Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 250

  1. Kva er «full erstatning»?

    Når vilkåra for erstatning er oppfylte, skal den skadelidde ha det økonomiske tapet sitt dekt. Den skadelidde har som hovudregel krav på full erstatning, sjå skadeserstatningslova kapittel 3 og kapittel 4.

    Erstatninga skal dekkje det økonomiske tapet som er ei pårekneleg følgje av handlinga.

    Den sentrale hovudregelen i erstatningsretten er at skadevaldaren må ta den skadelidde som han eller ho er. Har nokon fått langvarige psykiske plager etter ei trafikkulykke, skal tapt arbeidsforteneste som følgje av plagene, erstattast. Det kan føre til at personar med sterk psyke ikkje får erstatning, mens dei meir følsame og sårbare får.

    Sjølv om hovudregelen er full erstatning, kan ansvaret likevel bli redusert som følgje av medverknad frå den skadelidde eller etter reglane om lemping.

  2. Kva kan vere personskader (tap) etter skadeserstatningslova § 3-1?

    Døme på personskade etter § 3-1 er tannskade, nedsett høyrsel, tap av tommelfinger og nedsett syn.

  3. Kva kan gi grunnlag for erstatning etter skadeserstatningslova § 3-2?

    Meinerstatning etter § 3-2 kan krevjast ved varig skade av medisinsk art som får noko å seie for den personlege livsutfaldinga. Ein som må leve resten av livet som blind, døv eller lam, kan krevje erstatning etter denne regelen.

  4. Kva slags regel er skadeserstatningslova § 3-2a?

    Paragraf 3-2a er ein regel om standardisert erstatning til barn som var under 16 år på skadetidspunktet. Regelen er derfor eit lovbestemt unntak frå hovudregelen om full erstatning. Ein 15 år gammal fotballspelar som tener millionar av kroner og blir skadd, skal berre ha erstatning etter standardsatsane i § 3-2a sjølv om det faktiske tapet av framtidig inntekt er mykje større.

    Regelen er grunngitt med den usikkerheita som ligg i å berekne framtidig inntektstap for unge menneske. Ved 100 % uførleik skal det derfor bli gitt ei eingongserstatning for tap i framtidig erverv og meinerstatning på 40 G. I 2018 utgjorde dette litt under kr 4 000 000.

  5. Kva kan gi grunnlag for erstatning etter skadeserstatningslova § 3-5?

    Paragraf 3-5 er ein regel om erstatning for ikkje-økonomisk skade i spesielle tilfelle av personlege krenkingar. Regelen er ei vidareføring av gamle reglar om erstatning for «Tort og Smerte eller for anden Skade af ikke økonomisk art», slik det stod i ei gammal lov. Skadeerstatningslova § 3-2 om meinerstatning overtok det meste av den rolla desse reglane om tort og svie hadde. Regelen er likevel vidareført for dei tilfella der det har skjedd personskade eller grove personlege krenkingar. Da er det mogleg å få ei form for erstatning som er kalla «oppreising», i tillegg til den erstatninga ein kan få etter §§ 3-1 og 3-2.

  6. Kva skal erstattast etter skadeserstatningslova § 4-1?

    Etter skadeserstatningslova § 4-1-skal erstatninga ved skade på ting dekkje det økonomiske tapet til den skadelidde. Erstatningsbeløpet skal rette opp att den økonomiske situasjonen før skaden. Det kan vere aktuelt med erstatning for utgiftene til reparasjon eller til ein ny ting og utgifter til å leige ein tilsvarande ting til situasjonen er retta opp att. Det blir ikkje gitt erstatning for bryderi, tort og svie.

  7. Kva kan vere medverknad til eigen skade etter skadeserstatningslova § 5-1?

    Årsaka til medverknad til eigen skade kan heilt eller delvis vere eiga skuld, anten ved forsett eller ved aktløyse. Det blir også rekna som medverknad dersom den skadelidde ikkje aktivt har bidrege til å fjerne eller minske risikoen for at det skulle bli skade.

    I uttrykket «medverknad» kan det liggje samtykke eller aktive medverkande handlingar. Det kan også dreie seg om unnlatingar, til dømes manglande førebygging av skaderisiko gjennom sikkerheitstiltak.

    I Trampettdommen (RT-1997-1081) vart ein vidaregåande skole dømd til erstatningsansvar etter § 2-1 for skade som ein elev fekk i samband med eit mislykka hopp frå ein trampett. Den eventuelle medverknaden frå eleven til skaden med uforsiktig hopping vart vurdert, men retten kom til at eleven ikkje kunne klandrast. Erstatninga vart ikkje sett ned. Dommen er omtalt på side 212 i læreboka, men der er vurderingane av medverknad som retten kom med, ikkje nemnde.

    Vi legg merke til at det i § 5-1 nr. 1, andre setning, er bestemt at medverknad frå barn som ikkje har fylt 10 år, er unnateke regelen. Det vil seie at barn på 9 år eller yngre ikkje kan få medverknadsansvar.

    I Klatredommen (RT-1940-16) fekk ein 8 år gammal gut nedsett erstatning på grunn av medverknad ved å klatre opp i ei høgspentmast. Det finst også andre dommar der barn har fått nedsett erstatning, til dømes i RT-1977-313 (Sementblandardommen), der erstatningsbeløpet til ein 13 år gammal gut vart redusert med 75 % fordi han hadde krope ned i ein sementblandarmaskin. For å styrkje den erstatningsrettslege stillinga til barn og for å redusere talet på tvistar om dette temaet vart § 5-1 endra i 1987. Da vart 10-årsgrensa for medverknadsansvar innført.

  8. Kva er meint med lemping av erstatningsansvar etter §§ 1-1 og 5-2?

    Vilkåret om rimelegheit i skadeserstatningslova § 1-1 er ein lempingsregel. Lempingsreglane er til for at skadevaldaren ikkje skal bli ramma urimeleg hardt. Det vil til dømes nesten alltid vere urimeleg dersom ein ungdom på 15–16 år pådreg seg eit erstatningsansvar på mange millionar kroner.

    Erstatningsansvaret kan lempast dersom retten finn det urimeleg tyngjande for ein skadevaldar med omsyn til storleiken på skaden, den økonomiske evna til den ansvarlege og føreliggjande forsikringar, jf. § 5-2.

    Det er viktig å merke seg at lempingsregelen skal vere ein snever unntaksregel frå hovudprinsippet om at den skadelidde skal ha full erstatning.