Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Samandrag – Tolking av rettsreglane i erstatningsretten

Erstatningsvilkåra Rettsleg grunnlag Tolking
Ansvarsgrunnlag Ulike rettslege grunnlag for ulike skadevaldarar Heimel/rettsleg grunnlag for erstatning.
  • Det kan vere lovfesta eller ulovfesta. Døme: Skadeserstatningslova § 1-1 eller den ulovfesta culparegelen.
Det kan vere subjektivt eller objektivt. Det vil seie at det krevst skuld hos skadevaldaren, eller det blir lagt ansvar utan at skadevaldaren har vist skuld. Døme: Det krevst forsett eller aktløyse hos barn, eller foreldra kan få ansvar både der dei har utvist skuld, og der dei ikkje har skuld i sjølve skaden.
Årsakssamanheng Ulovfesta. Utslag av dette prinsippet i dei ulike ansvarsgrunnlaga Årsakskravet er oppfylt dersom skaden ikkje ville ha skjedd om handlinga blir tenkt borte. Handlinga er nødvendig vilkår for at skaden kjem. Men ho treng ikkje vere tilstrekkeleg.
Påreknelegheit Ulovfesta. Utslag av dette prinsippet i dei ulike ansvarsgrunnlaga Det må vere mogleg å sjå konsekvensen av handlinga på førehand. Kravet er også formulert som at det må liggje føre ein «nødvendig nærhet i årsaksforholdet».
Økonomisk tap Delvis ulovfesta og delvis utslag i lov, til dømes skl. § 4-1. Tapet kan målast i pengar.
Ansvarsgrunnlag for vaksne Rettsleg grunnlag Tolking
Ulovfesta skuldansvar (culparegelen) Culparegelen. Skuld (latin).
«Aktlaust»: Ansvar oppstår ved aktløyse – uforsvarleg åtferd. Norma er forankra i det som på vedkommande livsområde er ein tilfredsstillande, forsvarleg handlemåte. Spørsmålet er korleis ein fornuftig aktsam person ville ha handla i ein tilsvarande situasjon. Men det er også eit spørsmål om skadevaldaren kunne ha handla annleis og dermed unngått skaden. Vi spør om skadevaldaren har handla slik ein med rimelegheit kan krevje av han eller henne. Den som oppfører seg i samsvar med skikk og bruk, sedvanar og den alminnelege rettsoppfatninga, vil normalt ikkje handle aktlaust. «Forsettleg»: Gjere handlinga med vilje.
Ansvarsgrunnlag for barn og ungdom Skadeserstatningslova Tolking
Skl. § 1-1 «Under 18 år»
«Aktlaust» eller «forsettleg»: Blir målt opp mot barn på same alder og i same situasjon.
  • Eit objektivt element (samanlikning med andre barn).
  • Eit subjektivt element (utviklingsnivået til dette barnet).
«Rimeleg»: Erstatningsansvaret kan bli sterkt nedsett eller falle bort etter denne rimelegheitsvurderinga. Her tek ein omsyn til:
  • Alder. Det er ikkje sett ei aldersgrense i lova, men det følgjer av rettspraksis, juridisk teori og forarbeid at det er ei nedre aldersgrense. Ho er meir skjønsmessig og blir vurdert i medhald av skuldkravet.
  • Utvikling. Det bør vere høve til å ta eit visst omsyn til ikkje berre alder, men også det modningsnivået barnet står på. Det kan til dømes vere rimeleg å leggje til grunn ei strengare aktsemdsnorm overfor ein 12-årig skadevaldar som står på 15-årstrinnet i den intellektuelle utviklinga, enn overfor ein 12-årig skadevaldar som står på 9-årstrinnet. Også fysisk utvikling kan vere relevant.
  • Åtferd. Grovt klanderverdig handling taler imot lemping.
  • Økonomisk evne. Ansvarsforsikring kan spele inn. Har barnet slik forsikring eller er dekt av forsikringa til foreldra, vil manglande betalingsevne hos barnet vere irrelevant.
  • Forholda elles. Døme: Barnet har vakse opp i eit uheldig miljø.
Ansvarsgrunnlag for foreldre Skadeserstatningslova Tolking
Subjektivt ansvarsgrunnlag Skl. § 1-2 nr. 1 «… latt det mangle på tilbørlig tilsyn (…) ikke har gjort det som etter forholdene er rimelig å kreve av dem for å hindre skadeforvoldelse»: Foreldra kan klandrast dersom dei har forsømt tilsynet i ein situasjon der dei burde ha passa betre på, eller dersom dei ikkje har gjort det som vi med rimelegheit kan krevje for å hindre at barna gjer skadeverk. Det skal «adskillig svikt til», jf. forarbeid og rettspraksis.
Objektivt ansvarsgrunnlag Skl. § 1-2 nr. 2 Uansett eiga skuld.
Forsettleg eller aktlaust: Det må vere påvist skuld hos barnet etter § 1-1, og barnet må ha skuldevne. Det objektive ansvaret foreldra har, gjeld ikkje for skadar som barn under skolepliktig alder har gjort, fordi dei ikkje har skuldevne.
