Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Metodetips

Vegen vidare …

Mange slit med å formidle eigne kunnskapar og ferdigheiter på skoleprøver og til eksamen. Derfor har vi valt å lage ein vegvisar om å formidle eigen kompetanse knytt til nokre tema. Vi tek utgangspunkt i kompetansemåla og dei grunnleggjande ferdighetene i faget slik dei går fram av læreplanen.

Kompetansemål

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • gjere greie for hovudprinsippa i juridisk metode
  • identifisere rettsspørsmål og bruke prinsippa i juridisk metode til å løyse dei
  • bruke juridiske omgrep, rettsreglar og den juridiske metoden når du drøftar og løyser rettsspørsmål

Innhald

Kva er juridisk metode?
Grunnprinsippa som ein må bruke i eit godt svar
Meir om problemstilling
Meir om rettsleg grunnlag
Meir om tolking
Meir om subsumsjon
Lær meir om konklusjon
Nokre tips før eksamen
Metodetips for løysing av oppgåve om avtaleinngåing
Metodetips for løysing av oppgåve om fullmakt

Kva er juridisk metode?

Juridisk metode er ein framgangsmåte ein rettsbrukar (dommaren, advokaten, du …) nyttar for å løyse eit rettsspørsmål. Vi kan samanlikne dette med slalåm, der vegen frå start til mål er metoden (framgangsmåten).

Eit rettsspørsmål er eit spørsmål som dreier seg om rett og plikt, der det krevst kjennskap til lover og reglar for å kunne løyse det. I jussverda bruker vi omgrepet «problemstilling» oftare enn «rettsspørsmål». Derfor er det «problemstilling» vi bruker vidare her.

Juridisk metode for juss-studentar:
Skal du studere juss etter vidaregåande skole, går det fram av planen at studenten skal kunne:

  • Identifisere, drøfte og løyse rettslege problemstillingar

Dette kjenner du att frå rettslærefaget. Skilnaden er at det blir stilt høgare krav til bruken av fagomgrep, presisjon, kjeldebruk, tolking og drøfting. Som student må du også kjenne fleire reglar.

Til toppen

Grunnprinsippa som ein må bruke i eit godt svar – slalåmløypa

Du KAN …

Mange liker å innleie heile svaret med

  • Kven som er partar i tvisten
    • «Tvisten er mellom (her nemner du partane).»
  • Kva påstandar partane kjem med.
    • «Partane har desse påstandane …»
    • Dette er det same som eit krav. Døme: «Hevingskravet»
  • Kva for lov(er) som er aktuelle.
    • «Tvisten skal drøftast og løysast med grunnlag i …» Her nemner du den eller dei lovene du bruker/eventuelt rettspraksis osv.
    • Hugs at det er skilnad på ei lov og ein lovregel. Døme: Forbrukarkjøpslova er ei lov, men forbrukarkjøpslova § 32 er ein lovregel. Lova er den du skal leite i, og lovregelen er det rettslege grunnlaget du bruker for eit spesifikt krav.

Du MÅ …

For å skrive eit godt svar på ei oppgåve skal du ha med desse fem punkta:

  1. Finne og formulere problemstillingane
    Vi kan samanlikne problemstillinga med starten i slalåmdømet ovanfor. Startar du på feil stad, ber det gale av stad.
  2. Finne og skrive aktuelt rettsleg grunnlag
    Dette utgjer dei portane du skal gjennom, det er retninga du skal styre etter.
  3. Tolke ord, uttrykk og vilkår i det rettslege grunnlaget
    I slalåmdømet utgjer dette at du kartlegg portane.
  4. Subsumere (subsumsjon, drøfte)
    • Her er det «dansen» gjennom portane som kan vere eit bilete på drøftinga. Nokre er lette å passere (enkel subsumsjon), andre er meir kompliserte (du må drøfte). Jo betre du dansar, desto betre blir resultatet. Denne delen utgjer den viktigaste delen av løpet.
  5. Konklusjon
    Dette er målet i slalåmløypa. Løpet er ferdigkøyrt. Men du skal kanskje køyre fleire rundar (fleire problemstillingar).
Til toppen

Meir om problemstilling – start

Finne og formulere problemstillingane

Å løyse ei oppgåve i rettslære handlar om å finne rettsspørsmålet, reglar som skal til for å løyse dette, og å bruke desse reglane til å løyse spørsmålet.

