Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Avtaleinngåing

Kompetansemål

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • bruke reglane om inngåing av avtalar

Innhald

Kva er ei viljeserklæring?
Kva typar viljeserklæringar har vi?
Partane si rolle i ei avtaleinngåing
Kva er ein rettsleg bindande avtale?
Når er det inngått ein rettsleg bindande avtale?
Når er tilbodet bindande?
Når er aksepten er bindande?
Tilbakekall av tilbodet eller aksepten
Oppsummering av avtalemekanismen

Kva er ei viljeserklæring?

Grunnelementet i avtaleretten er viljeserklæringa (den dispositive/bindande utsegna). Avtalen er ei samankopling av to viljeserklæringar. Unntak kan vere eit einsidig gåveløfte, men det behandlar vi ikkje her.

Kva er så ei viljeserklæring? Det vil seie, når blir ei utsegn bindande/forpliktande? Det går ei grense mellom viljeserklæring og konversasjon. Vi må skilje mellom førebuing, samtalar og disposisjon (viljeserklæring).

  • Ei viljeserklæring er ei utsegn der givaren tek sikte på å disponere rettsleg.
  • Det avgjerande er det objektive: kva mottakaren med rimelegheit kan leggje i det.
  • Dersom givaren har brukt uttrykk som «herved», «med dette», og det er klart, bestemmande og uttømmande, og sentrale vilkår som pris, betaling og leveringstid er avtalte, kan mottakaren med rimelegheit gå ut frå at det er ei viljeserklæring.
  • Dersom ein part i ei forhandling viser interesse for eit tilbod, men ber tilbydaren om å gå ned i pris, er dette ikkje ei bindande viljeserklæring (ikkje ein aksept), men berre samtale/konversasjon.
Til toppen

Kva typar viljeserklæringar har vi?

  • Løfte. Dette er ei viljeserklæring som skaper rett for mottakaren og plikt for givaren. Løftet bind givaren når mottakaren har fått kunnskap om det, og det må derfor kallast attende før dette tidspunktet, jamfør nedanfor om dette. Døme på løfte er gåveløfte og overdraging av formue. Eit tilbod er eit anna døme på eit løfte. Det same gjeld ein aksept.
  • Påbod. Dette er ei viljeserklæring som skaper plikt for mottakaren og rett for givaren. Eit tilbakekall er eit døme på eit påbod. Ein aksept er eit anna døme. Aksepten har derfor både ein løfte- og ein påbodsverknad.
  • Reklamasjonar. Denne viljeserklæringa held ved lag og bevarer rett for givaren. Døme: Forbrukarkjøpslova § 27.
  • Kompetansetildeling. Dette gir mottakaren ein kompetanse til å handle på vegner av ein annan. Fullmakt er døme på kompetansetildeling.

Løfte som føreset aksept, blir som nemnt kalla tilbod. Og det er også tilbod og aksept vi har reglar om i avtalelova kapittel 1. Derfor skal vi no fokusere på desse viljeserklæringane.

Til toppen

Partane si rolle i ei avtaleinngåing

I ein avtale har avtalepartane ulike roller. Den som gir eit tilbod til ein motpart om til dømes å kjøpe ein bil, er kalla seljar, men også tilbydar. Mottakaren av tilbodet er kalla kjøpar, men også akseptant. Før han aksepterer, er han ein potensiell akseptant. Rollene kan også bytast om, idet den potensielle akseptanten kan komme med ein såkalla avvikande aksept, jf. nedanfor.

Du må altså bli kjent med omgrepa:

  • Tilbydar
  • Akseptant
  • Rollebyte
Til toppen

Kva er ein rettsleg bindande avtale?

Latin: Pacta

Avtalen er ei samankopling av to viljeserklæringar – her av tilbod og aksept. Avtalen blir bindande når tilbodet og aksepten ikkje lenger kan trekkjast attende. Avtalelova § 7 inneheld hovudregelen om når ein avtale blir bindande, sjølv om han er forma som ein regel om tilbakekall. Vi skal sjå nærmare på dette under punktet om tilbakekall lenger nede. Sjå punkt 3.1 Grunnprinsippa om rettsverknadene av at partane ikkje held seg til avtalen.

Til toppen

Når er det inngått ein bindande avtale?

3.2_nyn.jpg

Det er inngått ein bindande avtale når det ligg føre

  • eit tilbod (som oppfyller krava til eit bindande tilbod, jf. nedanfor).
  • og ein aksept (som oppfyller krava til ein bindande aksept, jf. nedanfor).

