Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Tolking av rettsreglane i avtaleretten

Innhold

Grunnprinsippa
Generelt
Inngåing av avtalar
Fullmaktsforhold
Fullmaktstypar
Ugyldige avtalar

AVTALERETT Rettsleg grunnlag Tolking
GRUNNPRINSIPPA Norsk lov
Formfridom NL 5-1-1 «Mund, Hånd og Segl» = Formfridom. Munnlege avtalar er like bindande som skriftlege. (Det finst unntak).
Avtalefridom NL 5-1-2 «Andet hvad navn der nævnis kan» = Avtalefridom. Ein kan inngå avtalar med kven og med kva innhald ein vil. (Det finst unntak).
Avtalar skal haldast NL 5-1-1 og NL 5-1-2 «Pliktig at efterkomme» og «skulle holdis i alle deris Ord og Puncter». Avtalar er bindande og skal gjennomførast.
Lojalitetsprinsippet Ulovfesta. Utslag av dette prinsippet i avtl. §§ 33 og 36 Partane skal ta rimeleg omsyn til interessene til kvarandre ut frå føresetnadene deira. Gjeld i alle kontraktsforhold.
Til toppen
AVTALERETT Rettsleg grunnlag Tolking
GENERELT Avtalelova frå 1918
Bruksområde § 41 Lova gjeld avtalar på «Formuerettens område». Døme: Avtalar om kjøp, sal, leige, lån og arbeid. Ikkje avtalar om til dømes ekteskap og barnefordeling. § 9 utelèt også internasjonale kjøp.
Fråvikeleg § 1 «Andet følger av retshandelen eller av handelsbruk eller anden sedvane». Lova kan fråvikast ved avtale (deklaratorisk) eller annan praksis mellom partane. Dette følgjer også av prinsippet om avtalefridom.
Til toppen
AVTALERETT Rettsleg grunnlag Tolking
INNGÅING AV AVTALAR Avtalelova frå 1918
Akseptfrist
§ 2 Tilbodet kjem med ein akseptfrist sett av tilbydaren. Aksepten må ha komme fram før fristen er ute.
§ 3 Tilbodet kjem utan akseptfrist. Aksepten må ha komme fram før sendetid for tilbodet + sendetid for aksepten + «rimelig tid til at overveie». Områdingstida blir avgjord etter ei konkret vurdering avhengig av typen transaksjon, oppfatninga i bransjen osv.
§ 4 (1) For sein aksept = avslag og rollebyte, der opphavleg akseptant blir tilbydar. Den opphavlege tilbydaren står fritt til å akseptere det nye tilbodet.
(2) Akseptanten trur aksepten kjem i tide, tilbydaren må forstå dette og må protestere (reklamere) for ikkje å vere bunden i ein avtale i samsvar med aksepten.
§ 5 Avslag på tilbod set tilbydaren med ein gong fri frå å vere bunden av tilbodet sitt, sjølv om akseptfristen ikkje er ute.
Aktivitetsplikt/passivitetsreglar
§ 8 Tilbydaren har i utgangspunktet rekna passivitet frå motparten som aksept (og er såleis bunden sjølv), men ber i ettertid om uttrykkjeleg svar. Passivitet frå akseptanten etter slik førespurnad, set tilbydaren fri (ubunden). Utslag av lojalitetsprinsippet.
§ 9 Førespurnad frå potensiell akseptant («uten forpliktelse») om at potensiell motpart skal komme med eit tilbod + det kjem eit tilbod innan rimeleg tid = bindande avtale dersom ikkje den potensielle akseptanten avslår utan «ugrundet opphold».
Avvikande aksept
§ 6 (1) Avvikande aksept = avslag og rollebyte, der opphavleg akseptant blir tilbydar. Den opphavlege tilbydaren står fritt til å akseptere det nye tilbodet.
(2) Akseptanten trur aksepten dekkjer tilbodet, tilbydaren må forstå dette og må protestere (reklamere) for ikkje å vere bunden i ein avtale i samsvar med aksepten.
Tilbakekall av viljeserklæring
Tilbakekall etter vanlege reglar § 7 Regulerer tilbakekall av alle viljeserklæringar (døme: tilbod, aksept og avslag). Ein avtalepart kan angre dersom melding om dette kjem fram før/samstundes med at opphavleg viljeserklæring kjem til kunnskap.
Tilbakekall re integra § 39.2 Tilbakekall etter kunnskap, men re integra (før noko har skjedd). Blir brukt analogisk på tilbakekall av avtalar. Motparten må ikkje ha innretta seg, og det må liggje føre særlege grunnar. Døme: Kjøp av eigedom blir angra fordi kjøparen vart lagd inn på sjukehus og var ikkje lenger i økonomisk stand til å betale.
Bindande avtale
Når blir ein avtale bindande? § 7 Regulerer tidspunktet for når ein part blir bunden: Tilbod bind når det har komme til kunnskap og aksepten har komme fram. Aksepten bind når han har komme til kunnskap. Avtale ligg føre når tilbodet og aksepten er bindande.
Til toppen
AVTALERETT Rettsleg grunnlag Tolking
FULLMAKTSFORHOLD
