Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Forvaltningsrett

Innhald

Litt rettshistorie
Krav om lovheimel

Litt rettshistorie

Forvaltningsretten er eit relativt nytt rettsområde. Behovet for reglar som regulerte og kontrollerte saksbehandlinga myndigheitene dreiv, oppstod etter kvart som offentlege vedtak fekk avgjerande mykje på seie for den rettslege stillinga til kvar borgar i landet.

Arbeidet med forvaltningslova vart sett i gang i 1951. Ein komité fekk som oppgåve å greie ut spørsmålet om tryggare offentleg saksbehandling. Innstillinga kom først i 1958. Forvaltningslova vart vedteken i 1967. Det tek tid å lage lover.

Forvaltningslova byggjer på tre sentrale prinsipp: rettstryggleik, kravet om lovheimel og prinsippet om det frie skjønet i forvaltninga. Forvaltninga pliktar å verne borgarane mot overgrep og vilkårlegheit. Ingen kan bli pålagd plikter eller miste rettar utan at slike pålegg eller inngrep har dekning i lov. Likevel har forvaltninga innanfor visse grenser rett til å utøve sakleg og forsvarleg skjøn.

I 1970 kom offentleglova. Ho gav oss rett til innsyn i forvaltninga. Motivet for denne lova var å fremje rettstryggleiken og stimulere interessa for offentleg forvaltning.

Til toppen

Krav om lovheimel

Når forvaltninga tek avgjerder som grip inn i rettane og pliktene våre, må ho ha eit rettsleg grunnlag for vedtaket (krav om lovheimel). Som regel krevst det at grunnlaget er å finne i ei lov eller i ei forskrift som er gitt i medhald av ei lov. Dette kallar vi lovprinsippet eller legalitetsprinsippet.

Les meir om legalitetsprinsippet på jusinfo.no

5.0_nyn.jpg

Lovpyramiden viser at det må vere ei samanhengande kjede som dokumenterer myndigheit – heimelsrekkjefølgje.