Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Offentleg forvaltning

Innhald

Offentleg forvaltning
Sentralforvaltninga
Lokalforvaltninga
Formålet med forvaltningslova
Alminnelege reglar for saksbehandlinga
Enkeltvedtak og forskrift

Offentleg forvaltning

Offentleg forvaltning er den verksemda som offentlege organ utøver. Regjeringa treng eit stort apparat til å setje i verk vedtak frå Stortinget. Tilsvarande gjeld verksemd som ein driv i fylke og kommune. Vi skil altså mellom sentralforvaltninga og lokalforvaltninga.

Les om norsk forvaltningsrett, wikipedia.org

Til toppen

Sentralforvaltninga

Om maktfordelinga på Stortinget.no

Regjeringa er det øvste forvaltningsorganet. Alle viktige saker blir drøfta i regjeringskonferanse før dei formelle avgjerdene blir tekne anten i statsrådsmøte eller i vedkommande departement.

Departementa er delte inn etter fagområde. Kvart departement blir leidd av ein minister/statsråd. I eit departement er det både politiske stillingar, der det blir arbeider folk avhengig av kva slags politiske parti som sit i regjeringa, og faste fagstillingar.

Oversikta over organisering og leiing i Finansdepartementet viser skiljet mellom politiske stillingar og fagstillingar.

Eit direktorat er eit rådgivande og utøvande forvaltningsorgan som er underlagt eit departement. Les om oppgåvene i Miljødirektoratet.

Til toppen

Lokalforvaltninga

Lokalforvaltninga består av fylke og kommunar. Også i desse forvaltningsorgana er det folkevalde politiske stillingar og faste fagstillingar.

Slik blir Rogaland fylkeskommune styrt.

Sjå om du kan finne korleis kommunen du bur i, er organisert.

Til toppen

Formålet med forvaltningslova

Forvaltningslova skal sikre kvar enkelt borgar trygg og grundig saksbehandling, likebehandling og rettstryggleik. Lova skal også sørgje for ei effektiv offentleg forvaltning. Det vil seie å oppnå mest mogleg med minst mogleg innsats. Rettstryggleiken skal derimot hindre overgrep og vilkårlegheit frå myndigheitene.

Til toppen

Alminnelege reglar for saksbehandling

Den offentlege forvaltninga har rettleiingsplikt etter § 11, og teieplikt etter § 13.

Til toppen

Enkeltvedtak og forskrift

Eit offentleg vedtak er anten eit enkeltvedtak som rettar seg mot ein eller fleire bestemte personar, eller ei forskrift som gjeld for ei ubestemt mengd personar.

5.1.jpg