Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 220

  1. Kvifor blir skadeserstatningslova § 2-1 kalla ein regel om objektivt arbeidsgivaransvar?

    Ein arbeidsgivar svarer for skade som ein arbeidstakar gjer med vilje eller aktløyse i tenesta, jf. skadeserstatningslova § 2-1 nr. 1. Arbeidsgivaren får objektivt ansvar, men arbeidstakaren må ha skuld. Sett frå ståstaden til arbeidsgivaren er dette eit objektivt ansvar sidan kravet om skuld er knytt til ein tilsett og ikkje til arbeidsgivaren.

  2. Kven kan vere arbeidsgivar etter § 2-1?

    Ein arbeidsgivar er den som i eller utanfor ervervsverksemd har nokon i si teneste, sjå § 2-1 nr. 2. Den som til dømes engasjerer ei barnevakt eller sonen til naboen til å klippe plenen, er arbeidsgivar.

  3. Kven kan vere arbeidstakar etter § 2-1?

    Arbeidstakar er den som gjer arbeid i teneste for ein annan, sjå § 2-1 nr. 3.

    Det er ikkje krav om eit formelt tilsetjingsforhold i ei bedrift. Det er tilstrekkeleg at privatpersonar, foreiningar eller liknande har gjort avtale med ein person om arbeid som skal gjerast mot vederlag. Dugnadsarbeidarar i eit idrettslag er ikkje arbeidstakarar. Det er heller ikkje elevane ved ein vidaregåande skole.

    Arbeidstakaromgrepet skal avgrensast mot sjølvstendige oppdragstakarar (bedrifter som har teke på seg oppdrag). Dersom du tilset eit flyttebyrå til å flytte innbuet ditt til ein nytt bustad, er det flyttebyrået som sjølvstendig oppdragstakar og ikkje du som får erstatningsansvar dersom verksemda skader noko undervegs. Dersom du derimot har engasjert fem elevar til å stå for flyttinga, er det du som arbeidsgivar som får ansvaret ved ein eventuell skade.

  4. Kva krav stiller § 2-1 til den skadevaldande handlinga for at ho skal bli ramma av regelen?

    Eitt vilkår for å gi arbeidsgivaren ansvar, er at arbeidstakaren har utført skaden forsettleg eller aktlaust. Aktsemdsvurderinga må ein gjere i samsvar med den vanlege skuldregelen. Det skal i denne aktsemdsvurderinga takast omsyn til dei krava som den skadelidde med rimelegheit kan stille til verksemda eller tenesta. Det er til dømes rimeleg å stille krav til ein rørleggjar at han er nøye med å kontrollere at kopla røyr ikkje har vasslekkasje før han dreg frå arbeidsstaden. Tilsvarande er det å forvente at kokken på ein restaurant held vanleg god mathygiene på kjøkkenet og ikkje serverer bederva mat.

    For det andre må den skadevaldande handlinga vere gjord «under utføring av arbeid eller verv for arbeidsgiveren». Ein seier da at skaden er gjord i tenesta. Det må vere ei handling som kan knytast til utføringa av arbeidet. Kva arbeidstakaren gjer på fritida si, kan ikkje påføre arbeidsgivaren erstatningsansvar. Likevel kan private gjeremål i arbeidstida som fører til skade, gi arbeidsgivaren ansvar dersom gjeremåla er innanfor nødvendige eller vanlege funksjonar, til dømes dersom ein går frå arbeidsplassen ved toalettbesøk eller røyking.

    For det tredje må handlinga ikkje liggje «utenfor det som er rimelig å regne med etter arten av virksomheten eller saksområdet og karakteren av arbeidet eller vervet». Dette kravet blir rekna som ei vurdering av påreknelegheita. Det som skal vurderast, er om skaden eller tapet har ei nær og sakleg tilknyting til oppgåvene arbeidstakaren har. I RT-1982-1349 (Reingjeringsdommen) vart arbeidsgivaren frifunnen for tap som følgje av tjuveri som reingjeringspersonalet hadde gjort i eit varehus der dei stod for reingjeringa. Høgsterett meinte at det ikkje var tilstrekkeleg nærleik mellom arbeidsoppgåvene og skaden. I RT-2000-211 (Underslagsdommen) fekk ein bank erstatningsansvar da ein bankfunksjonær medverka til utbetalingar på grunnlag av falske bankgiroar. Her meinte Høgsterett at det var tilstrekkeleg nærleik mellom tap og arbeidsoppgåver.

  5. Kva slags handlingar blir ikkje ramma av § 2-1?

    Dette spørsmålet er praktisk talt det same som spørsmål 4, og vi viser til svaret ovanfor. Arbeidsgivaren får ikkje ansvar dersom arbeidstakaren har gjort skaden med handlingar som ligg utanfor tenesta, jf. § 2-1 nr. 1 første punktum. Og sjølv om skaden er gjord innanfor tenesta, må handlinga ikkje ha gått utanfor det som det er rimeleg å rekne med, jf. § 2-1 nr. 1 andre punktum. Dei to vilkåra må ein som regel sjå i samanheng. Regelen blir da omtrent slik: Arbeidsgivaransvar føreset ein rimeleg samanheng mellom den skadevaldande handlinga og den jobben arbeidstakaren er sett til å gjere.

  6. Kan den skadelidde saksøkje arbeidsgivaren og arbeidstakaren personleg samstundes for same erstatningskrav?

    Det er ikkje noko i vegen for å halde fleire ansvarleg for den same skaden. Arbeidsgivaren kan saksøkjast på grunnlag av § 2-1, og arbeidstakaren kan saksøkjast på grunnlag av den ulovfesta skuldregelen.

    Den skadelidde oppnår på den måten større sjanse til å få dekning fordi to eller fleire som blir ansvarlege for den same skaden, blir solidarisk ansvarlege, jf. § 5-3 nr. 1. Den skadelidde kan likevel ikkje få meir til saman enn det han eller ho har krav på.

  7. Kan ein arbeidsgivar som har betalt erstatning til nokon, krevje å få att pengane frå arbeidstakaren?

    Spørsmålet er om arbeidsgivaren kan krevje å få att pengar frå ein aktlaus arbeidstakar som har gjort skade under utføringa av arbeidet sitt.

    Dette spørsmålet blir regulert av § 2-3 nr. 1. Ein arbeidstakar som har vore uforsiktig, kan i prinsippet bli erstatningsansvarleg overfor arbeidsgivaren sin. På fagspråket seier vi at arbeidsgivaren har eit regresskrav mot arbeidstakaren. Arbeidstakaren blir sagt å vere erstatningsansvarleg overfor den skadelidde og regressansvarleg overfor arbeidsgivaren sin.

    Det er som regel urimeleg å plassere det endelege tapet hos arbeidstakaren. Det naturlege er å plassere heile tapet hos arbeidsgivaren. Derfor skal det ekstraordinære forhold til for å gjere arbeidstakaren regressansvarleg overfor arbeidsgivaren. Det må krevjast forsett eller grov aktløyse for at arbeidstakaren skal få slikt ansvar.