Eit tilbod skaper

  • ein rett for den potensielle akseptanten
  • ei plikt for tilbydaren

Ein aksept skaper

  • ei plikt for akseptanten
  • ein rett for tilbydaren
Til toppen

Når er tilbodet bindande?

For at givaren skal bli bunden av tilbodet, er det fleire krav:

  • Det må vere ei viljeserklæring (også kalla dispositivt – forpliktande – utsegn). Tidlegare var det avgjerande kva givaren hadde meint. I dag er det oppfatninga mottakaren har, som avgjer. Ifølgje Høgsterett vil dette seie at ein part har skrive noko, sagt noko eller oppført seg på ein måte som gir motparten rimeleg grunn til å tru at parten har bunde seg, jf. ovanfor. Jo fleire av dei viktigaste elementa i avtalen som er avtalte, slik som pris, betaling og ytingar, desto lettare kjem Høgsterett til at parten har bunde seg til ein avtale. Det går ei grense mellom viljeserklæring og konversasjon. I det sistnemnde tilfellet har partane ikkje komme like langt i prosessen, har uttalt seg for vagt eller berre vist interesse for forhandling, men ikkje gitt slik rimeleg grunn for motparten til å tru at avtale har komme i stand. Sjå RT-1998-761 Hansendommen i læreboka på side 110. Her var utsegna «We shall take Mr. Hansen to his goal», ikkje klart nok til at det kunne kallast eit tilbod om lån.
  • Avtalemotparten må ha fått kunnskap om tilbodet, jf. avtalelova § 7. Kunnskapskravet er oppfylt ved at tilbodet er lese eller høyrt av mottakaren. Det er altså ikkje nok at det har komme fram, sjå neste punkt om dette. At det ikkje kan kallast attende etter dette tidspunktet, vil nettopp seie at det er bindande frå da av. Grunnen til dette er at før kunnskapstidspunktet har avtalemotparten ikkje behov for å kunne stole på tilbodet.
  • Aksepten av tilbodet må ha komme fram, jf. avtalelova § 7. «Komme fram» vil seie at «den er bragt under slike ytre forhold at avgiveren etter livets alminnelige regel kan regne med at tilbyderen umiddelbart blir kjent med den, slik at det beror på ham selv om dette skal skje eller ikke», jf. forarbeida. Døme på «komme fram» er at eit brev eller ei melding om rekommandert brev ligg i postkassa, eller at det er ein e-post i innboksen.
Til toppen

Når er aksepten bindande?

For at akseptanten skal bli bunden av aksepten, er det fleire krav:

