Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Prinsipp i avtaleretten

  1. Kva for tre prinsipp byggjer avtaleretten på? Avtaleretten byggjer på desse tre grunnleggjande prinsippa:
    1. Avtalefridom
    2. Formfridom
    3. Avtalar skal haldast
  2. Prinsippa kjem til uttrykk i Kristian V’s Norske Lov i artiklane NL 5-1-1 og 5-1-2. Kva for formuleringar i reglane kan knytast til dei tre prinsippa?
    1. Avtalefridom: NL 5-1-2. Sjå formuleringane «…andet ved hvad Navn Nævnis kand…» som kjem etter ei oppramsing av nesten alle moglege kategoriar av avtalar.
    2. Formfridom: NL 5-1-1. «Mund» tyder munnleg, «Haand» vil seie å avslutte ein avtale med handhelsing (munnleg). «Segl» tyder signatur (skriftleg). Hovudregelen er derfor at munnlege avtalar er like bindande som skriftlege. Prinsippet kjem også til uttrykk i NL 5-1-2, sjå «saasom de indgangne ere».
    3. Avtalar skal haldast: NL 5-1-2, sjå «… skulle holdis i alle deris Ord og Puncter …»
  3. Gi døme på avgrensingar i (unntak frå) dei tre prinsippa i avtaleretten. Avtalefridommen blir avgrensa av NL-5-1-2. Avtalar må ikkje vere «…imod Loven, eller Ærbarhed…» Det vil seie at avtalar om å gjere ulovlege handlingar ikkje er bindande. Forbodet gjeld også avtalar mot ærlegdom, det vil seie umoralske handlingar eller avtalar som i for stor grad forpliktar den personlege fridommen(til dømes ein avtale om å inngå ekteskap (forloving)). Avtalefridommen er også avgrensa av ufråvikeleg lovgiving som forbrukarkjøpslova frå 2002 og angrerettlova (2014).

    Prinsippet om formfridom er avgrensa av nokre lovbestemte krav til skriftlegheit. Ei ektepakt (avtale om formuesforhold mellom ektefellar) eller ein arbeidskontrakt må til dømes vere skriftleg.

    Prinsippet om at avtalar skal haldast, må tolkast i lys av at avtalar kan kjennast ugyldige. NL 5-1-2 føreset at avtalar er gjorde frivillig av myndige personar. Avtalar som har komme til under tvang, er ugyldige. Det same gjeld avtalar inngått av umyndige personar.