  • Desse kan du finne ved å lese kva partane påstår.
  • Du må sjølv formulere problemstillingane.
  • I tillegg kan det hende at du må ta for deg problemstillingar som går fram av det partane seier, men ikkje uttrykkjeleg påstår.
  • I nokre oppgåver er problemstillingane formulerte. I andre får du beskjed om «drøft og løys rettsspørsmåla oppgåva reiser», slik som i eksamensoppgåver.

Det som ikkje er så tydeleg, er at du må stille spørsmål «heile tida». Sanninga er at jo fleire gode spørsmål du stiller, desto betre forståing viser du. La oss ta eit døme:

  • Problemstillinga er om avtalen er bindande.
  • Rettsleg grunnlag for å løyse dette spørsmålet, er avtalelova § 7.
  • Denne regelen må tolkast. Det krevst eit tilbod, og ein aksept som må ha komme til kunnskap. Her bør du stille spørsmåla:
    • Er det eit tilbod?
    • Er det ein aksept?
    • Kva betyr «komme til kunnskap»?
    • Har tilbodet komme til kunnskap?
    • Er aksepten rettidig (komme fram tidsnok)?
    • Dekkjer avtalen tilbodet?

Hovudproblemstillingar og underproblemstillingar

Hovudproblemstilling:

  • Det er dei krav partane kjem med. Døme: Krav om å få gjennomført avtalen.
  • Her må du først omformulere dette til problemstillinga om avtalen er bindande. Døme: «Er avtalen mellom Peder Ås og Marte Kirkerud bindande?»
  • Det er som regel fleire hovudproblemstillingar i ei oppgåve på eksamen.

Underproblemstilling:

  • For å ta stilling til éi hovudproblemstilling må du som nemnt ofte ta stilling til fleire delspørsmål. Dette er her kalla underproblemstillingar.
  • Bindingsspørsmålet ovanfor krev drøfting av to underproblemstillingar (som igjen kanskje genererer enda fleire problemstillingar):
    • Ligg det føre eit bindande tilbod?
    • Ligg det føre ein bindande aksept?
      • … eller kjem aksepten for seint?
      • … eller er aksepten avvikande?
Til toppen

Meir om rettsleg grunnlag – portane

Finne og skrive aktuelt rettsleg grunnlag

  • Rettsleg grunnlag, vil seie den regelen partane hentar støtte i for kravet sitt (rettsleg grunngiving).
  • I jussen bruker ein omgrepet «heimel».
  • Rettsleg grunnlag for eit krav finn du i rettskjeldene. Det er som oftast ein lovregel. Heimel for bindingsspørsmålet ovanfor er avtalelova § 7.
  • Men skal du finne ut om det ligg føre ei kombinasjonsfullmakt, må du hente det rettslege grunnlaget i ulovfesta rett (rettspraksis).
  • Det rettslege grunnlaget kan også vere juridisk teori, forarbeid, reelle omsyn, forvaltningspraksis og sedvane.
Til toppen

Meir om tolking – kartlegging av portane

Tolke ord, uttrykk og vilkår i det rettslege grunnlaget

  • Her forklarer du ord, uttrykk og vilkår i det rettslege grunnlaget. Døme: For at ein avtale skal vere bindande, må for det første tilbodet ha «komme til kunnskap». Det vil seie at det må vere kjent for Marte Kirkerud.
  • Du tolkar eventuelt innskrenkande, utvidande, analogisk eller antitetisk ved å bruke rettskjeldene (kva har Høgsterett sagt her, kva tilseier forarbeida, reelle omsyn osv.).
  • Du klargjer innhaldet av ein regel.
  • Her er det elegant om du avsluttar tolkinga med ei presiserande problemstilling som: «Har Marte Kirkerud lese e-posten?»
Til toppen

Meir om subsumsjonen og drøftinga – dansen rundt portane

Subsumere (subsumsjon, drøfte)

