Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Tolking og utfylling av avtaler

Kompetansemål

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • bruke prinsipp for tolking og utfylling av avtalar.

Innhald

Problemstilling
Rettskjeldefaktorar
Prinsippa
Prinsippa nytta i ei eksamensoppgåve (våren 2012)

Problemstilling

Utgangspunktet er at partane har ei felles forståing av avtalen. Er det til dømes klart for begge partar at det med «bibliotek» er meint vinkjellar?

Problemet kjem når dette ikkje er tilfellet. Spørsmålet blir da korleis vi tyder avtalen når partane ikkje er samde om kva som står i han?

  • Vi må tolke avtalen. Tolke vil seie å klargjere meiningsinnhaldet.
  • Vi må kanskje også utfylle avtalen. Det vil seie å finne løysingar på dei forholda som ikkje står i han.
Til toppen

Rettskjeldefaktorar

Eit utgangspunkt for avtaleretten er avtalelova frå 1918, men ho regulerer i liten grad tolkingslæra. For tolkingslæra er det rettspraksis og juridisk teori som speler den største rolla som rettskjeldefaktorar.

Til toppen

Prinsippa

Utgangspunktet ved usemje er:

  • Normal språkleg forståing av kva ein objektivt sett legg i ord og uttrykk som står i avtalen. Døme: «Bibliotek betyr bibliotek.»

Dersom dette ikkje fører fram, kan ein bruke desse momenta, utarbeidd av rettspraksis og teori:

  • formålet med avtalen
  • kutyme
  • omstende før avtalen vart inngått
  • storleiken på vederlaget
  • framferda til partane etterpå
  • rimelegheitsvurdering
  • urimelegheitsregelen
  • uklarheitsregelen
  • spesialvilkårsregelen
Til toppen

Prinsippa nytta i ei eksamensoppgåve (våren 2012, oppgåve 2)

Oppgåva

Line Olsen har bestemt seg for å kjøpe eit akvarium. Ein dag i april har ho besøk av si gode venninne Emilie Larsen. Emilie har eit stort akvarium med mange sjeldne fiskar. Ho fortel at ho neste dag skal til butikken Akvariespesialisten, og ho føreslår at Line blir med. Line seier ho skal på eit kurs heile dagen, og spør Emilie om ho kan prøve å kjøpe eit akvarium for henne. Dette seier Emilie seg villig til. Line skriv derfor dette dokumentet:

Eg, Line Olsen, gir med dette mi gode venninne, Emilie Larsen, fullmakt til å kjøpe eit nytt akvarium for meg. Rekninga skal sendast til underteikna.

Line underteiknar erklæringa og gir henne til Emilie. Emilie spør kor mykje Line har tenkt å betale for akvariet. Line svarer at prisen på akvariet ikkje må vere høgare enn kr 4 000.

Neste dag, 14. april 2011, er Emilie hos Akvariespesialisten. Ho finn eit akvarium ho synest passar for Line. Det er fullt utstyrt med pumpe, kolbe, lysarmatur og ein delikat bakgrunn med eit korallrevmotiv. Prisen er kr 5 000. Dette meiner Emilie er ein svært gunstig pris.

Mens ho vurderer om ho skal kjøpe akvariet, sjølv om det er litt for dyrt, kjem ein ekspeditør bort til henne. Han seier at akvariet ho ser på, er svært eksklusivt. Emilie er samd i det. Ho fortel at ho skal kjøpe eit akvarium for ei venninne, og viser fram fullmaktsdokumentet. Ekspeditøren seier at det er greitt, og at dette er det siste dei har att av denne typen akvarium. Han prøver å overtale Emilie til å kjøpe akvariet og seier at dersom ho kjøper det, skal ho i tillegg få med fire såkalla Malawiciklidar til ein svært gunstig pris. Butikken har greidd å skaffe eit parti med den svært ettertrakta fisken frå Malawisjøen. Ordinær pris er kr 1 300 per stykk. Det har vist seg at det dessverre ikkje er marknad for så dyre fiskar i Noreg. Butikken vil derfor kvitte seg med fiskane. Ekspeditøren seier at Emilie skal få dei for kr 400 per stykk. Emilie kjenner godt til dette eksklusive fiskeslaget og aksepterer straks tilbodet frå ekspeditøren om å kjøpe akvariet og fiskane for til saman kr 6 600. Eit så fantastisk tilbod kan ho ikkje la gå frå seg.

