Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Omgrep

Omgrep Forklaring
Dissens Mindretalet sitt syn i rettspraksis. Dei dommarane som meiner noko anna enn det fleirtalet meiner. Konklusjonen i dommen blir derfor ein annan enn synspunktet til dei som dissenterer.
Erstatning Godtgjering i pengar som på visse vilkår blir betalt til ein person som har vore utsett for skade eller tap.
Skadevaldar Den som gjer skade.
Skadelidde Den som blir påført skade, på seg sjølv eller på tinga sine.
Ansvarsgrunnlag/erstatningsgrunnlag Heimel/rettsleg grunnlag for erstatning.
  • Det kan vere lovfesta eller ulovfesta. Døme: Skadeserstatningslova § 1-1 eller den ulovfesta culparegelen.
  • Det kan vere subjektivt eller objektivt. Det vil seie at det krevst skuld hos skadevaldaren, eller det blir lagt ansvar utan at skadevaldaren har vist skuld. Døme: Det krevst forsett eller aktløyse hos barn, eller foreldra kan få ansvar både der dei har utvist skuld, og der dei ikkje har skuld i sjølve skaden.
Årsakssamanheng Årsakskravet er oppfylt dersom skaden ikkje ville ha skjedd om handlinga tenkjast borte. Handlinga er eit nødvendig vilkår for at skaden skjer. Men ho treng ikkje vere tilstrekkeleg.
Påreknelegheit Det må vere mogleg å sjå konsekvensen av handlinga på førehand. Kravet er også formulert som at det må liggje føre en «nødvendig nærhet i årsaksforholdet».
Økonomisk tap Tapet kan målast i pengar.
Reparasjon Rette opp att den økonomiske situasjonen for den skadelidde.
Prevensjon Hindre skadevaldarar i å gjere skade. Motiv bak erstatningsretten som tek sikte på å skremme folk frå å gjere skadevaldande handlingar.
Pulverisering Fordele tapet på forsikringstakarar ved at erstatninga er finansiert av forsikringspremiane til mange.
Culpa Skuld (latin). Forsettleg eller aktlaus handling der det ligg føre skuld. Ei culpøs handling fører normalt til erstatningsansvar.
Forsettleg Gjere handlinga med vilje. Skadevaldaren er seg bevisst eller må ha innsett at skaden med stort sannsyn ville komme som følgje av hans eller hennar handlemåte.
Grov aktløyse Der sannsynet for skade er ytterlegare auka som følgje av hans eller hennar handling. Større avvik frå forsvarleg handling. Skadevaldaren har opptredd dumdristig, og han har teke ein kalkulert risiko for at det kunne bli ein skade. Nærmast likegyldigheit, sterkt klanderverdig.
Aktlaust Skadevaldaren burde ha innsett at han eller ho skapte ein slik risiko. Avvik frå forsvarleg handling. Ansvar oppstår ved aktløyse – uforsvarleg åtferd. Norma er forankra i det som på vedkommande livsområde er ein tilfredsstillande, forsvarleg handlemåte.
Spørsmålet er korleis ein fornuftig aktsam person ville ha handla i ein tilsvarande situasjon. Men det er også eit spørsmål om skadevaldaren kunne ha handla annleis og dermed unngått skaden. Vi spør om skadevaldaren har handla slik ein med rimelegheit kan krevje av han eller henne. Den som oppfører seg i samsvar med skikk og bruk, sedvanar og den alminnelege rettsoppfatninga, vil normalt ikkje handle aktlaust.
Hendeleg uhell Uhell der skadevaldaren har opptredd så aktsamt som det er grunn til å vente av alle personar i ein tilsvarande situasjon. Skaden har med andre ord skjedd ved ei tilfeldig hending som ingen kan lastast for – eit «bananskalfall».
Risiko for skade – skadeevna Krava til forsvarleg åtferd blir skjerpa når ein beveger seg inn på risikofylte område.
Risiko for stor skade Jo meir omfattande skadar som kan bli resultatet, desto meir aktsam må ein vere.
Handlingsalternativ for skadevaldaren Om skadevaldaren burde ha valt eit anna handlingsalternativ, slik at skaden ville vore unngått. Det same gjeld spørsmålet om skadevaldaren kan klandrast for ikkje å ha sørgt for tilstrekkelege kontrolltiltak.
Tidsmomentet Om skadevaldaren hadde rimeleg god tid til å vurdere handlingsalternativa, eller om han handla under tidspress. Det siste blir vurdert mildare.
Skadeevna må ha vore synleg eller pårekneleg Skadevaldaren må ha forstått eller burde ha forstått at det låg føre ein risiko for skade på omgivnadene.
Brot på normer Dersom skadevaldaren har brote ein skriven eller uskriven regel som direkte tek sikte på å hindre skadar han eller ho har vore årsak til, vil erstatningsansvar normalt bli resultatet.
