Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Erstatningsvilkår og skuldansvar

Lovgivinga har hatt ei beskjeden rolle innanfor erstatningsretten historisk sett. Rettspraksis og juridisk teori har dominert. I dag speler lovgivinga ei meir aktiv rolle. Skrivne lover har auka tilgjengelegheita og skapt meir oversikt og klarheit i erstatningsretten. Likevel er rettspraksis ei viktig rettskjelde.

  1. Nemn dei fire vilkåra som må vere oppfylte for å få medhald i eit erstatningssøksmål. For å få gjennomslag for eit erstatningskrav må vi kunne påvise at alle desse fire vilkåra er oppfylte: ansvarsgrunnlag, årsakssamanheng, påreknelegheit og økonomisk tap.
  2. Kva er skilnaden på forsett og aktløyse som skuldgrad? Forsett og aktløyse er ei gradering av skuldgraden ved ei skadegjerande handling. Ei skadegjerande handling som er gjord forsettleg, er gjord med vilje – planlagd. Dersom skadevaldaren kan klandrast for uforsvarleg åtferd, ligg det føre aktløyse. Skadevaldaren burde forstå at handlinga hadde ein risiko for å påføre andre ein skade. Norma er korleis ein fornuftig person ville ha handla i ein tilsvarande situasjon.
  3. Kva er skilnaden på aktløyse og hendeleg uhell? Dersom skadevaldaren kan klandrast for uforsvarleg åtferd, ligg det føre ei aktlaus handling som fører til erstatningsansvar. Skadevaldaren burde forstå at handlinga hadde ein risiko for å påføre andre ein skade. Men eit hendeleg uhell kan skje alle. I desse tilfella kan ingen klandrast. Det er derfor ikkje grunnlag for eit erstatningssøksmål.
  4. Kva meiner vi med omgrepet årsakssamanheng i erstatningsretten? Årsakssamanheng er eit alminneleg vilkår for erstatningsplikt. Finst det ingen samanheng mellom ei handling og følgja av handlinga, er spørsmålet om ansvar uaktuelt. Årsakskjeda må vere klar og logisk.
  5. Kva meiner vi med omgrepet påreknelegheit i erstatningsretten? Påreknelegheit som erstatningsvilkår inneber at det er mogleg å sjå på førehand konsekvensane av ei handling. Vi seier at det må vere nærleik mellom handling og skade. Skaden må vere ei direkte følgje av handlinga.