  • Her skal du trekkje inn faktum og sjå om rettsregelen er oppfylt. Det vil seie at du vurderer om vilkåra er oppfylte.
  • Tidvis kan du gjere dette kort. Døme: Marte Kirkerud las e-posten 28. mai kl. 13.00.
  • Andre gonger, når det er rom for det, må du argumentere for og imot ei løysing (vere «advokat» for begge partar). Det er dette som er sjølve drøftinga. Døme: Marte Kirkerud opna dokumentet, men rakk berre å sjå overskrifta. Det som taler imot kunnskap, er… Det som taler for at kunnskapsvilkåret er oppfylt, er…
  • Drøftinga skal vere sakleg og balansert, utan personlege synspunkt. Du skal altså grunngi argumentasjonen i rettskjeldene.
  • Gi eventuelt uttrykk for tvil her, men set ord på den løysinga du «hallar mot».

Tips:

  • Dette er ein struktur som er meint som eit oppsett for å få fram dei fem punkta du må vurdere.
  • Når du skal løyse oppgåver, tolkar du kanskje fleire vilkår. Da er det mest elegant å tolke først og så subsumere fortløpande i ein slags fletteteknikk.
  • Du tolkar til dømes «omstendighet» i avtalelova § 33 (tolking). Deretter tek du stilling til om faktum i oppgåva tilseier at det ligg føre eit omstende (subsumsjon). Deretter tolkar du vilkåret «på avtaletida», og så tek du stilling til dette. Slik tek du for deg vilkår for vilkår.
Til toppen

Meir om konklusjon – mål

Delkonklusjon

  • Som nemnt ovanfor må du avgjere fleire underproblemstillingar. Døme: «Ligg det føre eit bindande tilbod?» Her må du da delkonkludere.
  • Deretter tek du stilling til neste underproblemstilling, der du igjen undersøkjer punkta 2–4, og tek ein delkonklusjon.

Hovudkonklusjon

  • Her svarer du på hovudproblemstillinga.
  • Konklusjonen er avhengig av delkonklusjonane dine og skal gi eit klart og eintydig svar på rettsspørsmålet (sjølv om du er i tvil).
  • Konklusjonen skal vere kort (på éi eller to setningar).
  • Her er du «dommar».

Deretter er det eventuelt ei ny hovudproblemstilling der du tek heile prosessen frå punkt 1 til 5 på nytt.

Til toppen

Nokre tips før eksamen

Korleis bør du arbeide for å vere best mogleg førebudd? Dette er sjølvsagt individuelt, men noko er det lurt å gjere for alle:

  • Løys oppgåver!
  • Lær deg dommar!
    Døme: Finn ein dom som viser når ein avtale er bindande, og ein annan som viser det motsette. Bruk så desse to til å samanlikne med faktum i oppgåva di. Trekkjer du fram likskapar og ulikskapar, viser du god forståing.

Som du såg av «Meir om problemstilling – start», går oppgåva ut på nokre store problemstillingar som konklusjonen skal gi svar på. Undervegs skal du stille og svare på fleire delspørsmål. Du kjenner nok att mange av delspørsmåla frå «Test deg sjølv»-spørsmåla. Når du gjer øvingar, kan du ta inn delspørsmåla undervegs i drøftinga.

  • Les læreboka og gjer alle «Test deg sjølv»-spørsmåla
  • Løys øvingar, og sjekk om du kan bruke «Test deg sjølv»-spørsmåla og -svara undervegs i drøftinga av øvingane.

Kva skal du svare på?

  • Svar berre på det oppgåva «spør» om, og svar på alt oppgåva «spør» om.

Kva skal du ikkje svare på?

  • Ver kritisk til kva for spørsmål som skal få plass, og kva for spørsmål du skal la vere å behandle.
  • Unngå freistingar! Det kan vere freistande å ta for seg alt om eit emne, men da blir det meir ei teorioppgåve enn ei case-løysing.
  • Tenk deg at du får ei oppgåve der problemstillinga er om ein aksept har komme i tide. Det er heilt tydeleg at han er dekkjande (ikkje avvikande). Avtalelova § 6(2) skal da ikkje drøftast sjølv om du kan henne godt. Dersom du vil markere at du kan reglane i § 6(2), så nemn eventuelt med éi kort setning at «det er ikkje aktuelt å vurdere om unntaket i andre ledd kan nyttast».

