Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 239

  1. Kva er meint med regelen om ulovfesta objektivt ansvar?

    Ulovfesta objektivt ansvar er reglar som er utleidde av rettspraksis. På grunnlag av langvarig praksis frå Høgsterett kan vi setje opp ein del rettleiande vilkår for dette ansvaret, sjå svaret på spørsmål 2.

  2. Kva moment må ein vurdere når ein avgjer om ei bedrift har ulovfesta objektivt ansvar for bestemte skadar?

    Aktuelle moment ein bør vurdere, er ekstraordinær fare, stadig risiko og typiske skadar.

    Kravet til ekstraordinær fare vil seie at den skadevaldande verksemda må representere ein risiko som er større enn den alminnelege risikoen i dagleglivet. Dette må likevel vurderast frå livsområde til livsområde. Ein sprengsstoffabrikk er eit døme på farleg verksemd.

    Kravet til at risikoen er «stadig», vil seie at verksemda må skape ein fare for omgivnadene som er der så lenge verksemda er i drift. Vatn under trykk i røyr er eit døme. Eit slikt røyr representerer ein stadig fare for vasslekkasje.

    Kravet til at skadane må vere typiske, inneber eit krav om påreknelegheit. Sidan det ikkje krevst skuld, blir ansvaret avgrensa til dei mest nærliggjande og typiske følgjeskadane. Ein typisk skade av ein eksplosjon kan vere at vindauge blir knuste, mens langvarige psykiske plager ikkje er typiske.

  3. Kvifor fekk kommunen objektivt erstatningsansvar i Vassleidningsdommen, RT-1905-715?

    Kommunen fekk erstatningsansvar på objektivt grunnlag. Ingen i kommunen kunne klandrast for lekkasjen. Vatn under trykk i ein slik leidning var ein stadig risiko, og vasskadane var typiske.

  4. Kvifor fekk NSB erstatningsansvar i dommen om eksplosjonsfare i Lillestrøm, RT-2006-690?

    NSB fekk objektivt erstatningsansvar fordi det er vanskeleg for dei skadelidde å forsikre seg mot eit slikt tap. Ei ansvarsforsikring på skadevaldaren si side er derimot både vanleg og naturleg.

    Utlegg til kost og losji eller tapte inntekter på grunn av redusert sal var resultatet av ein stadig, typisk og ekstraordinær risiko. Høgsterett slo derfor fast at NSB hadde ulovfesta objektivt ansvar.