Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Ugyldigheit

  1. Kva meint med at ein avtale er ugyldig?
    1. Ein avtale er ugyldig når han er gyldig kalla attende, til dømes i medhald av avtalelova § 7.
    2. Ein avtale er ugyldig når ein av partane ikkje klarer å oppfylle forpliktingane sine på ein måte som gir motparten rett til å heve avtalen.
    3. Ein avtale kan berre bli ugyldig når motparten på ein eller annan måte har opptredd uærleg.
    4. Ein avtale er ugyldig dersom han har eit innhald som gjer at prinsippet om avtalefridom må vike.
    5. Ein avtale er ugyldig dersom han har vorte til på ein måte som blir rekna som uærleg.
    6. Ein avtale er ugyldig dersom han har vorte til ved at ein fullmektig har overskride fullmakta si.
    7. Ein avtale er ugyldig dersom ein av partane var umyndig da han vart inngått.
  2. Ugyldigheitsgrunnar kan vere sterke og svake. Kva er meint med sterk og svak ugyldigheit?
    1. Svak ugyldigheit er ein mangel ved viljeserklæringa som mottakaren berre kan gjere gjeldande når han eller ho sjølv er ansvarleg for mangelen.
    2. Svak ugyldigheitsgrunn er ein mangel ved viljeserklæringa som mottakaren berre kan gjere gjeldande når han sjølv kjende til mangelen.
    3. Svak ugyldigheitsgrunn er ein mangel ved viljeserklæringa som mottakaren berre kan gjere gjeldande når han sjølv kjende eller burde ha kjent til mangelen.
    4. Sterk ugyldigheit er ein mangel ved viljeserklæringa som mottakaren alltid kan gjere gjeldande.
  3. A og B er gifte. A truar med å ta sitt eige liv dersom B ikkje underskriv ein avtale (ektepakt) som gjer felles bustad til særeige for A. Er avtalen ugyldig etter ein eller fleire av reglane i avtalelova?
    1. Avtalelova gjeld ikkje på familierettsområdet, og avtalen kan derfor ikkje rammast av reglane i avtalelova om ugyldigheit.
    2. Avtalen kan bli ugyldig på grunn av avtalelova § 28.
    3. Avtalen kan bli ugyldig på grunn av avtalelova § 29.
    4. Avtalen kan bli ugyldig på grunn av avtalelova § 30.
    5. Avtalen kan bli ugyldig på grunn av avtalelova § 33.
  4. A eig aksjar i flyselskapet Oscar Air. Han har gjennom arbeidet sitt i styret i selskapet fått greie på at selskapet er i ferd med å gå konkurs. A sel aksjane til B som er uvitande om den vanskelige økonomiske situasjonen for selskapet. Aksjekursane går dramatisk ned når opplysningane blir kjende. Kan B få avtalen kjent ugyldig? Vel rett svaralternativ.
  5. A inngår ein avtale om å leige hybel i bustaden til B. Leigesummen blir sett til kr 15 000 per månad. Det viser seg at vanleg marknadsleige for tilsvarande hybel i det same strøket er om lag kr 7 500 per månad. A var ein 18 år gammal gut med IQ på 80. B var ein 50 år gammal mann med høg utdanning og IQ på 120. A ønskjer å få leiga redusert til marknadsleige. Kan avtalen kjennast heilt eller delvis ugyldig?
    1. Avtalen kan kjennast heilt eller delvis ugyldig på grunnlag av avtalelova § 30.
    2. Avtalen kan kjennast heilt eller delvis ugyldig på grunnlag av avtalelova § 36.
    3. Avtalen kan kjennast heilt eller delvis ugyldig på grunnlag av avtalelova § 33.
    4. Avtalen kan kjennast heilt eller delvis ugyldig på grunnlag av avtalelova § 31.
  6. A kjøpte ein eigedom for to år sidan for kr 500 000 og sel han vidare til B. For å unngå skatt på gevinsten blir det avtalt ein formell salspris på kr 600 000 og ein hemmeleg tilleggsavtale om at B skulle betale ytterlegare kr 200 000 («under bordet»). Den verkelege kjøpesummen var altså kr 800 000. Etter å ha betalt kr 600 000 hevdar B at tilleggsavtalen er ugyldig.
    1. Tilleggsavtalen kan vere ugyldig på grunnlag av NL-5-1-2.
    2. Tilleggsavtalen kan vere ugyldig på grunnlag av avtalelova § 29.
    3. Tilleggsavtalen kan vere ugyldig på grunnlag av avtalelova § 36