Korleis skal du bruke faktum (historia) i oppgåva?

  • Du kan godt nemne innleiingsvis namnet på partane og påstandane dei kjem med.
  • Du skal bruke faktum i samband med subsumsjonen. Her «fører du faktum inn under rettsregelen».
  • Unngå attforteljing av faktum.
  • Kan du tenkje deg at du er sensor og skal rette 200 oppgåver på relativt kort tid? Og så får du side opp og side ned med attforteljing av ei historie i oppgåva som du kan i søvne? Av læraren din risikerer du da ei tilbakemelding om at «du skal svare på oppgåva, ikkje skrive ei novelle!» Det blir for lite rettslære til å oppnå eit godt resultat.

Kor viktig er det å drøfte?

  • Det er drøftinga som er det viktigaste. Dersom du klarer å argumentere for og imot ei løysing ved å bruke rettskjeldene, så blir nivået mykje høgare.
Til toppen

Metodetips for løysing av oppgåve om avtaleinngåing

Oppgåve

Fritidsbåtar AS lanserte fritidsbåten «Havbris» til ein introduksjonspris på kr 850 000. Båttypen var ein nyutvikla modell, og siste tilbodsdag var 1. april. Den siste tilbodsdagen vart prisen sett ned med ytterlegare kr 50 000. Dette vart kunngjort same dagen gjennom ein omfattande annonsekampanje.

Kåre Krabben hadde i lengre tid vurdert å skaffe seg ein fritidsbåt. Da han fekk vite om dette tilbodet seint på føremiddagen 1. april, kontakta han straks salskontoret til Fritidsbåtar AS. Han kom til kontoret fem minutt før stengjetid og tok direkte kontakt med salsrepresentanten hos Fritidsbåtar, Trine Tangen. Krabben sa til representanten at han hadde bestemt seg for å kjøpe båttypen «Havbris» til tilbodsprisen på kr 800 000.

Tangen og Krabben vart under samtalen samde om at båten skulle leverast 20. april ved bryggjeplassen Krabben hadde i Storfjordvik. Det økonomiske oppgjeret skulle skje same dagen som båten vart overlevert. Krabben opplyste at han skulle betale kontant. Han hadde spart pengar til dette i fleire år, og no skulle draumen om eigen båt realiserast. Dei vart vidare samde om at Krabben skulle komme innom kontoret 3. april for å underteikne kontrakten, fordi salskontoret no var stengt. Tangen hadde heller ikkje fleire kontraktutkast på kontoret sitt.

Kåre Krabben var sambuar med Silje Sjøen. Kåre vart svært fortvilt da han 2. april fekk vite at sambuaren hadde gjort eit betydeleg underslag hos arbeidsgivaren sin. Ho hadde over ein treårs-periode underslått totalt kr 900 000. Kåre betalte med ein gong det underslåtte beløpet til arbeidsgivaren. Dette var heile den oppsparte kapitalen hans, som han mellom anna skulle nyttast til båtkjøpet.

På grunn av denne nye situasjonen hadde han ikkje lenger råd til å kjøpe båten. Han tok straks kontakt med Fritidsbåtar AS og fortalde kva som hadde hendt. Han sa at han likevel ikkje ville akseptere tilbodet om båtkjøpet, og derfor heller ikkje ville komme og underteikne kontrakten. Trine Tangen stilte seg heilt avvisande til dette. Ho sa at Krabbens privatliv verken vedkom henne eller forretninga. Ho hevda at det låg føre ein bindande avtale. Dette nekta Krabben for. Han meinte vidare at den nye økonomiske situasjonen som låg føre, under alle omstende måtte føre til at han ikkje lenger kunne vere bunden til ein eventuell avtale.

Drøft dei rettslege problema i oppgåva.

Frå eksamensoppgåve

Løysingsforslag og kommentar

Tema Problemstillingar Aktuelle rettsreglar
Avtalerett Spørsmålet om avtalen er bindande? Avtalelova § 7
Avtalelova § 39 andre punktum
Avtalelova § 36

Tvisten mellom Kåre Krabben og Fritidsbåtar AS reiser spørsmålet er om det er inngått ein bindande avtale mellom partane. Krabben kan presentere fleire grunnlag for at han ikkje er bunden av avtalen. Reglane i avtalelova frå 1918 blir lagde til grunn for å løyse tvisten.

