Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Klage og omgjering

  1. Kvar finn vi vilkåra for at eit forvaltningsorgan kan gjere om eit vedtak? Vilkåra for at eit forvaltningsorgan kan gjere om eit vedtak, står i forvaltningslova § 35 første ledd.
  2. Kva for reglar gjeld for klage og omgjering av enkeltvedtak? Forvaltningslova kapittel 6 gjeld for klage og omgjering av enkeltvedtak.
  3. Korleis kan ein part angripe eit enkeltvedtak? Ein part kan angripe eit enkeltvedtak på fleire måtar. Først kan det vere aktuelt å be forvaltningsorganet gjere om vedtaket etter forvaltningslova § 35. Dersom forvaltningsorganet verken vil eller kan gjere om vedtaket, kan du klage til nærmaste overordna organ, jf. forvaltningslova § 28. Fører ikkje klaga fram, kan du klage til Sivilombodsmannen, men han kan berre gi råd til forvaltninga, jf. sivilombodsmannslova § 10, sjå § 3. Likevel rettar forvaltninga seg ofte etter det Sivilombodsmannen meiner. Endeleg kan du gå til søksmål mot forvaltningsorganet ved domstolane.
  4. Kvar blir saka behandla når du klagar på eit enkeltvedtak? Som part i ei forvaltningssak kan du klage vedtaket inn til nærmaste overordna organ etter reglane i forvaltningslova § 28.
  5. Kven har klagerett på eit enkeltvedtak? For å kunne klage på eit enkeltvedtak må klagaren ha tilstrekkeleg tilknyting til saka. Det betyr at han eller ho anten må vere part eller ha rettsleg klageinteresse, jf. forvaltningslova § 28.
  6. Kva vil det seie å ha rettsleg klageinteresse i eit enkeltvedtak? Ein person eller organisasjon har rettsleg klageinteresse når det gjeld eit enkeltvedtak, når dei har ei viss tilknyting til saka. Personar eller organisasjonar med rettsleg klageinteresse utan å vere part kan til dømes vere ein annan søkjar på same stilling, nærmaste nabo til ein som søkjer om å få starte bilverkstad i kjellaren, eller ein naturvernorganisasjon i samband med at ei bedrift søkjer om utsleppsløyve av forureinande stoff.
  7. Kva slags organ er Sivilombodsmannen? Sivilombodsmannen høyrer inn under Stortinget og er derfor ikkje eit forvaltningsorgan, jf. sivilombodsmannslova §§ 1 og 2, sjå forvaltningslova § 4 fjerde ledd.
  8. Kva oppgåver tek Sivilombodsmannen seg av? Sivilombodsmannen fører tilsyn med at forvaltninga ikkje gjer urett mot ein borgar, sivilombodsmannslova § 3.
  9. Kva rolle speler avgjerdene til Sivilombodsmannen? Sivilombodsmannen avsluttar ei klagesak med å seie meininga si, jf. sivilombodsmannslova § 10. Han kan peike på feil eller forsømmingar som forvaltninga har gjort. Det Sivilombodsmannen meiner, er eit råd, og det bind derfor ikkje forvaltninga. Likevel følgjer forvaltninga råda frå Sivilombodsmannen i dei fleste tilfella.