Rimelegheitsvurderinga (barn og ungdom sitt ansvar) Det er ikkje sett ei aldersgrense i lova, men det følgjer av rettspraksis, juridisk teori og forarbeid at det er ei nedre aldersgrense. Denne grensa er meir skjønsmessig og blir vurdert i medhald av skuldkravet.
Forsettleg eller aktlaus åtferd frå barn Eit objektivt element (samanlikning med andre barn). Eit subjektivt element (utviklingsnivået til dette barnet).
«latt det mangle på tilbørlig tilsyn (…) ikke har gjort det som etter forholdene er rimelig å kreve av dem for å hinder skadeforvoldelse» (foreldreansvaret) Foreldra kan klandrast dersom dei har forsømt tilsynet i ein situasjon der dei burde ha passa betre på, eller dersom dei ikkje har gjort det som vi med rimelegheit kan krevje for å hindre at barna gjer skadeverk. Det skal «adskillig svikt til», jf. forarbeid og rettspraksis.
Éi skadevalding (foreldreansvaret) Fleire skadar som har skjedd på same stad og til same tid, blir rekna som éi skadevalding. Summen på kr 5 000 gjeld per barn. Om tre gutar gjer skade for kr 15 000, må den skadelidde ha krav på dekning fullt ut, anten frå tre foreldrepar eller frå eitt foreldrepar som har tre gutar.
Arbeidsgivaransvar Eit ansvar ein arbeidsgivar har for skade som ein arbeidstakar gjer forsettleg eller aktlaust mens han gjer arbeid eller har verv for arbeidsgivaren, jf. skadeserstatningslova § 2-1 nr. 1. Omgrepet blir også brukt om dei pliktene ein arbeidsgivar har overfor dei tilsette.
«Arbeidstakeren går utenfor det som er rimelig å regne med» Skaden må ha skjedd i tenesta. Det må vere ein faktisk samanheng mellom skaden og arbeidsforholdet. Det blir avgrensa mot skadar som ikkje står i rimeleg samanheng med arbeidsforholdet. Spørsmålet er kva det er rimeleg å rekne med i det aktuelle arbeidsforholdet.
Skadelidaren Den skadelidde
Skadebot Erstatning
«hjå det trygdelaget som vogna er trygda i» Av det forsikringsselskapet bilen er forsikra i. Den forsikringa alle bileigarar må teikne for å dekkje dei skadane bilen måtte gjere, gir den skadelidde eit direkte krav mot forsikringsselskapet. Den skadelidde treng derfor ikkje gå vegen om den skadevaldande bilisten.
«endå om ingen er skuld i skaden»: Forsikringsselskapet må dekkje skaden sjølv om ingen er skuld i skaden. Ansvaret er altså objektivt.
Produsent Den som har framstilt eit produkt eller sett det i omsetning. Jf. pal § 1-2.
Produkt Døme: Klede, mat, p-piller.
Sikkerheitsmangel Produktet har ikkje den sikkerheita ein brukar må kunne rekne med. Norma er kva ein vanleg brukar vanlegvis må kunne vente.
Dissens Dommarane er usamde i vurderinga si og deler seg i eit mindretal og eit fleirtal.
Ekstraordinær fare (det ulovfesta objektive ansvaret) Skadeevna ved verksemda må vere vesentleg større enn den alminnelege risikoen i dagleglivet. Det er skilnad på ein nitroglyserinfabrikk og ein matbutikk.
Er det ein stadig – overhengende – fare for at skade vil kunne skje? (det ulovfesta objektive ansvaret) Stadig lekkasjerisiko er eit døme på slik fare.
Typisk skade (det ulovfesta objektive ansvaret) Dette er eit krav om påreknelegheit. Kravet til påreknelegheit på objektivt grunnlag er strengare enn på subjektivt grunnlag. Knuste ruter er påreknelege skadar etter ein eksplosjon, men kanskje ikkje sjokkskadar.
Pulverisering Fordele tapet på mange forsikringstakarar ved at erstatninga er finansiert av forsikringspremiane til mange. Når domstolane i argumentasjonen sin for å påleggje objektivt ansvar framhevar høvet skadevaldaren har for å teikne ansvarsforsikring, er det pulveriseringseffekten som er grunnlaget for denne tanken.
Interesseavveging (det ulovfesta objektive ansvaret) Har den skadelidde eller skadevaldaren størst interesse i verksemda som fører til skade?
Prevensjon (det ulovfesta objektive ansvaret) Har den skadelidde eller skadevaldaren høve til å førebyggje skaden?
Økonomisk tap Tap vi kan måle i pengar.
Ikkje-økonomisk tap Ideell skade, kan ikkje målast i pengar. Døme: Oppreising og meinerstatning.