(1) For det første kan Krabben hevde at bindande avtale ikkje vart inngått fordi avtalen ikkje vart underteikna 3. april. Samtalane før møtet var berre forhandlingar og sonderingar, ikkje utveksling av viljeserklæringar som avtalelova § 7 føreset.

Krabben sa at han hadde bestemt seg for å kjøpe båttypen «Havbris» til tilbodsprisen kr 800 000 med levering 20. april. Denne utsegna er så konkret og detaljert at mykje taler for at vi har med ei viljeserklæring å gjere. Men det kan tenkjast at han berre signaliserte at den endelege viljeserklæringa ville komme på møtet 3. april.

Avtaler blir vanlegvis tolka mot den som burde talt tydelegare. Vi har med ein nokså stor og viktig kontrakt å gjere, og da burde kanskje salsrepresentanten sørgd for å dokumentere avtalen mellombels på vanleg brevpapir. Det er nokså opplagt at båtfirmaet har ei tung bevisbyrde når retten skal overtydast om at ein munnleg avtale kom i stand.

På dette grunnlaget vil eg under tvil konkludere med at avtale ikkje har komme i stand.

(2) Krabben kan også skyte seg inn under den såkalla re integra-regelen, jf. avtalelova § 39 andre punktum. Regelen blir nytta analogisk fordi han eigentleg er meint på noko anna enn å utvide tilbakekallsretten etter avtalelova § 7.

Avtalelova § 7 seier at eit tilbakekall av ei viljeserklæring er verksam dersom det kjem fram til den andre parten før eller samstundes med at viljeserklæringa kom til kunnskap. Regelen seier ingenting om kva som skjer dersom tilbakekallet kjem etter dette tidspunktet. Regelen kan derfor ikkje tolkast antitetisk. Lovgivaren var bevisst på dette, og det er nemnt i forarbeida at det kan førekomme situasjonar der tilbakekallsretten bør utvidast.

Her blir det spørsmål om underslagssaka er ein særleg grunn som utvidar tilbakekallsretten til dagen etter kunnskapstidspunktet. I teori og praksis blir det lagt vekt på kor lang tid som har gått etter at viljeserklæringa kom til kunnskap, graden av innretting etter avtalen og om avtalen gjeld næringsdrivande. Det er også nemnt i forarbeida at det ikkje skal vere kurant å bruke avtalelova § 39 andre punktum.

Underslagssaka dukka opp dagen etter den munnlege avtalen, og båtfirmaet hadde sannsynlegvis ikkje gjort noko meir med saka. Avtalen vart inngått med ein forbrukar, og grunnen til at han ombestemte seg, er rimeleg god. Eg legg derfor til grunn at avtalen ikkje er bindande.

På dette grunnlaget vil eg konkludere med at avtale ikkje har komme i stand.

(3) Ei tredje moglegheit for Krabben er å hevde at avtalen er ugyldig etter avtalelova § 36, jf. formuleringa «senere inntrådte forhold». Det er greitt å vere klar over at avtalelova § 36 er ein ugyldigheitsgrunn for bindande avtalar, mens avtalelova § 39 andre punktum dreier seg om grunnar for å utvide retten til å kalle attende viljeserklæringar.

Læra om brestande føresetnader kan knytast til formuleringa «senere inntrådte forhold» i § 36. La oss undersøkje om avtalen kan bli ugyldig etter læra om brestande føresetnader. Kan han det, blir han også ugyldig etter avtalelova § 36.

