Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 183

  1. Kva er eit ansvarsgrunnlag?

    Eit ansvarsgrunnlag er ein lovfesta eller ein ulovfesta regel som seier at ei skadevaldande handling skal føre til erstatningsansvar.

  2. Kva er meint med subjektivt og med objektivt ansvarsgrunnlag? Forklar skilnaden.

    Subjektivt ansvarsgrunnlag vil seie at den som har opptredd aktlaust eller uforsvarleg, får erstatningsplikt overfor den skadelidde. Fordi ansvaret er knytt til dei personlege tankane og handlemåten til skadevaldaren, blir ansvarsgrunnlaget kalla subjektivt. Kjernen i omgrepet er at skadevaldaren er å klandre for at skaden skjedde.

    Objektivt ansvarsgrunnlag vil seie at nokon får ansvar utan å ha gjort ei aktlaus handling. Grunnlaget for objektivt ansvar finn vi både i lovgivinga og i rettspraksis. Det objektive ansvaret byggjer på at skadevaldaren får ansvar sjølv om han eller ho ikkje kan klandrast for skaden.

    Objektivt ansvar byggjer på ei vurdering av kven som bør ha risikoen når skaden skjer. Dersom til dømes ein del av eit taksutspring ramlar ned og råkar ein fotgjengar i hovudet, er det kanskje ingen å klandre for at skaden skjedde. Kven bør da ha ansvaret? Huseigaren eller fotgjengaren? I nokre tilfelle bør huseigaren ta ansvaret. I så fall får han objektivt ansvar.

  3. Kva menes med årsakssamanheng?

    Årsakssamanheng er eit alminnelig vilkår for erstatningsplikt. Kravet til årsakssamanheng følgjer ofte av ein lovtekst, til dømes når skadeerstatningslova § 1-1 seier at barn og ungdom kan få ansvar «som dei valdar», eller når bilansvarslova § 1 snakkar om ansvar for skade som «motorvogn gjer».

    Kravet til årsakssamanheng vart formulert av ein høgsterettsdommar i den sentrale og viktige p- pilledommen II i RT-1992-64. Formuleringa er kjend for å vere pedagogisk og treffande: «Årsakskravet er vanligvis oppfylt dersom skaden ikke ville ha skjedd om handlingen eller unnlatelse tenkes borte.» Den skadevaldande handlinga må derfor ha vore eit nødvendig vilkår for at skaden skulle komme.

    Ei skadeårsak opptrer som regel saman med andre medverkande årsaker. I p-pilledom II var det spørsmål om ei bestemt pille hadde påført den skadelidde eit hjerneslag. Skaden kunne også ha vore resultatet av andre faktorar, til dømes røyking, overvekt, dårleg livsstil eller arvelege eigenskapar. Sjølv om andre årsaker til skaden kunne vere aktuelle, kom retten likevel til at skaden ikkje ville ha skjedd, i alle fall ikkje enno, dersom kvinna ikkje hadde brukt den aktuelle p-pilla. Derfor var kravet til årsakssamanheng oppfylt.

  4. Kva er meint med påreknelegheit?

    Juristane har i fleire hundre år sagt at erstatningsansvaret ikkje kan omfatte alle moglege følgjer av handlingane. Ansvaret bør avgrensast til skadar som har ein rimeleg samanheng med handlinga. Høgsterett sa i Flymanøverdommen i RT-1973-1268 at det må setjast ei grense for erstatningsplikta. Eitt av dei krava som avgrensar erstatningsplikta, er kravet til påreknelegheit.

    Kravet til påreknelegheit inneber at skaden ville vore mogleg å sjå på førehand av ein normalt, forstandig person i same situasjon som skadevaldaren. Dersom det ikkje var mogleg å tenkje seg skaden på førehand, framstår han som så tilfeldig og upårekneleg at han ikkje bør omfattast av erstatningsansvaret.

    Kravet til årsakssamanheng og kravet til påreknelegheit blir av og til vurdert som to skilde vilkår. Skaden hadde til dømes årsakssamanheng med handlinga, men var likevel ei upårekneleg følgje av handling. Skadevaldaren skal derfor frikjennast.

    I andre tilfelle smeltar dei to krava saman til eitt krav. Spørsmålet om årsakssamanheng blir drøfta da berre i forhold til påreknelege krav. Begge innfallsvinklane fører til same resultat: frifinning dersom skaden var upårekneleg.

    Domstolane vil ikkje alltid konstatere erstatningsplikt sjølv om kravet til årsakssamanheng og påreknelegheit i klassisk forstand er oppfylt. Eit døme er Flymanøverdommen. Retten vurderer da kven som er nærmast til å bere risikoen for skaden. I Flymanøverdommen var skaden på eit aureanlegg ei pårekneleg følgje av handlinga når flyet kutta ein høgspentleidning og gjorde oppdrettsanlegget straumlaust. Retten kom likevel til at den skadelidde måtte bere tapet sjølv fordi han var nærmast til å setje i verk tiltak mot straumstans. Også i slike tilfelle kan vurderingane segle under merkelappen påreknelegheit.