dømes eit departement, eit direktorat eller eit kommunestyre, jf. forvaltningslova § 1. Stortinget og domstolane er derimot ikkje forvaltningsorgan. Dei høyrer til dei andre statsmaktene, jf. forvaltningslova § 4.
  2. Kva meiner vi med sentralforvaltninga? Sentralforvaltninga består av regjeringa, departementa, direktorata og svært mange offentlege utval, nemnder og råd.
  3. Kva for ei statsmakt høyrer forvaltninga til? Den utøvande makta – regjeringa.
  4. Kva meiner vi med lokalforvaltninga? Med lokalforvaltninga meiner vi den forvaltningsverksemda som skjer i regionale og lokale forvaltningsorgan. Fylkesmannen, trygdekontora og likningskontora er døme på statlege organ i lokalforvaltninga. Dei viktigaste kommunale organa er kommunestyret, formannskapet, fylkestinget, fylkesutvalet og ulike råd og utval på det lokale planet.
  5. Kva er eit forvaltningsorgan? Eit forvaltningsorgan er eit organ for stat eller kommune, jf. forvaltningslova § 1 andre punktum.