Kommentar til spørsmålet om brestande føresetnader …

Læra om brestande føresetnader kan kort samanfattast slik: Føresetnader kan vere individuelle eller allmenne. Dei siste er føresetnader som begge partar har eller kan reknast for å ha lagt til grunn for avtalen. Dersom slike føresetnader brest og dei er vesentlege, kan avtalen kjennast ugyldig. Individuelle og personlege føresetnader som berre den eine parten hadde da avtalen vart inngått, fører ikkje til ugyldigheit. Det kan neppe vere tvil om at føresetnaden om at det ikkje skulle bli nødvendig å redde sambuaren frå ein underslagstiltale, var ein personleg og individuell føresetnad. Det er dessutan støtte i både teori og praksis for at pengemangel ikkje er ein relevant brestande føresetnad for avtalar. Eg konkluderer derfor med at avtalen ikkje er ugyldig på grunnlag av avtalelova § 36.

På dette grunnlaget vil eg konkludere med at avtale ikkje har komme i stand.

Til toppen

Metodetips for løysing av oppgåve om fullmakt

Oppgåve

Kompetansemål:

Du skal kunne bruke reglane om fullmakt.

Vurderingskriterium:

Prestasjonen din vil bli vurdert ut frå kor godt du:

  • Forstår og bruker kunnskapar og juridisk metode
  • Bruker faglege omgrep på ein relevant måte
  • Drøftar dei rettslege spørsmåla på ein forsvarleg måte
  • Kjem fram til logiske konklusjonar ut frå drøftingane dine

Warda eig butikken «Dress U up and change your life». Ho har stor suksess og har så mange kundar at ho må tilsetje ein butikkassistent. Det er mange søkjarar, og ho vel å tilsetje Donjeta.

Ei populær vare i butikken er jakka «Goosebump». Ho er laga av ekte gåsefjør og har vorte ei merkevare som særleg ungdom spør etter. Jakka blir seld så snøgt at det ofte er utselt. Igjen og igjen må Warda etterspørje denne populære jakka frå produsenten.

I januar er det sal i butikken, og alle haustvarene blir sette ned til 50 %. Elles er det ordinær (full pris) på kleda og på alle accessoirar. Jakka «Goosebump» blir ikkje sett ned i pris fordi ho uansett blir seld så lett. Dette informerer Warda Donjeta dei tilsette om.

Når så Donjetas venninne, Amna, kjem inn i butikken og vil kjøpe noko kult, fortel Donjeta at jakka «Goosebump» er eit «must». Donjeta fortel vidare at Amna er heldig. Det er nemleg berre éi jakke att, og det er Amnas storleik.

Amna blir freista og prøver jakka. Men ho blir bleik om nebbet når ho ser prisen. Donjeta seier at ho skal få 50 % avslag på full pris. Amna blir overraska og glad. Ho slår til.

Når Warda oppdagar dette, blir ho svært sint. Ho krev at Donjeta ringjer til venninna si og fortel Amna at kjøpet er ugyldig. Amna protesterer heftig. Ho har alt hatt stor glede av jakka på skolen. Ho blir også skuffa over venninna og seier at det i alle fall ikkje er ho som skal lide for dette.

Drøft og løys problemstillingane oppgåva reiser.

Førebuing til løysing av oppgåva

Finne og formulere problemstillingane

Hovudproblemstillinga i oppgåva

  • Hovudspørsmålet her er om avtalen som er inngått ved ein fullmektig, blir bindande for fullmaktsgivaren og tredjepersonen.

Det er fem forhold ein må undersøkje for at ein avtale skal vere bindande. Desse fem utgjer kvar si underproblemstilling.

  1. Er det eit fullmaktsforhold?
    1. Fullmaktsgivaren må ha tildelt fullmektigen kompetanse. Dersom dette ikkje har skjedd, kan heller ikkje fullmaktsgivaren bli bunden av ein avtale som er inngått av ein annan.
    2. Fullmakta må vere nytta. Dersom fullmektigen har handla i eige namn, gjeld det same.
  2. Kva type fullmakt som ligg føre. Utan å identifisere dette er det vanskeleg å vurdere grensa for fullmakta, og om det er relevant å vurdere kva tredjepersonen trudde.
  3. Er fullmakta tilbakekalla?
  4. Ligg avtalen innanfor grensa for fullmakta?
  5. Er instruksen broten?
  6. Dersom instruksen er broten: Var tredjepersonen i aktsam, god tru om instruksbrotet?
    1. Dette spørsmålet er ikkje aktuelt for oppdragsfullmakter fordi for desse er grensa for fullmakta og instruksen den same.

