Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Ansvar – barn, ungdom, foreldre og arbeidsgivar

  1. Kva for moment er det vanleg å ta med i vurderinga når ein skal ta stilling til erstatningsansvaret barn har for skadevaldande handlingar etter skadeserstatningslova § 1-1? I vurderinga av aktsemd skal ein ta omsyn til alderen og utviklinga til barnet. I rimelegheitsvurderinga skal ein ta omsyn til utvist åtferd, økonomisk evne og forholda elles, som til dømes om skadevaldaren har ei forsikring som vil dekkje skaden.
  2. Kvar finn vi reglen om det objektive ansvaret til foreldra, og kva går denne regelen ut på? Foreldre kan få erstatningsansvar på objektivt grunnlag (utan omsyn til eiga skuld) etter skadeserstatningslova § 1-2. Objektivt ansvar vil seie at nokon får ansvar utan å ha gjort ei aktlaus handling. Vilkåra for erstatningsansvar på objektivt grunnlag er at foreldra bur saman med og har omsorga for barnet eller ungdommen, og at skaden skuldast aktløyse av den mindreårige.
  3. Kva inneber arbeidsgivaransvaret i erstatningsretten? Ein arbeidsgivar svarer for skade som ein arbeidstakar gjer forsettleg eller aktlaust i tenesta, jf. skadeserstatningslova§ 2-1 nr. 1. Ansvaret er objektivt, men arbeidstakaren må ha utvist skuld. Det vil seie at vi må ta ei culpavurdering av handlinga. Arbeidsgivaren får ansvar dersom skaden har skjedd innanfor det normale arbeidsområdet til arbeidstakaren. Skaden må vere gjord i teneste og må ha oppstått som ei naturleg følgje av arbeidet.