Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 233

  1. Kva for feil kan vere mangel etter produktansvarslova § 2-1?

    Grupper av feil som eit produkt kan ha, er fabrikasjonsfeil, konstruksjonsfeil, instruksjonsfeil, utviklingsfeil eller systemfeil.

  2. Kva er kravet etter produktansvarslova § 2-1 for å få erstatningsansvar?

    Produktansvaret er objektivt. Det vil seie at produsenten pliktar å erstatte skade som produktet hans valdar, og som skuldast at det ikkje gir den sikkerheita som ein med rimelegheit kunne vente (sikkerheitsmangel). Det blir teke omsyn til forhold som har samanheng med produktet og presentasjonen, marknadsføringa og den påreknelege bruken av det.

  3. Kven kan vere produsent etter produktansvarslova § 2-1?

    Produsent etter § 2-1 er den som har framstilt produktet eller sett det i omsetning. Også den som bruker eit farleg produkt som råvare i eit nytt produkt, er å rekne som produsent. Råvareleverandøren og produsenten av det nye produktet blir begge ansvarlege.

  4. Kva slags produkt gjeld produktansvarslova for?

    Lova gjeld nærmast alle slags produkt, både landbruksvarer, industrivarer, elektrisitet, olje og gass. Søppel blir også rekna som produkt ut frå lova, sjå § 1-2(1).