Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 199

  1. Kven kan få erstatningsansvar etter skadeserstatningslova § 1-1?

    Barn og ungdom under 18 år kan få erstatningsansvar etter § 1-1. Det er inga formell aldersgrense nedover, men forarbeid og rettspraksis tilseier at barn under skolepliktig alder ikkje kan få erstatningsansvar.

  2. Kva er meint med forsettleg eller aktlaust i skadeserstatningslova § 1-1, og korleis varierer kravet til aktsemd med alder og utvikling?

    Omgrepet forsettleg skildrar den skuldforma som ligg føre når ein person påfører personar eller ting skade eller tap med vilje.

    Aktløyse vil seie at skadevaldaren kan klandrast for ikkje å ha vore så aktsam som ein kan forvente.

    Omgrepet skuld omfattar både forsett og aktlaushet.

    Kva som krevst for å konstatere skuld hos barn og ungdom under 18 år varierer i stor grad med alder og utvikling. Svaret i eit konkret tilfelle finn vi ved å bruke andre rettskjelder i tillegg til lovteksten, mellom anna forarbeid og rettspraksis.

    Alder. Barn under skolepliktig alder manglar så å seie evne til å få skuld i juridisk forstand. I forarbeida er det sagt at barn under skolepliktig alder berre i klart ekstraordinære tilfelle kan få erstatningsansvar. Rettspraksis på dette feltet viser at det skal svært mykje til før personar ned i 12- årsalderen og under kan få erstatningsansvar. Men ein 17-åring som forsettleg eller grovt aktlaust har gjort store skadar, må rekne med å bli behandla nærmast som ein vaksen.

    Utvikling har også noko å seie for skuldspørsmålet. Ein 12-åring som i verkelegheita står på nivået til ein 8-åring, skal vurderast som om han var 8 år.

    I den sentrale dommen i RT-2003-433 (Syklistdommen), som du finn som samandrag på side 195 i læreboka, kom retten til at ein 11-åring ikkje hadde handla aktlaust. Ulykka var eit tilfeldig utslag av den naturlege leiken barn driv på sykkel.

  3. Kva er meint med «utvist adferd» i skadeserstatningslova § 1-1?

    Uttrykket «utvist adferd» i lova vil seie at ein skal leggje vekt på kor grov handlinga var. Det er skilnad på å øydeleggje nokre blomar og det å sparke ut tenner. Jo grovare handlinga er, desto lenger ned i alder vil retten gå når ein konstaterer skuld. Skøytebanedommen i RG-1975-186, som du finn på side 194 i læreboka, er eit døme på dette. Ved hærverk, brannstifting og andre forsettlege handlingar kan resultatet bli grov aktløyse, slik som i RT-2004-1942 (Kinaputtdommen), der to gutar i 15-årsalderen etter Høgsteretts meining hadde handla grovt aktlaust.

  4. Kva er meint med «økonomisk evne» i skadeserstatningslova § 1-1?

    Med økonomisk evne er det sikta til den personlege formuen og inntekta til barnet. Nokre barn kan ha betydeleg formue, sjølv om formuen ikkje kan disponerast fritt, jf. reglane i verjemålslova. Nokre ungdommar kan også ha inntekter, av og til store inntekter.

    Den personlege økonomien til barn og unge har ikkje noko å seie for skuldspørsmålet. Den som gjer skade forsettleg eller aktlaust, skal vurderast uavhengig av den økonomiske evna til skadevaldaren. Derimot kan den økonomiske evna til ungdommane spele ei rolle for erstatningsutmålinga. Økonomien til barnet kan få innverknad på spørsmålet om det er rimeleg å gi erstatningsansvar. Kravet til rimelegheit i § 1-1 fungerer som ein lempingsregel der fleire forhold enn økonomien til barnet blir teke med i vurderinga. Mellom anna vil skuldgraden få noko å seie for spørsmålet om ansvar er heilt eller delvis rimeleg. Det er ikkje meininga at barn og ungdom skal komme ut av eit erstatningsoppgjer med ei betydeleg gjeldsbyrde.

  5. Kva er meint med «forholdene ellers» i skadeserstatningslova § 1-1?

    «Forholdene ellers» i lova er eit vilkår som kan fange opp argument som elles ikkje går fram av § 1-1. Spørsmålet om skuld og rimelegheit kan til dømes vere avhengig av om det er gjort personskade eller tingsskade.

    I forarbeida er forsikringsdekning nemnd som eit døme. Dersom det ligg føre ein forsikringsavtale som dekkjer det ansvaret som barnet eller ungdommen kan få, er det lettare å konstatere at erstatningsansvar er rimeleg.