Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Det ulovfesta objektive ansvaret

Kompetansemål

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne bruke reglane om det ulovfesta objektive ansvaret.

Innhald

Det ulovfesta objektive ansvaret og omsyn bak
Moment i det ulovfesta erstatningsansvaret
Gesimsdommen og Mønepannedommen

Det ulovfesta objektive ansvaret og omsyn bak

Skadevaldar Ansvarsgrunnlag
Vaksne (over 18 år) Den ulovfesta culparegelen
Barn Skadeserstatningslova § 1-1
Foreldre Skadeserstatningslova § 1-2
Arbeidsgivarar Skadeserstatningslova § 2-1
Bilar (forsikringsselskapet) Bilansvarslova § 4
Produkt (produsentar) Produktansvarslova § 2-1
«Farlege bedrifter» Det ulovfesta objektive ansvaret

4.8.jpg
© Getty Images / Andrey Nekrasov

Når det ved skuldansvaret blir reagert mot handlemåten til skadevaldarar, er det motsette tilfellet ved ansvar på objektivt grunnlag. Her blir det ansvar utan omsyn til om skadevaldaren har opptredd aktlaust eller kan klandrast for at skaden kjem. I Noreg er ansvar på objektivt grunnlag meir utbreidd enn i dei fleste andre land. Ofte kan skadar som er dekte av det objektive ansvaret, sporast attende til aktløyse hos tilsette. Men ved at ansvaret er objektivt og direkte knytt til ei bedrift eller verksemd, slepp den skadelidde å følgje opp årsaksgangen og bevise at ein arbeidstakar har handla aktlaust.

Vi har sett at det er lovfesta objektive erstatningsreglar for skadar som arbeidstakarar har vore årsak til (for arbeidsgivar), bilar og produkt. Eit objektivt ansvar kan vi også utleie uavhengig av lovfesta reglar. Det objektive ansvaret har da grunnlag i rettspraksis. Fleire sentrale dommar frå rundt det førre hundreårsskiftet slo fast at skadevaldaren er den nærmaste til å ta ansvar for ei skadevaldande verksemd eller handling som bedrifta har hatt interesse av. Dette starta som ansvar for «farleg bedrift», slik som sprengstoffabrikkar.

Høgsterett introduserte ansvar for «farleg bedrift» på objektivt grunnlag i RT–1875–330 Lysakerdommen. I Lysaker var det ein sprengstoffabrikk som produserte nitroglyserin. Fabrikken eksploderte og førte til store skadar i området. Høgsterett kom fram til at fabrikken hadde godt vedlikehald, og at fabrikken ikkje kunne få subjektiv skuld fordi årsaka til eksplosjonen ikkje var at bedrifta hadde tilsett uforsiktige arbeidstakarar eller late det mangle nødvendig utstyr for å hindre eksplosjonen. Fabrikken fekk derfor ikkje skuld, men eit objektivt ansvar for skaden som fabrikkeksplosjonen var årsak til.

Den tekniske utviklinga gjorde det altså nødvendig med ein regel som påla ansvar, sjølv om ingen kunne klandrast. Andre døme er skadar med årsak i vassleidningar, høgspentleidningar eller bygardar. «Farleg bedrift»-ansvaret har altså i den seinare tida utvikla seg til å bli eit heilt alminneleg ansvarsgrunnlag i norsk erstatningsrett.

Til toppen

Moment i det ulovfesta erstatningsansvaret

Når vi skal vurdere eit objektivt ansvar som ikkje er lovfesta, er problemstillinga: Kven er nærmast til å bere risikoen for den skadevaldande handlinga.

Viktige moment i vurderinga er:

  • Er faren for skade ekstraordinær?
    Skadeevna ved verksemda må vere vesentleg større enn den alminnelege risikoen i dagleglivet. Det er skilnad på ein nitroglyserinfabrikk og ein matbutikk.
  • Er det ein stadig – overhengande – fare for at det kan komme ein skade?
    Stadig lekkasjerisiko er eit døme på slik fare.
  • Er skaden typisk for verksemda?
    Dette er eit krav om påreknelegheit. Kravet til påreknelegheit på objektivt grunnlag er strengare enn på subjektivt grunnlag. Knuste ruter er påreknelege skadar etter ein eksplosjon, men kanskje ikkje sjokkskadar.
  • Pulverisering
    Er verksemda forsikra mot slik skade? Reglane om det objektive ansvaret heng saman med dei forsikringsmoglegheitene som faktisk eksisterer. Det er ei risikospreiingslære, ved at erstatningsbeløpet blir henta frå forsikringspremiane som er betalte av mange. Når domstolane i argumentasjonen sin for å påleggje objektivt ansvar framhevar høvet skadevaldaren har for å teikne ansvarsforsikring, er det pulveriseringseffekten som er grunnlaget for denne tanken.
  • Interesseavveging
    Har den skadelidde eller skadevaldaren størst interesse i verksemda som fører til skade?
  • Prevensjon
    Har den skadelidde eller skadevaldaren høve til å førebyggje skaden?
Til toppen

