Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Erstatning

Erstatningsretten, forsikringsretten og trygderetten har ein felles funksjon når det gjeld behovet for økonomisk tryggleik. Dei skal redusere dei økonomiske følgjene av ein skade – anten det er skade på person eller ting. Erstatningsretten byggjer i særleg grad på eit prevensjons- og reparasjonsomsyn.

  1. Kva går prevensjonsomsynet ut på? Erstatningsreglane skal verke preventivt. Dei skal oppdra folk til å opptre aktsamt og forsiktig. Trusselen om erstatning skal skremme nye skadevaldarar og dei som alt har gjort slike handlingar, frå å gjere dei på nytt.
  2. Kva går reparasjonsomsynet ut på? Reparasjon betyr at den skadelidde får erstatta kostnadene ved å reparere skaden. Den skadelidde skal stillast i same økonomiske situasjon som han eller ho var i før skaden.
  3. Kva har omgrepa erstatning, forsikring og trygd til felles? Det er ein nær samanheng mellom dei omsyna erstatningsretten byggjer på, og dei resonnementa som dannar basis for forsikringsretten og trygderetten. Rettsområda har det til felles at ein skal vurdere om det finst grunnlag for å gi økonomisk kompensasjon, slik at skade på ting eller personar kan reparerast og tap erstattast.
  4. Gjer greie for skilnaden mellom erstatningsretten og forsikrings- og trygdeordningar. Erstatningsreglane føreset at det er ein kjend skadevaldar, og at vedkommande har midlar til å reparere skaden som har skjedd. Utbetaling frå forsikring på grunn av skadar føreset at det er inngått ein forsikringsavtale. Trygdeordningane er inga frivillig sak. Medlemskap i folketrygda er obligatorisk. Dette er eit sosialt stønadssystem som skal gi kvar enkelt eit grunnleggjande vern mot tap av inntekt og store utgifter ved sjukdom og skade. Sjølv om skadevaldaren ikkje har evne til å betale erstatning, er den skadelidde sikra økonomisk gjennom trygdesystemet.
  5. Er erstatningsansvar aktuelt ved eit hendeleg uhell? Eit hendeleg uhell kan skje alle, og ingen kan klandrast. Det er derfor ikkje grunnlag for eit erstatningssøksmål.