Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 229

4.6.1

Ansvarsgrunnlaget er bilansvarslova § 4. Alle dei skadelidne har krav på erstatning frå forsikringsselskapet til bilen. Føresetnaden er at bilen har gjort skaden, jf. formuleringa «gjer». Det er ikkje tvil om at bilen gjorde skaden i dette tilfellet.

Forsikringsselskapet vil vurdere alle påståtte skadar i forhold til «motorvogn gjer». I det ligg ei vurdering av årsakssamanheng og påreknelegheit som i praksis kan føre til mange spørsmål. Vi må i dette tilfellet gå ut frå at personskadane på kr 1 000 000 for kvar var ei pårekneleg følgje av den skadevaldande handlinga.

Forsikringsselskapet vil etter dette bli ansvarleg for kr 1 000 000 til kvar av dei skadelidne. Skaden på bilen, som vart kr 100 000, blir etter bilansvarslova § 5a ikkje dekt av forsikringsselskapet med mindre det er teikna eiga kaskoforsikring.

Etter at selskapet har utbetalt forsikringsbeløp på totalt kr 3 000 000, vil det vurdere om det er grunnlag for regress mot bilføraren i medhald av bilansvarslova § 12. Etter punkt a i denne regelen kan selskapet krevje pengar attende frå føraren dersom han har vore grovt aktlaus. Spørsmålet blir da om det er grovt aktlaust å søkje etter ein ny radiokanal mens ein køyrer. Aktløysa til ein bilførar må vurderast mot dei strenge krava som av omsyn til trafikksikkerheita blir stilte til ein bilførar. Køyring mot raudt lys, høg fart i tettbygd strøk, omsynslaus forbikøyring osv. kan lett bli rekna som grov aktløyse. Det er sparsamt med rettspraksis om kvar grensa mellom grov og alminneleg aktløyse skal gå. I Avkortingsnemnda (AKN) er det ein god del praksis. Her er nokre døme frå praksisen i nemnda på forhold som vart vurderte som grovt aktlause:

  • Bilførar leita etter myntar som han skulle bruke til bomringen, og køyrde på bilen framanfor.
  • Bilførar sovna ved rattet.
  • Bilførar skifta kassett i kassettspelaren.
  • Bilførar fiska opp solbriller som hadde ramla ned mellom setet og handbrekket.

Døma taler for at Anton var grovt aktlaus. Han risikerer derfor at forsikringsselskapet heilt eller delvis rettar regresskrav mot han. Kravet kan likevel lempast etter skadeserstatningslova § 5-2. Dersom selskapet krev full regress på kr 3 000 000, vil ansvaret nokså sikkert bli sett betydeleg ned.

Anton kan også haldast personleg ansvarleg overfor dei skadelidne, det vil her seie Marie og Trine, etter den vanlege skuldregelen i erstatningsretten, sjå bilansvarslova § 11. Det er lite praktisk å gjere dette når dei skadelidne har eit forsikringsselskap å rette kravet mot, men teknisk sett kan dei setje fram krav både mot selskapet etter § 4 og mot bilføraren personleg etter skuldregelen. Skulle begge bli ansvarlege, får dei solidarisk ansvar, jf. skadeserstatningslova § 5-3. Kravet mot Anton kan også i dette tilfellet bli lempa etter skadeserstatningslova § 5-2.

4.6.2

Vi kan først stillet spørsmålet om Petter Ås, som eigar av grasklipparen, kan få objektivt ansvar på grunnlag av bilansvarslova § 4. Spørsmålet er da om grasklipparen er å rekne som motorvogn som går inn under forsikringsplikta i lova, sjå bilansvarslova § 15. Dersom grasklipparen er ei slik motorvogn, får Petter objektivt ansvar og må erstatte skadane på tulipanane til naboen.

Ein sjølvgåande grasklippar er i utgangspunktet ei motorvogn etter § 3 første ledd fordi han har eigen framdriftsmotor og går på bakken. Det er likevel lite rimeleg at lova skal omfatte alle sjølvgåande grasklipparar, til dømes når dei er så små at dei ikkje er eigna til å køyre på vegen og ut i trafikken for å bli flytta frå stad til stad. Departementet kan derfor i medhald av § 3 fjerde ledd vedta forskrifter som ser bort frå nokre motorvogner, av dei nokre grasklipparar, i lova. Departementet har derfor i ei slik forskrift vedteke: «I medhald av § 3 fjerde leden vert fastsett at lova ikkje skal gjelda for motorvogner som er bygde for største køyrefart 10 km/ time og som det er vanskeleg å endre til større køyrefart.»

