Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Omgrep

Forvaltning Verksemd som eit organ for stat eller kommune driv, jf. forvaltningslova § 1. Forvaltninga utøver makt ved å gi løyve eller setje påbod/forbod.
Lokalforvaltninga Verksemda til fylka og kommunane.
Forvaltningspraksis Juridisk praksis som har utvikla seg i den offentlege forvaltninga når ho gjer vedtak.
Offentleg tenestemann Ein embetsmann eller annan som er tilsett i stat eller kommune, jf. forvaltningslova § 2 (1) d.
Maktfordelingsprinsippet Fordelinga av makt til dei tre statsmaktene: lovgivande, utøvande og dømmande makt. Prinsippet stammar frå Montesquieu (1748). Hensikta var å avgrense maktmisbruk frå eineveldet. Grunnlova frå 1814 byggjer på dette prinsippet.
Lovheimel Eit rettsleg grunnlag for vedtaket i ei lov eller i ei forskrift gitt i medhald av ei lov. Dette er kalla lovprinsippet eller legalitetsprinsippet.
Legalitetsprinsippet Prinsipp som går ut på at rettslege avgjerder som grip inn i private forhold, må ha heimel i formell lov, det vil seie i sjølve lovteksten eller i forskrifter. Jo større inngrepet er, desto klarare må heimelen vere, og desto høgare i lovsystemet må heimelen vere å finne. Heimel for straff må stå i lova, ikkje i forskrifter. Prinsippet kan utleiast av Grunnlova § 96.
Vedtak Myndigheitsutøving som gir rett eller plikt til bestemte eller ubestemte private personar.
Enkeltvedtak Eit vedtak som gjeld rettar eller plikter til éin eller fleire bestemte personar, jf. forvaltnings-lova § 2 b.
Forskrift Eit vedtak som gjeld rettar eller plikter til ei ubestemt mengd personar. Døme: De som til kvar tid køyrer forbi eit trafikkskilt.
Part Person som ei avgjerd i ei forvaltningssak rettar seg mot, eller som saka direkte gjeld, jf. forvaltningslova § 2 (1) e.
Partsoffentlegheit Den retten ein part i ei forvaltningssak har til innsyn i saksdokumenta, jf. forvaltningslova §§ 18-21.
Habilitet Fråvær av forhold som er eigna til å svekkje tilliten til at ein tenestemann tek upartiske og saklege avgjerder.
Inhabilitet/ugild Når det ligg føre grunnar som svekkjer tilliten til at forvaltningstenestemannen gjer rettferdige vedtak.
Teieplikt I forvaltningsretten bruker ein omgrepet om den plikta ein tilsett i stat eller kommune har til å hindre at nokon får kjennskap til opplysningar om personlege forhold, jf. forvaltningslova § 13. Kva som er personlege forhold, er delvis regulert i forskrifter. Opplysningar om standpunktkarakterar og utskrift av likninga er ikkje rekna som personlege opplysningar.
Klage Ein part som er misnøgd med eit vedtak, kan klage.
Omgjering Det forvaltningsorganet som har gjort vedtaket, kan gjere det om dersom omgjering ikkje vil vere til skade for nokon som det rettar seg mot eller direkte gjeld, dersom omgjering skjer før vedtaket har komme fram til vedkommande eller er offentleg kunngjort, eller dersom det er ugyldig. I tillegg kan ein klageinstans eller eit overordna organ alltid gjere om eit vedtak som det kan klagast på dersom melding om at vedtaket blir overprøvd, blir send innan tre veker etter at det vart gjort, og vedtak om omgjering skjer innan tre månader.
Rettstryggleik Sikkerheit gitt gjennom rettsordenen.
Kontradiksjon Retten til å ta til motmæle. Forsvare seg sjølv og si eiga sak.
Innmark Omgrepet er knytt til allemannsretten, og friluftslova, som skil mellom innmark og utmark. Hovudregelen er at allmenta har rett til fri ferdsel i utmark, men avgrensa rett til ferdsel i innmark. Innmark er mellom anna hustomt, gardsplass og dyrka mark.
Utmark Udyrka mark som etter lova ikkje er rekna for innmark. Praktiske døme på utmark er skog, fjell og kystområde. Skogplantefelt har tidlegare vore definert som innmark. Men etter ei endring i friluftslova vart skogplantefelt frå 1. januar 2012 rekna som utmark.