Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Bilansvaret

Kompetansemål

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne forklare innhaldet i bilansvaret.

Innhald

Det lovfesta erstatningsansvaret for skadar bilar gjer
Prinsipp i bilansvarslova
Aktuelle reglar i bilansvarslova
Bilførardommen

Det lovfesta erstatningsansvaret for skadar bilar gjer

Skadevaldar Ansvarsgrunnlag
Vaksne (over 18 år) Den ulovfesta culparegelen
Barn Skadeserstatningslova § 1-1
Foreldre Skadeserstatningslova § 1-2
Arbeidsgivarar Skadeserstatningslova § 2-1
Bilar (forsikringsselskapet) Bilansvarslova § 4
Produkt (produsentar) Produktansvarslova § 2-1
«Farlege bedrifter» Det ulovfesta objektive ansvaret

Reglane i bilansvarslova frå 1961 regulerer skadar og erstatningstvistar der motorvogn gjer skade.

Ansvarsgrunnlaget følgjer av bilansvarslova § 4: «Gjer ei motorvogn skade, har skadelidaren krav på skadebot hjå det trygdelaget som vogna er trygda i (…) endå om ingen er skuld i skaden.»

  • «skadelidaren»: den skadelidde
  • «skadebot»: erstatning
  • «… hjå det trygdelaget som vogna er trygda i …»: Av det forsikringsselskapet bilen er forsikra i. Den ansvarsforsikringa alle bileigarar må teikne for å dekkje dei skadane bilen måtte gjere, gir den skadelidde eit direkte krav mot trafikkforsikringsselskapet. Den skadelidde treng derfor ikkje gå vegen om den skadevaldande bilisten.
  • «… endå om ingen er skuld i skaden.»: Forsikringsselskapet må dekkje skaden også sjølv om ingen er skuld i skaden. Ansvaret er altså objektivt.
Til toppen

Prinsipp i bilansvarslova

Bilansvarslova byggjer på desse prinsippa:

  • Alle som har ein bil, må forsikre han. Forsikringsplikta er til gunst for den skadelidde.
  • Forsikringsselskapet har objektivt ansvar overfor den skadelidde.
  • Forsikringsselskapet kan søkje dekning hos bileigaren eller føraren.
  • Motorvogner som skader kvarandre, får ansvar ut frå utvist skuld.
Til toppen

Aktuelle reglar i bilansvarslova

I tillegg til ansvarsgrunnlaget og innhaldet i bilansvaret i § 4 bør du sjå på desse reglane:

  • § 1: Bruksområdet: Person- og tingskadar som er påførte av motorvogner
  • § 15: Forsikringsplikta
  • § 10: Solidarisk ansvar for alle forsikringsselskap dersom bilen ikkje er forsikra
  • § 8: Skade på ein annan bil
  • §§ 12 og 13: Regresskrav frå forsikringsselskap, ved forsett eller grov aktløyse
Til toppen

Bilførardommen

RT-1984-1246 Bilførardommen gjaldt regresskrav frå forsikringsselskapet. Den skadelidde var saman med eigaren av bilen passasjer i bilen som vart køyrd av ei 19-årig jente utan førarkort. Etter utforkøyring vart den skadelidde 100 % medisinsk invalid. Forsikringsselskapet gjorde forgjeves gjeldande at bileigaren som var påverka, måtte reknast for å vere «køyrar», og at erstatningskravet derfor måtte bortfalle fordi den skadelidde hadde late seg køyre sjølv om at han visste eller måtte vite at «køyraren var påverka av alkohol».

Dissens 3-2. – Erstatningskravet vart med heimel i bilansvarslova § 7 1. ledd redusert med 50 % og fastsett samla for meinerstatning, lidd tap og tap i framtidig erverv til kr 800 000 etter ei konkret vurdering. Kapitaliseringsrenta vart sett til 6 %. Bileigaren som sat ved sida av bilføraren, vart i regressomgangen pålagd å betale forsikringsselskapet kr 50 000 med heimel i forsikringsvilkåra § 6, jf. § 12, og avgrensa etter lempingsregelen i bilansvarslova § 12.

Les meir om bilansvaret på personskadeportalen.no.