Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 228

  1. Kva for eit område regulerer bilansvarslova?

    Bilansvarslova av 3. februar 1961 gjeld ansvar for skade som motorvogner gjer på folk eller eigedom, og forsikring mot slik skade.

  2. Kva for tre prinsipp byggjer bilansvarslova på?

    Lova byggjer på desse tre prinsippa:

    • forsikringsplikt til gunst for den skadelidde
    • forsikringsselskapet har objektivt ansvar overfor den skadelidde
    • forsikringsselskapet kan søkje regress – dekning hos bileigaren eller føraren på bestemte vilkår
  3. Kva er ei motorvogn ut frå bilansvarslova?

    Ei motorvogn er eit køyretøy som er drive med motor og er laga til å køyre på bakken, men ikkje på skjener, sjå bilansvarslova § 3. Mindre grasklipparar, snøfresarar, snøplogar osv. fell derfor utanfor lova med mindre dei også kan styrast av personar som sit på ein førarplass. Eit uttrykk som førte til ein del humoristiske kommentarar da det vart introdusert, er «skjenelaus køyregreie».

    På grunn av nye transportmiddel i grenselandet mellom motorvogn og andre køyretøy har myndigheitene laga ein del forskrifter om kva som er og ikkje er ei motorvogn. Dette gjeld til dømes elektriske syklar. Prinsippet i desse forskriftene er at ein elektrisk sykkel som kan komme opp i ei viss minimumshastigheit utan at ein samstundes trør pedalane, er motorvogn. Ein elsykkel som ikkje fungerer utan at du samstundes trør, er ikkje motorvogn.

  4. Kva kan vere skadar som ei motorvogn gjer?

    Skadar som ei motorvogn gjer, kan vere både personskade og skade på ting, men det føreset årsakssamanheng mellom bilbruken og skaden, sjå også bilansvarslova § 2 om skade som ikkje går inn under lova. Uttrykket «motorvogner gjer» skal tolkast utvidande i lys av omsynet til trafikksikkerheita. Når bagasje ramlar av bilen, eller når kraner og losseutstyr er i bruk, er eventuell skade rekna for å vere gjord av bilen. Ein parkert bil kan også gjere skade dersom han er parkert på ein ulovleg og trafikkfarleg måte. Skaden må vere eit resultat av skadepotensialet til bruken av motorvogner.

  5. Kva slags erstatningsansvar har eit forsikringsselskap etter § 4?

    Etter bilansvarslova § 4 har eit forsikringsselskap objektivt ansvar for skadar som forsikra «motorvogner gjer». Ansvaret er med andre ord uavhengig av subjektive forhold ved eigaren og bilføraren. Skaden kan også vere eit resultat av eit hendeleg uhell som ingen kan klandrast for.

  6. Kva for skadar skal ikkje erstattast etter § 5?

    Køyrer du din eigen bil i grøfta og skader han, får du ikkje erstatning med mindre du har eiga forsikring som dekkjer dette, kaskoforsikring. Varer som blir frakta med bilen, blir ikkje erstatta.

    Klede og vanlege bruksting som folk har på seg, og også personleg bagasje blir likevel dekte av forsikringa.

  7. Når får eit forsikringsselskap ansvar etter at to bilar har kollidert?

    Det objektive ansvaret til forsikringsselskapet gjeld ikkje ved kollisjon mellom bilar og liknande samanstøytar, jf. § 8(1). Da blir ansvaret plassert hos forsikringsselskapet til den som «har skulda». Ansvar føreset at bilføraren «ikkje bar seg forsvarleg åt», at bilen ikkje var i orden, eller at han vart køyrd i strid med trafikkreglane.

    Dersom begge bilførarane har utvist skuld, kan begge forsikringsselskapa få ansvar, skulddeling. Delinga skjer etter § 8(2), til dømes slik at kvar av partane får nedsett erstatning. Det er opp til retten å bestemme ei skjønsmessig fordeling.

  8. Når kan eit forsikringsselskap stille regresskrav mot bilføraren eller bileigaren?

    Eit forsikringsselskap som har betalt erstatning, kan på visse vilkår (tjuveri, fyllekøyring) krevje å få att beløpet heilt eller delvis frå bilføraren eller eigaren. Heimelen for eit regresskrav om tilbakebetaling står i bilansvarslova § 12 og § 13.

  9. Gjer kort greie for innhaldet i Bilførardommen.

    Oppgåva di å lage eit kort resymé av dei sentrale punkta i utdraget av Bilførardommen (RT-1984-1246) på side 227.

  10. Kva er vilkåra for eventuelt å lempe ansvaret etter bilansvarslova?

    Eit eventuelt erstatningsansvar kan lempast eller falle heilt bort når den skadelidde har medverka til skaden etter reglane i bilansvarslova § 7. Det vil seie når medverknaden vart gjord med vilje eller aktløyse. Regelen om avkorting av erstatning følgjer også av skadeserstatningslova frå 1969 § 5(1).

    Etter § 7(3) vil selskapet ikkje få erstatningsansvar overfor den skadelidde som av fri vilje køyrde eller lét seg køyre (som passasjer) dersom motorvogna var teken frå eigaren ved lovbrot og den skadelidde visste dette. Ein passasjer som veit at bilen er stolen, får altså ikkje erstatning.

    Etter § 7(4) får vognføraren ikkje erstatning i det heile dersom bilen vart nytta i samband med eit lovbrot, til dømes som fluktbil under eit bankran. Føraren får heller ikkje erstatning dersom han eller ho var påverka av alkohol, og påverknaden blir rekna for å ha vore årsak til skaden. Merk at denne regelen berre gjeld føraren, ikkje eventuelle passasjerar.