Verknad av fullmakt
§ 10(1) «retshandelen ret og pligt umiddelbart for fuldmagtsgiveren.» Når fullmektigen bruker fullmakta si, blir avtalen bindande for fullmaktsgivaren.
Fullmaktsforhold
§ 10(1) «i fuldmagtsgivers navn». Fullmektigen må ha tildelt kompetanse, og fullmektigen må ha handla i namnet til fullmaktgivaren.
Til toppen
AVTALERETT Rettsleg grunnlag Tolking
FULLMAKTSTYPAR
Stillingsfullmakt § 10(2) «stilling». Fullmaktsgivaren har plassert fullmektig i ei stilling. Kan vere som ei tilsetjing eller som eit enkeltoppdrag, til dømes som ansvarleg arkitekt eller rådgivande ingeniør.
Fråsegnsfullmakt Skal vere synleg for tredjepersonen. Meint å bli vist fram …
§ 13 … som ei erklæring, til dømes ved å ta ein telefon til tredjemann
§ 14 … som ein annonse
§ 16 … som eit dokument
Oppdragsfullmakt § 18 «bare meddelt (…) til fuldmægtigen». Denne fullmakta er altså berre nemnd til fullmektigen og ikkje til tredjepersonen
Toleransefullmakt Ulovfesta Fullmaktsgivaren har ikkje tildelt fullmektigen kompetanse reint formelt.
Interesseavveging mellom fullmaktsgivaren og tredjepersonen.
Vernar dei rettkomne forventningane til tredjepersonen, basert på at fullmektigen over lengre tid har inngått avtalar utan at fullmaktsgivaren har reagert.
Krevst at fullmaktsgivaren visste om avtalane.
Tredjepersonen må vere i aktsam god tru og ha innretta seg.
Kombinasjonsfullmakt Ulovfesta Fullmaktsgivaren har ikkje tildelt fullmektigen kompetanse reint formelt.
Interesseavveging mellom fullmaktsgivaren og tredjepersonen.
Vernar dei rettkomne forventningane til tredjepersonen, basert på at det ligg føre ulike omstende som samla gir tredjepersonen grunn til å tru at det ligg føre fullmakt.
Tilbakekall
Stillingsfullmakt § 15 Blir fjerna frå stillinga
Fråsegnsfullmakt § 13 Som ei ny erklæring
Fråsegnsfullmakt § 14 Blir tilbakekalla per annonse
Fråsegnsfullmakt § 16 Dokumentet må bli gitt attende eller øydelagt
Oppdragsfullmakt § 18 Seie frå til fullmektigen
Grensa for fullmakta
Stillingsfullmakt § 10(2) Grensa for fullmakta følgjer av «lov og sedvane». Kva tredjepersonen synest ligg innanfor kompetanseområdet for stillinga.
Fråsegnsfullmakt § 10(1) jf.
§§13,14 og 16
Følgjer av kva som kan tolkast ut frå det som er sagt eller skrive til tredjepersonen. Høgsterett har uttalt at legitimasjonen blir bestemt av det tredjepersonen med rimelegheit kan leggje i det som er meldt.
Oppdragsfullmakt § 10(1) jf. § 18 Rekk ikkje lenger enn det fullmaktsgivaren har sagt til fullmektigen.
Grensa for instruksen og aktsam god tru
Stilling og fråsegnsfullmakt § 11(1) «i strid med forskrifter(…)». Dersom fullmektigen bryt instruksen, blir avtalen ikkje bindande dersom tredjepersonen «forstod dette eller burde ha forstaat det». Vernar godtruande tredjeperson.
Oppdragsfullmakt § 11(2) Ved instruksbrot blir avtalen ikkje bindande uansett. Grensa for fullmakta og instruksen fell saman. Vernar fullmaktsgivaren.
Erstatningsansvaret til fullmektigen
§ 25 Dersom fullmektigen handlar ut over fullmakta, blir avtalen ikkje bindande. Tredjemann kan da krevje erstatning av fullmektigen. Unntak der han forstod eller burde forstått dette.
Til toppen
AVTALERETT Rettsleg grunnlag Tolking
UGYLDIGE AVTALAR
Grov tvang § 28 «Fremtvunget ved vold … trusler, som fremkalder grundet frygt for nogens liv …». Ein påverkar viljen til givaren til å komme med ei dispositiv utsegn ved anten å true med vald mot ein person eller utsetje nokon for vald.
Tvang § 29 «Anden tvang». Til dømes truslar om å publisere nakenbilete på Facebook, offentleggjere skadelege opplysningar, truslar om hærverk. Må vere ulovleg. Kan ikkje brukast mot godtruande medkontrahent.
Svik § 30 «Svik». Forsettleg villeiing eller tilbakehald av opplysningar ein måtte forstå var avgjerande. Kan ikkje brukast mot godtruande medkontrahent.
Åger og utnytting § 31 «Utnyttet». Også kalla utbytting eller åger.
Feilskrift og forvansking § 32 Skrive feil. Nokså praktisk.
Mot ærleg og god tru § 33 Uærlegdom. Vilkår: Omstende. Kjende eller burde kjenne til. Strir mot ærlegdom og god tru. Ulovfesta vilkår: Verka motiverande. Konsumerer §§ 28, 29, 31
Urimelege avtalar § 36 Konsumerer §§ 28, 29, 31