Løysing Amna og tvisten om jakka

Hovudproblemstilling:

Er det inngått bindande avtale mellom butikkeigaren Warda og kjøparen Amna?

1. Er det eit fullmaktsforhold?

RG: Avtl. § 10, 1. ledd: «retshandel i fuldmagtgiverens navn».

Tolking: Ein fullmektig inngår ein avtale med tredjemann på vegner av fullmaktsgivaren.

Subsumsjon: Her inngjekk Donjeta ein avtale om sal av jakke til Amna på vegner av butikkeigaren Warda.

Delkonklusjon: Det ligg føre eit fullmaktsforhold.
For at ein skal kunne ta stilling til om det er inngått bindande avtale, må avtalen etter avtl. § 10(1) vidare være «indenfor fuldmagtens grænse». Grensa for fullmakta er avhengig av kva slags fullmakt ein står overfor.

2. Kva slags fullmakt hadde Donjeta?

RG: Avtl. § 10(2): «Indtar nogen i følge avtale (…) en stilling,…»

Tolking: Dersom nokon får fullmakt som følgje av ei stilling, har ein stillingsfullmakt.

Subsumsjon: Donjeta har fått fullmakt gjennom jobben som butikkmedarbeidar. Det er altså inga fråsegnsfullmakt (der tredjemann får synleggjort fullmaktsforholdet frå fullmaktsgivaren), eller oppdragsfullmakt (der fullmakta berre er gitt til fullmektigen).

Delkonklusjon: Donjeta har ei stillingsfullmakt.

3. Handla Donjeta innanfor «fuldmagtens grænse»?

RG: Avtl. § 10, 1. ledd: «Indenfor fuldmagtens grænse»

RG: Avtl. § 10 (2): «som efter lov og sedvane medfører (…) indenfor visse grænser at handle paa den andens vegne, ansees han at ha fuldmagt til at foreta retshandler, som falder indenfor disse grænser…»

Tolking: «lov», døme aksjelova. «sedvane»; kva som er vanleg for den typen stilling.

Subsumsjon: Donjeta har selt ei jakke (til feil pris). Spørsmålet er om det er vanleg for ein butikkmedarbeidar i ein klesbutikk å selje jakker.

Delkonklusjon: Donjeta handla innanfor grensa for fullmakta.

For at avtalen som er inngått ved stillingsfullmakt, skal vere gyldig, må fullmektigen ha handla innanfor instruks, eller tredjemann må ha vore i aktsam god tru om eit eventuelt instruksbrot.

4. Opptredde Donjeta i strid med forskrifter, dvs. instruksjonane til Warda?

RG: Avtl § 11 (1): «handlet i strid med forskrifter»

Tolking: Forskrifter er instruksar som er gitt frå fullmaktsgivaren til fullmektigen. Må tolke utsegna frå Warda.

Subsumsjon: Warda informerer Donjeta om at jakka «Goosebump» ikkje blir sett ned i pris fordi ho uansett blir lett seld.

Delkonklusjon: Donjeta har handlat utanfor instruks.

Dermed blir det nødvendig å vurdere Amnas aktsame gode tru.

5. Forstod eller burde Amna forstått at Donjeta handla i strid med instruksane sine?

RG: Avtl. § 11: medkontrahenten «forstod» eller «burde… forstaat» det.

Tolking: Rettspraksis: Ein er i aktsam god tru dersom ein alminneleg, fornuftig person ikkje ville fått mistanke til at Donjeta handla i strid med instruksjonar frå Warda.

Subsumsjon:

Kva taler mot aktsam god tru:

  • Må vere varsam når ein inngår avtalar via fullmektig – kan vere misforståingar/uklare punkt.
  • Enda større grunn til å vere varsam når prisen er overraskande.
  • Vidare at Donjeta er ei venninne.

Kva taler for aktsam god tru:

  • Det er salsperiode
  • Generelt: Behov i omsetningslivet for å kunne byggje rett på dispositive utsegner frå butikkmedarbeidarar (må kunne stole på dei som jobbar i butikk).

Delkonklusjon: Under tvil kjem eg til at Amna var i aktsam god tru.

Konklusjon: Avtalen er bindande.