Line blir svært begeistra for akvariet. Dei fire fiskane liker ho også, men da Emilie fortel at akvariet og fiskane til saman kosta kr 6 600, reagerer ho sterkt. Så mykje pengar har ho ikkje. Dagen etter ringjer ho til Akvariespesialisten og får snakke med butikksjefen. Line påstår at ho ikkje er bunden av kjøpet. Dette grunngir ho med at Emilie ikkje har gjort det ho fekk i oppdrag å gjere. Emilie skulle ikkje kjøpe eit akvarium for meir enn kr 4 000, og fiskane hadde ho ikkje fått beskjed om å kjøpe. Butikksjefen avviser dette og meiner at Line er bunden av avtalen. Han var ikkje klar over prisavgrensinga, og fiskar må ein sjølvsagt ha i eit akvarium.

Drøft om det er inngått ein bindande avtale om kjøp av akvarium og fiskar.

Løysingsforslag

Spørsmålet er om det ligg føre bindande avtale om kjøp av akvarium med fiskar til kr 6 600 mellom Line og Akvariespesialisten. Oppgåva skal løysast på grunnlag av avtalelova.

Det ligg føre skriftleg fullmakt i medhald av avtalelova § 16. Fullmektigen opptredde i Lines namn og for hennar rekning. Tilbod og aksept er utveksla i medhald av § 7. Spørsmålet om avtalen er bindande for Line, er derfor avhengig av om avtalen ligg innanfor grensa for fullmakta, jf. § 10 første ledd.

Svaret er avhengig av ei tolking av fullmakta. Det springande punktet blir tolkinga av ordet «akvarium». Skal «akvarium» tolkast utvidande (med fiskar) eller innskrenkande (utan fiskar)? Fiskar eller ikkje fiskar, det er spørsmålet.

Vanleg tolkingslære er å ta utgangspunkt i alminneleg språkbruk, det vil seie den normale forståinga av ord og uttrykk i avtaleteksten. Kva er så den «normale» forståinga av ordet akvarium? I europeisk og internasjonal kontraktsrett skal ord og uttrykk tolkast slik som fornuftige personar av same slag som partane, ville gjort under dei same omstenda. Det skal derfor takast omsyn til under kva for omstende ord og uttrykk vart til. Ordet «akvarium» blir i mange samanhengar nytta i den utvida tydinga, med fiskar, sand, steinar og andre dekorasjonsgjenstandar. Eg meiner det er nærliggjande å tolke fullmakta utvidande i vårt tilfelle.

Det er også vanleg å tolke avtaletekstar i samsvar med formålet med avtalen. I vårt tilfelle kan det seiast at formålet var å skaffe Line eit akvarium med fiskar. Ho ønskte seg eit akvarium fordi Emilie hadde eit «akvarium med mange sjeldne fiskar». Da er det naturleg å seie at Line ønskte noko tilsvarande.

Det er også eit vanleg tolkeprinsipp å tolke ord og uttrykk mot den som burde talt tydelegare (uklarheitsregelen). I dette tilfellet er det Line som burde talt tydelegare. Ho burde presisert fullmakta betre dersom ho meinte at fiskar ikkje skulle vere inkludert i fullmakta.

I lys av omstenda rundt inngåinga av fullmakta og i lys av formålet med kjøpet og uklarheitsregelen har eg komme til at det er rimeleg at forretninga tolka fullmakta som ein rett til å kjøpe akvarium med fiskar.

Prisavgrensinga på kr 4 000 vart gitt som instruks frå Line til Emilie. Instruksen vart broten, men Akvariespesialisten hadde ikkje kunnskap om dette. Akvariespesialisten si gode tru fører til at instruksbrotet ikkje får noko å seie for spørsmålet om Line er bunden, jf. § 11 første ledd.

Konklusjonen blir at Line er bunden til å kjøpe akvarium med fiskar.

Til toppen