Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 191–192

4.2.1

Tvisten reiser spørsmål om Bjørn kan få erstatningsansvar for dei skadane som oppstod i samband med eksplosjonen under kjemiforsøket.

Ansvarsgrunnlaget
Ansvarsgrunnlaget er den ulovfesta skuldregelen.

Kravet til ansvarsgrunnlag er oppfylt dersom vi kan konstatere at Bjørn var aktlaus. Spørsmålet om aktløyse blir avgjort etter ei nærmare vurdering av dei momenta som vanlegvis inngår i aktsemdsvurderingar.

For det første har skolen eit reglement (forskrift) for elevforsøk i fysikk, kjemi og andre realfag. Bjørn har truleg brote skolereglementet på fleire punkt. Han hadde for mange elevar under forsøket. Det kan ha ført til at han ikkje makta å overvake og føre nødvendig kontroll med kva elevane dreiv med. Fleire elevar vart skadde i auga som følgje av at dei ikkje brukte vernebriller. Luftinga var heller ikkje etter forskriftene. Dersom Bjørn ikkje kjende til reglementet, burde han ha spurt leiinga om det låg føre eit slikt reglement. Som kjemilærar burde Bjørn vite kva for farar som kan oppstå, og kva for sikringstiltak ein må setje i verk under slike eksperiment. Bjørn har derfor ikkje opptredd som ein elles fornuftig og aktsam kjemilærar, ville ha gjort i eit tilsvarande forsøk. Vi kan derfor konkludere med at Bjørn har brote forskrifter og uskrivne reglar om korleis ein lærar skal gjennomføre forsvarlege forsøk i undervisninga.

Eit anna viktig moment er om handlinga (å utføre dette kjemieksperimentet) var farleg eller ikkje. Augeskadane elevane fekk, viser at denne handlinga kan karakteriserast som farleg. Her kan vi i tillegg nemne at handlinga kunne hatt stor skadeevne for elevane, som er eit anna moment i aktsemdsvurderinga. Dette burde Bjørn ha forstått, og handlinga hans kan derfor reknast som aktlaus.

Det blir konstatert at kravet til ansvarsgrunnlag etter den ulovfesta skuldregelen er oppfylt.

Årsakssamanheng
Det er sannsynleg at det ligg føre ein årsakssamanheng mellom skadane og brotet på forskriftene. Dersom den skadevaldande handlinga blir tenkt borte, ville skadane ikkje komme. Med færre elevar kunne Bjørn hatt betre kontroll med kva som gjekk føre seg. Eksplosjonen kunne ha vore unngått med tilstrekkeleg lufting, og elevane kunne unngått skadar i auga dersom Bjørn hadde sørgt for at dei hadde brukt vernebriller. Dermed kan vi konkludere med at det ligg føre ein tilstrekkeleg årsakssamanheng mellom handlinga og skaden.

Påreknelegheit
Det er pårekneleg at desse skadane kunne komme som følgje av forskriftsbrotet i og med det ligg føre ein nær samanheng mellom den uforsvarlege handlinga og dei påfølgjande skadane. Bjørn burde ha sett faremomenta. Augeskadar er noko av det nærmaste ein kan tenkje seg som følgje av uforsiktig gjennomføring av elevøvingar i kjemi. Konklusjonen blir etter dette at kravet til påreknelegheit er oppfylt.

Økonomisk tap
Det ligg føre eit økonomisk tap fordi elevar med augeskadar har rekningar frå legebesøk. Konklusjonen blir at det ligg føre eit økonomisk tap.

I dette tilfellet ligg det føre personskadar. I slike tilfelle er det viktige reglar om unntak frå kravet til økonomisk tap ein har lidd. I tillegg til tap for lidd økonomisk skade vil elevane ha krav på erstatning for tap i framtidig erverv og for framtidige utgifter. Augeskadar kan føre til slike tap, jf. skadeserstatningslova § 3-1. Dessutan vil elevane ha krav på eventuell meinerstatning etter § 3-2, eventuelt § 3-2 a, dersom dei ikkje har fylt 16 år. Ved betydelege augeskadar kan meinerstatning bli utmålt til betydelege beløp.

Dersom Bjørns aktløyse blir rekna som grov, kan det også bli aktuelt for nokre av elevane å krevje oppreising etter § 3-5. Det er neppe aktuelt i eit tilfelle som dette.

Konklusjon
Konklusjonen blir at Bjørn har pådrege seg eit erstatningsansvar overfor dei skadde elevane sidan alle erstatningsvilkåra er oppfylte.