Dette inneber mellom anna at grasklipparar som ikkje er bygde for å køyre raskare enn 10 km/t, ikkje er omfatta av bilansvarslova. Ein må derfor ta ei konkret vurdering av grasklipparen til Peder Ås. Det er opplyst at han går på fire hjul, og at han har førarsete og ratt. Det kan tyde på at han er eigna til å køyre fortare enn 10 km/t, og at han kan køyrast på veg for å bli flytta frå stad til stad. I så fall blir konklusjonen at naboen kan krevje erstatning av det forsikringsselskapet der klipparen skal vere forsikra (§ 4).

Dersom klipparen skulle vore, men ikkje er forsikra, kan naboen krevje erstatning av Forsikringsforeininga, sjå § 10.

Sidan vi ikkje har nok opplysningar om grasklipparen til å avgjere heilt sikkert om han går inn under lova, er det sjølvsagt fullt forsvarleg å komme til at bilansvarslova ikkje gjeld.

Petter Ås kan også få erstatningsansvar på grunnlag av skadeserstatningslova § 1-2 nr. 1 (skuldansvaret til foreldra). Opplysningane om at nøkkelen stod i, og at Petter såg at sonen klatra opp på grasklipparen utan å gjere noko med det, kan tyde på at det ligg føre skuldansvar.

Dei fleste heimforsikringane har vilkår der selskapet dekkjer aktlause handlingar familiemedlemmer gjer. Eg har også sett slike vilkår som uttrykkjeleg slår fast at selskapet dekkjer skadar som grasklipparar som ikkje kan køyre fortare enn 10 km/t, gjer. På grunn av eigendel er det lite truleg at Petter vil la forsikringsselskapet sitt dekkje skadane. Løysinga blir at han dekkjer skadane på tulipanane utan at han trekkjer inn forsikringsselskapet sitt.

Objektivt foreldreansvar på grunnlag av § 1-2 nr. 2 er neppe aktuelt sidan dette føreset aktløyse av barnet. Jonas er berre sju år gammal. Handlinga hans kan derfor ikkje karakteriserast som aktlaus. Handlinga er berre eit utslag av naturleg leik og nysgjerrigheit. Det er derfor heller ikkje grunnlag for å halde sonen ansvarleg etter § 1-1.

4.6.3

Dei rettslege spørsmåla i oppgåva blir løyste med utgangspunkt i reglane i bilansvarslova.

  1. Erstatningsoppgjeret
    Det er ein bil som har gjort skaden. Ansvarsgrunnlaget vil dermed vere bilansvarslova § 4. Sidan bilen skulle vore, men ikkje var forsikra, kan den skadelidde rette kravet mot Forsikringsforeininga, jf. § 10 og formuleringa «bera skaden i lag». Forsikringsforeininga kan, etter å ha betalt erstatning til skiløparen, rette regresskrav mot den som har forsømt forsikringsplikta si (Arne, som eigar) eller mot føraren (Kristin), sjå § 13. Dersom krava er urimeleg store, kan det bli aktuelt med lemping.
  2. Kven skiløparen kan krevje erstatning av
    Skiløparen kan først og fremst krevje erstatning av Forsikringsforeininga etter bilansvarslova § 13. Han kan også velje å rette kravet direkte mot skadevaldaren, det vil seie mot Kristin som førar av bilen, og mot Arne som «sjåførlærar». Grunnlaget for eit slikt krav er likevel den ulovfesta skuldregelen. Opplysningane i oppgåva kan tyde på at det er vanskeleg å konstatere aktløyse hos Arne eller Kristin. Det kan verke som om heile ulykka var skiløparen si skuld. Det er derfor aktuelt å vurdere nedsetjing av erstatningsbeløpet på grunn av medverknad frå den skadelidde. Grunnlaget for slik nedsetjing er bilansvarslova § 7 dersom kravet byggjer på bilansvarslova, eller skadeserstatningslova § 5-1 dersom kravet byggjer på vanlege erstatningsreglar.
  3. Personleg ansvar
    Fordi skaden er gjord av ei motorvogn, vil skiløparen kunne krevje erstatning av forsikringsselskapet til bilen. Det einaste som da skal bevisast, er at motorvogna er årsaka til skaden. Teoretisk sett kan skiløparen halde bilføraren personleg ansvarleg. Meir praktisk er det at Forsikringsforeininga som utbetaler forsikring til skiløparen, kan krevje beløpet attende frå den som har forsømt å forsikre bilen, eller frå den som køyrde, jf. § 13. Arne og Kristin får på den måten eit personleg ansvar overfor Forsikringsforeininga.