Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Forvaltningslova

  1. Kva er formålet med forvaltningslova? Forvaltningslova skal sikre kvar borgar ei trygg og grundig saksbehandling, likebehandling og rettstryggleik når forvaltninga utøver makta si.
  2. Kva område regulerer forvaltningslova? Forvaltningslova regulerer verksemda i alle organ for stat eller kommune, jf. forvaltningslova § 1. Ho gjeld derfor også verksemda i den vidaregåande skolen.
  3. Kva verksemder feller utanfor forvaltningslova? Stortinget og domstolane er ikkje forvaltningsorgan, og verksemda i desse organa fell derfor utanfor forvaltningslova. Dei høyrer til dei andre statsmaktene, jf. forvaltningslova § 4.
  4. Kva er skilnaden på eit enkeltvedtak og ei forskrift? Eit enkeltvedtak er eit vedtak som gjeld rettar eller plikter til ein bestemt person eller ein bestemt krins av personar, jf. forvaltningslova § 2 første ledd b. Ei forskrift er derimot eit vedtak som gjeld rettar og plikter for ei ubestemt mengd personar, jf. forvaltningslova § 2 første ledd c.