  • Aksepten må vere ei viljeserklæring, jf. ovanfor om dette. Ein «følar» eller berre interesse er altså ikkje nok. Sjå RT-1985-1265 Sveendommen i læreboka på side 110. Her var utsegna «OK» saman med det faktum at partane ikkje hadde snakka om pris og finansiering, ikkje klart nok til at det kunne kallast ein aksept av eit tilbod om å kjøpe ein jordbrukseigedom.
  • Avtalemotparten må ha fått kunnskap om aksepten, jf. avtalelova § 7, jf. ovanfor om dette.
  • Aksepten må ha komme i tide. Aksept av skriftleg tilbod med akseptfrist må ha komme fram før fristen er ute, jf. avtalelova § 2. Har tilbydaren ikkje sett ein akseptfrist, må aksepten ha komme fram innan utløpet av ei rimeleg omrømmingstid og dessutan sendetid for tilbod og aksept, jf. avtalelova § 3(1). Eit munnleg tilbod må aksepterast straks, jf. avtalelova § 3(2). Dersom aksepten kjem for seint fram, er ikkje tilbydaren lenger bunden, og rollene blir bytte slik at den opphavlege tilbydaren blir ein potensiell akseptant, jf. avtalelova § 4(1) og § 5. Unntak blir gjort for det tilfellet der akseptanten trur aksepten kjem i tide, og tilbydaren må forstå dette, men ikkje protesterer, jf. avtalelova § 4(2). Det kan til dømes tenkjast at brevet med aksepten blir forseinka i postgangen, men at tilbydaren kan sjå av poststempelet at det var postlagt i god tid. Tilbydaren må da seie frå (reklamere), dersom han ikkje vil godta aksepten. Denne aktivitetsplikta kan vi sjå på som eit utslag av lojalitetsprinsippet, jf. punkt 3.1 Grunnprinsippa.
    • Regelen i § 3 er nokså elastisk, slik at fristen blir strekt i forhold til hensikta med avtalen. I RT-1912-1051 vart 2 månaders omrømmingstid rekna som innanfor fristen. Her vart det gitt eit tilbod om forlik i ei rettssak (tilbod om å bli samde før retten tok stilling), og akseptfristen var «hurtigst mulig, da saken jo skal opp for Høyesterett». Aksepten 1 månad seinare vart rekna som komme fram innan fristen, fordi han kom fram i god tid før saka skulle opp i retten.
    • Andre forhold som påverkar kva som er rimeleg omrømmingstid, er typen transaksjon (store eller små summar), bransjepraksis og sendingsmetode.
  • Aksepten må ikkje avvike frå tilbodet. Dersom aksepten ikkje dekkjer tilbodet, er ikkje tilbydaren lenger bunden, og rollene blir bytte slik at den opphavlege tilbydaren blir ein potensiell akseptant, jf. avtalelova § 6(1) og § 5. Unntak blir gjort for det tilfellet der akseptanten trur aksepten dekkjer tilbodet, og tilbydaren må forstå dette, men ikkje protesterer, jf. avtalelova § 6(2). At akseptanten trur at aksepten hans dekkjer tilbodet, kan til dømes tenkjast der eit tal er utydeleg skrive. Tilbodet er kanskje på kr 5 000, og han svarer at han aksepterer tilbodet og prisen på kr 3 000. Tilbydaren må da seie frå (reklamere) dersom han ikkje vil godta aksepten. Denne aktivitetsplikta kan vi sjå på som eit utslag av lojalitetsprinsippet, jf. punkt 3.1 Grunnprinsippa.
  • Den potensielle akseptanten må ikkje avslå tilbodet. Dersom han avslår, er tilbydaren ikkje bunden, jf. avtalelova § 5.
  • Den potensielle akseptanten må ikkje halde seg passiv. Dersom den potensielle akseptanten held seg passiv, blir tilbydaren ikkje bunden i utgangspunktet. Unntak følgjer av avtalelova § 9, der akseptanten har bede tilbydaren komme med eit tilbod. Dersom eit slikt tilbod kjem, blir akseptanten bunden sjølv om han held seg passiv. Også avtalelova § 8 byggjer på at passivitet kan binde akseptanten. Situasjonen her er at tilbydaren har erklært at han reknar tausheit som aksept. Men dersom han i ettertid ber om aksept, blir tilbydaren fri dersom akseptanten ikkje reagerer.

Dersom aksepten kjem i tide og er dekkjande for tilbodet, blir tilbydaren endeleg bunden. Tilbod og aksept blir samankopla i ein endeleg, bindande avtale. Dette er kalla avtalemekanismen.

Til toppen

Tilbakekall av tilbodet eller aksepten

Sjølv om ein avtalepart har gitt ei viljeserklæring (eit tilbod eller ein aksept), kan parten unngå å bli bunden av denne dersom han kallar attende viljeserklæringa si i tide, jf. avtalelova § 7.

Kravet er at tilbakekallet må komme fram før eller samstundes med at mottakaren har fått kunnskap om den opphavlege viljeserklæringa. Det vil seie at tilbakekallinga må ha komme fram (liggje i postkassa eller innboksen) før/samstundes med at originaltilbodet (eller aksepten), som eit brev, ein SMS eller ein e-post, er lese og forstått. Eit anna døme på tilbakekalling er at ein part ringjer til motparten og ber han om å makulere brevet.

Hovudregelen er at ein ikkje kan kalle attende etter kunnskapstidspunktet.

Unntak følgjer av avtalelova § 39(2), nytta analogisk: re integra-regelen.

  • Denne regelen blir brukt analogisk ved tilbakekall av viljeserklæringar. Vi seier at vi ikkje kan bruke avtalelova § 39 direkte på tilbakekall, fordi regelen direkte regulerer den situasjonen at god tru blir til vond tru like etter avtaletidspunktet. Første punktum seier direkte at dersom motparten var i god tru om ein ugyldigheitsgrunn på avtaletidspunktet, så er avtalen gyldig. Andre punktum seier at dersom motparten var i vond tru like etter avtaletidspunktet, kan avtalen likevel kjennast ugyldig dersom to vilkår er oppfylte.