Gesimsdommen og Mønepannedommen

RT – 1939 – 766: Gesimsdommen: Eigaren av bygarden vart erstatningsansvarleg.

Ein gesims (den delen av taket som stikk ut øvst på bygningen) fall ned og trefte ein person i hovudet. Personen døydde. Eigaren hadde vedlikehalde gesimsen etter beste evne og også gjort det rett før ulykka skjedde. Aktsemdsnorma var derfor oppfylt, og eigaren kunne ikkje klandrast for å ha handla aktlaust. Det måtte framleis krevjast at ein eigar var ansvarleg for at ein gesims, sjølv om han var overvakt etter beste evne, var eit faremoment i ein bygning i eit alminneleg trafikkert område. Gesimsen i dette tilfellet var laga av materialar som gjorde at eigaren burde vore klar over at det kunne vere fare for at han fall ned. Eigaren vart derfor dømd til å betale erstatning for dødsfallet.

Her var det ein gesims som losna. Høgsterett avgjorde at dette utgjorde ein risiko som var ekstraordinær.

RT–1972– 65 Mønepannedommen: Eigaren av bygarden vart erstatningsansvarleg.

Ei 14 ½ år gammal jente vart i ei oslogate (Sannergata) med mykje ferdsel treft av ein takstein og påført hovudskade. På grunn av takkonstruksjonen osv. låg det føre ein betydeleg risiko for at takstein kunne falle ned. Under desse omstenda knytte det seg til bygningen eit slikt særprega og ekstraordinært faremoment at gardeigaren utan omsyn til skuld, måtte betale erstatning for skaden.

Her var det ei mønepanne som losna. Høgsterett avgjorde at dette utgjorde ein risiko som var ekstraordinær:

«Et tak hvor man har en nedhellende grad hvor mønepanner er festet til underlaget, hver med en spiker, frembyr i seg selv et faremoment. Dette øker dersom taket ikke, og det var ikke tilfellet her, er forsynt med snøfangere som kan stoppe takstein som løsner fra underlaget. Jeg må bygge på at man ikke selv med vanlig aktsomhet ved tilsynet og vedlikeholdet av taket, kan gardere seg mot at steinene sprekker eller bringes ut av stilling og løsner på grunn av de forskjellige påkjenninger et slikt taktekke er utsatt for. Det foreligger således i et tilfelle som dette etter min oppfatning en betydelig risiko for at sten kan falle ned fra taket og ned på gaten.

I tillegg til de momenter jeg her har nevnt, peker jeg på at eiendommen ligger til den sterkt beferdede Sannergaten, slik at muligheten for at nedfallende stein skal ramme forbipasserende og på grunn av sin fart og tyngde anrette skade, blir betydelig.

Under disse omstendigheter knytter det seg til denne bygning et slikt særpreget og ekstraordinært faremoment at gårdeieren uten hensyn til skyld, må betale erstatning for den skade som oppstår når disse risikomomenter i det konkrete tilfellet manifesterer seg. Gårdens eier, som for en meget billig premie kan dekke sitt tap gjennom en ansvarsforsikring, er etter min oppfatning nærmere til å bære de økonomiske følger av en slik ulykke enn den tilfeldig forbipasserende som rammes. Jeg legger ved min vurdering på dette punkt vekt på at gårdeieren ved tilsyn og vedlikehold av taket har muligheter for å forminske risikoen og dermed for å forebygge skader. I denne forbindelse viser jeg til dom i RT-1969-109, særlig side 112.»

Oppsummering

I spørsmålet om faren var ekstraordinær, bygde Høgsterett på dette:

  • Fare for fall – fare for at gesimsen/taksteinen fell ned
  • Fare for treff – «beferdet» vil seie at det er mange personar som går der. Dersom gesimsen fell ned, er det stor sjanse for at han treffer ein person.

Pulveriseringsmoglegheit gjennom forsikring.

Personskadeportalen: Om det ulovfesta objektive