Kommentar:
Oppgåva er plassert før framstillinga av arbeidsgivaransvaret på side 207. Det mest praktiske for dei skadelidde er å halde skolen erstatningsansvarleg som arbeidsgivar for Bjørn. Eit sjølvstendig erstatningsansvar for Bjørn kan bli betydeleg nedsett etter reglar om lemping, jf. § 5-2, noko som ikkje er tilfellet i same grad for krav som blir retta mot skolen.

4.2.2

Tvisten dreier seg om legen kan bli erstatningsansvarleg etter feilmedisinering av pasient. Eit eventuelt ansvarsgrunnlag er den ulovfesta skuldregelen (culparegelen). (Historia er fortald meg av ein lege og skal visstnok stamme frå verkelegheita.)

Ansvarsgrunnlaget
Spørsmålet er om vilkåra for å konstatere aktløyse er oppfylte. Vi vurderer derfor handlinga ut frå dei momenta slik det er vanleg i slike aktsemdsvurderingar.

Legen kan ha brote forskrifter om kontroll av medisinering. Alle sjukehus har strenge reglar for kontroll i samband med medisinering. Dessutan vil uskrivne reglar om slik kontroll sikkert vere brotne når ein lege utan nærmare undersøkingar og sjølvstendige vurderingar legg til grunn ei eiga tolking av etiketten på medisinboksen. Sjølv om den språklege forståinga av 2 piller x 1 gir rom for tolking, er det kritikkverdig av legen ikkje å spørje andre til råds. Han kunne til dømes spurt pasienten.

Skadeevna til feilmedisinering er stor fordi feil dosering kan føre til døden. Dette taler for skjerpa krav til aktsemda.

Vi konstaterer at det ligg føre ansvarsgrunnlag i den ulovfesta skuldregelen.

Årsakssamanheng
Her er det ikkje tvil om årsakssamanhengen. Det er tydeleg at handlinga til legen (feildosering) førte til døden for pasienten, og at det derfor er ein direkte samanheng mellom handlinga og følgja av handlinga.

Påreknelegheit
Vilkåret for påreknelegheit er også oppfylt i og med det var ein nær samanheng mellom det å gi for mykje medisin og døden. Legen burde forstå og sjå på førehand konsekvensen av feilmedisinering.

Økonomisk tap
Tap av forsørgjar for etterlatne er økonomisk tap som gir erstatning, slik at vilkåret er oppfylt.

Konklusjon
Sidan alle vilkåra er oppfylte, konkluderer vi med at legen kan få erstatningsansvar etter den ulovfesta skuldregelen.

Det er nok mest praktisk for dei etterlatne å vise til arbeidsgivaransvaret i § 2-1 som grunnlag for erstatningskravet.

4.2.3

Spørsmålet er om Petter kan få erstatningsansvar.

Ansvar føreset for det første eit ansvarsgrunnlag. Det mest aktuelle ser ut til å vere den ulovfesta skuldregelen. Petter må kunne klandrast for å ha handla aktlaust. Det er opplyst at han mista kontrollen over grasklipparen. Vi reknar med at det er nok til å konstatere aktløyse og grunnlag for ansvar.

Det kan i prinsippet stillast spørsmål om ansvar på grunnlag av bilansvarslova. Denne lova gjeld skade som «motorvogn gjer». Dersom grasklipparen er motorvogn i medhald av bilansvarslova § 3, får Petter objektivt ansvar for skadane. Vi har ikkje nok opplysningar om grasklipparen til å avgjere om han kan vere motorvogn, og vi legg derfor til grunn at bilansvarslova ikkje blir nytta.

Det ligg føre årsakssamanheng mellom handlinga og tapet. Spørsmålet blir om heile tapet skal vurderast som pårekneleg.

Dersom retten meiner at eit økonomisk tap på kr 100 000 er urimeleg, og ønskjer å avgrense ansvaret til seljaren, må ein anten erkjenne at full erstatning er kr 100 000, men at ansvaret kan lempast etter skadeserstatningslova § 5-2. Ei anna moglegheit er å vurdere delar av tapet som upårekneleg. I dommen om student Skridshoels hund i RT-1877-828 kom fleirtalet fram til at studenten skulle betale full erstatning for ei spesielt verdifull spegelglasrute som vart knust som følgje av at studenten handterte hunden sin uforsiktig. Lødrup nemner i Erstatningsrett (Gyldendal, 5. utgåve, side 295) at full erstatning er hovudregelen i norsk rett. Skadeserstatningslova § 5-2 kan føre til lemping, særleg når skuldgraden blir sett på som liten. Vi går derfor ut frå at Petter i utgangspunktet må betale kr 100 000 i erstatning, men det er nokså sannsynleg at kravet kan lempast etter § 5-2. Kor mykje det blir, overlèt eg til ein diskusjon mellom lærar og elevar der Petters skuldgrad bør spele ei avgjerande rolle for resultatet.

4.2.4

Læraren har løysingsforslag