Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Erstatningsoppgjeret

  1. Kva slags tap kan krevjast erstatta ved personskadar? For erstatning av personskadar er prinsippet full erstatning, jf. skadeserstatningslova § 3-1. Den skadelidde skal ikkje lide noko økonomisk tap som skaden har vore årsak til. Reglane om erstatningsutmålinga føreset full erstatning ut frå det synet at den skadelidde skal stillast økonomisk i same situasjon som før skaden.
  2. Kva kan krevjast erstatta ved skadar på ting? For erstatning av tingskade er prinsippet full erstatning, jf. skadeserstatningslova § 4-1. Den skadelidde skal ikkje lide noko økonomisk tap som skaden har vore årsak til. Reglane om erstatningsutmålinga føreset full erstatning ut frå det synet at den skadelidde skal stillast økonomisk i same situasjon som før skaden.
  3. Nemn nokre døme på medverknad frå den skadelidde. Den skadelidde kan ha passert ei sperring på fortauet og komme seg inn i eit farleg byggjeområde eller teke risikoen ved å arbeide farleg nær høgspentleidningar.
  4. Kva har medverknad frå den skadelidde å seie for eit eventuelt erstatningsansvar? Erstatninga kan setjast ned eller falle bort dersom den skadelidde har medverka til skaden ved eiga skuld, jf. skadeserstatningslova § 5-1.
  5. Kva meiner vi med aksept av risiko? Medverknad omfattar også aksept av risikoen. Fotballspelarar og andre som er med i risikosport, har akseptert ein høg skaderisiko. Dei kan da ikkje krevje skadevaldaren for erstatning når skaden rammar. Medverknad frå barn under ti år skal likevel ikkje føre til nedsett erstatning, jf. § 5-1 nr. 1 siste punktum.
  6. Forklar kva vi meiner med lemping av erstatningsansvar. Erstatningsansvaret kan lempast dersom retten finn det urimeleg tyngjande for den ansvarlege, jf. § 5-2. Det kan til dømes vere urimeleg tyngjande for ein skoleelev på 19 år å få eit erstatningsansvar på 500 000 kroner.
  7. Når er lemping av erstatningsansvar aktuelt? Vilkåret om rimelegheit i skadeserstatningslova § 1-1 er også ein lempingsregel. Dersom ein 17-åring gjer skade for 200 000 kroner, følgjer høvet til å lempe ansvaret direkte av § 1-1.