Foreldreansvaret er avgrensa opp til kr 5 000 for kvar skadevalding: Fleire skadar som har skjedd på same stad og til same tid blir rekna som éi skadevalding. Summen på kr 5 000 gjeld per barn. Om tre gutar gjer skade for kr 15 000, må den skadelidde ha krav på dekning fullt ut, anten frå tre foreldrepar eller frå eitt foreldrepar som har tre gutar.
Ansvarsgrunnlag for arbeidsgivarar Skadeserstatningslova Tolking
Skl. § 2-1 Det er objektivt ansvar for arbeidsgivar for forsettlege eller aktlause handlingar frå ein arbeidstakar. Vanleg culpavurdering. Moment her er om arbeidstakaren har handla forsvarleg, om han eller ho har opptredd slik det er vanleg innanfor yrket sitt, risiko for skade, handlingsalternativ, kunnskap, tidsmomentet.
Arbeidstakaren går utanfor det som det er rimeleg å rekne med: Skaden må ha skjedd i tenesta. Det må vere faktisk samanheng mellom skaden og arbeidsforholdet. Det blir avgrensa mot skadar som ikkje står i rimeleg samanheng med arbeidsforholdet. Spørsmålet er kva som er rimeleg å rekne med i det aktuelle arbeidsforholdet.
Ansvarsgrunnlag for skadar som er påførte av bilar Bilansvarslova Tolking
Bal .§ 4 «Gjer ei motorvogn skade, har skadelidaren krav på skadebot hjå det trygdelaget som vogna er trygda i (…) endå om ingen er skuld i skaden».
  • «skadelidaren»: Den skadelidde
  • «skadebot»: Erstatning
  • «hjå det trygdelaget som vogna er trygda i»: Av det forsikringsselskapet bilen er forsikra i. Den forsikringa alle bileigarar må teikne for å dekkje dei skadane bilen måtte vere årsak til, gir den skadelidde eit direkte krav mot forsikringsselskapet. Den skadelidde treng derfor ikkje gå vegen om den skadevaldande bilisten.
  • «endå om ingen er skuld i skaden»: Forsikringsselskapet må dekkje skaden sjølv om ingen er skuld i skaden. Ansvaret er altså objektivt.
Ansvarsgrunnlag for skadar som er påførte av produkt Produktansvarslova Tolking
Pal. § 2-1 Objektivt ansvar.
«Produsenten plikter å erstatte skade som hans produkt volder og som skyldes at det ikke byr den sikkerhet som en bruker (…) med rimelighet kunne vente.»
«Volder»: Krav om samanheng mellom bruk av p-pille og hjerneslag.
«Med rimelighet kunne vente»: Krav om påreknelegheit.
I spørsmålet om årsakssamanheng uttalte Høgsterett mellom anna dette: «Årsakskravet mellom en handling eller unnlatelse og en skade, er vanligvis oppfylt dersom skaden ikke ville ha skjedd om handlingen eller unnlatelsen tenkes borte. Handlingen eller unnlatelsen, er da en nødvendig betingelse for at skaden inntrer.» Årsakskravet er oppfylt dersom skaden ikkje ville ha skjedd om handlinga blir tenkt borte. Handlinga er eit nødvendig vilkår for at skaden kjem.
Rettsgrunnlag Ansvarsgrunnlag for skadar som er påførte av bedrifter
Objektivt ansvar Ulovfesta Kven er nærmast til å bere risikoen for den skadevaldande handlinga? Viktige moment:
  • Er faren for skade ekstraordinær? Skadeevna ved verksemda må vere vesentleg større enn den alminnelege risikoen i dagleglivet. Det er skilnad på ein nitroglyserinfabrikk og ein matbutikk.
  • Er det en stadig – overhengande – fare for at skade vil kunne skje? Stadig lekkasjerisiko er eit døme på slik fare.
  • Er skaden typisk for verksemda? Dette er eit krav om påreknelegheit. Kravet til påreknelegheit på objektivt grunnlag er strengare enn på subjektivt grunnlag. Knuste ruter er påreknelege skadar etter ein eksplosjon, men kanskje ikkje sjokkskadar.
  • Pulverisering: Er verksemda forsikra mot slik skade? Reglane om det objektive ansvaret heng saman med dei faktisk eksisterande forsikringsmoglegheitene. Det er ei risikospreiingslære ved at erstatningsbeløpet blir henta frå forsikringspremiane som er betalte av mange. Når domstolane i argumentasjonen sin for å påleggje objektivt ansvar framhevar høvet skadevaldaren har for å teikne ansvarsforsikring, er det pulveriseringseffekten som er grunnlaget for denne tanken.
  • Interesseavveging: Har den skadelidde eller skadevaldaren størst interesse i verksemda som fører til skade?
  • Prevensjon: Har den skadelidde eller skadevaldaren høve til å førebyggje skaden?
Subjektivt ansvar Ulovfesta Dersom personar i den øvste leiinga i bedrifta kan klandrast for handlingar eller mangel på handlingar som har ført til skade. Døme: Å tilsetje ein alkoholisert kaptein, ikkje å utstyre eit skip med nødvendig sikkerheitsutstyr eller ikkje sørgje for nødvendig vedlikehald.