Vilkåra for tilbakekall etter kunnskapstidspunktet med heimel i ein analogisk bruk av avtalelova § 39(2) er:

  • Det må liggje føre særlege grunnar. Det skal altså ikkje vere lett å kalle attende etter kunnskapstidspunktet.
  • Motparten ikkje har innretta seg. Det vil seie at motparten ikkje ha gjort noko reint fysisk eller late vere noko på grunn av tilbodet eller aksepten. Døme på dette kan vere at motparten har sagt opp ei leilegheit, kjøpt nye møblar osv. Innrettingsvilkåret kan tenkjast «reparert» dersom motparten også får ei erstatning som «plaster på såret».
  • Av forarbeida går det dessutan fram at det ikkje må ha gått så lang tid mellom kunnskap og tilbakekallet. Kva som er «lang tid», blir vurdert konkret ut frå kvart enkelt tilfelle og ut frå styrken i dei særlege grunnane.

Eit døme er RT-1926-597: A hadde avtalt at B skulle få kjøpe trevarer. Dagen etter kalla A attende tilbodet sitt fordi han ikkje hadde fullmakt til dette (særlege grunnar). B hadde da hatt samtalar med C om mogleg kjøp av desse trevarene. A vart rekna som fri frå avtalen fordi B ikkje hadde innretta seg tilstrekkeleg. Sjå også RT-2012-1904 Leilegheitsdommen på side 111 i læreboka.

Andre moglege måtar å kalle attende på etter kunnskapstidspunktet:

  • Angrefrist etter angrefristlova.
  • Avtalelova er deklaratorisk, jf. § 1. Det vil seie at tilbakekallsretten kan utvidast som følgje av
    • avtale
    • sedvane
Til toppen

Oppsummering av avtalemekanismen

Reglane om korleis tilbod og aksept blir sette saman til ein avtale, kan vi kalle avtalemekanismen.

Vi kan ta utgangspunkt i at A har gitt eit tilbod til B utan å kalle dette attende.

  • Tilbodet bind A når det kjem til kunnskap for B, jf. avtalelova § 7.
  • Retten B har, er avhengig av at han aksepterer tilbodet.

Situasjonen vidare kan utvikle seg på fire måtar:

  1. B kan avslå tilbodet. A er da ikkje bunden, jf. avtalelova § 5.
  2. B kan akseptere tilbodet.
    1. Aksepten må vere dispositiv / ei viljeserklæring. Dersom B uttrykkjer interesse, men at han vil vite meir om kvaliteten på vara osv., er dette ingen aksept med bindande verknad.
    2. Aksepten må dekkje tilbodet. Gjer det ikkje det, utgjer dette eit avslag saman med nytt tilbod, jf. avtalelova § 6 og § 5. Verknaden av at aksepten ikkje dekkjer tilbodet, er at tilbydaren er fri sjølv om akseptfristen ikkje har gått ut, jf. avtalelova § 6(1), jf. § 5. Det er unntak der B trur aksepten dekkjer det opphavlege tilbodet, og A skjøner at B reknar med dette, jf. avtalelova § 6(2). A må da seie frå (reklamere) dersom han ikkje vil godta aksepten.
    3. Aksepten må komme før akseptfristen går ut, jf. avtalelova §§ 2 og 3. Verknaden av at aksepten kjem for seint, er at tilbydaren er fri, jf. avtalelova § 4(1), jf. § 5. Det er unntak dersom B trur aksepten kjem tidsnok, og A skjøner at B reknar med dette, jf. avtalelova § 4(2). A må da seie frå (reklamere) dersom han ikkje vil godta aksepten.
    4. Aksepten må ikkje kallast attende etter reglane i avtalelova § 7 eller etter andre reglar.
  3. B kan forhandle og komme med motforslag.
    1. Motforslag blir rekna som avslag saman med nytt tilbod, jf. avtalelova § 6(1), og set tilbydaren fri, jf. § 5.
    2. Forhandlingar utan å miste tilbodet, og slik at dei blir sett på som avvikande aksept, må handterast slik at B held på tilbodet og held seg innan akseptfristen.
  4. B kan halde seg passiv.
    1. Utgangspunktet er at B ikkje er bunden.
    2. Unntak følgjer av avtalelova § 9. Dersom B har bede A om å komme med eit tilbod og A gjer dette, blir B bunden sjølv om han ikkje svarer på tilbodet.
    3. Unntak følgjer av avtalelova § 8. Her har A i utgangspunktet sagt at tausheit frå B tilseier aksept. Dersom B da held seg passiv, blir han bunden.
      • Ei anna sak er at avtalelova § 8 direkte regulerer den situasjonen at A vil ha eit svar frå B. Dersom han ikkje får eit svar da, er A ikkje lenger bunden av tilbodet sitt.
      • Etter avtalelova § 8 fører altså passivitet til avtale i utgangspunktet. Men dersom A har sagt at B må svare på tilbodet, må B gjere dette for at A skal vere bunden.