Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Fullmakt

  1. Kva er ei fullmakt? Ei fullmakt er det ytre skinet av rett som ein person har fått til å gjere avtalar på vegner av ein annan person. Fullmaktsreglane i avtalelova gjeld berre avtalar om formuesforhold.
  2. Kva for personar opptrer i eit fullmaktsforhold? Fullmaktsgivaren. Han eller ho blir part i avtalen og må derfor som hovudregel vere myndig, jf. verjemålslova § 9.

    Fullmektigen. Han eller ho opptrer på vegner av fullmaktsgivaren og blir sjølv ikkje part i avtalen. Fullmektigen treng derfor ikkje vere myndig sidan han ikkje bind seg sjølv, jf. verjemålslova § 9.

    Tredjeperson. Han eller ho er avtalemotparten til fullmaktsgivaren. Tredjepersonen blir part i avtalen og må derfor som hovudregel vere myndig, jf. verjemålslova § 9.
  3. Kva former for fullmakt har vi reglar om i avtalelova? Reglane om fullmakt finn du i avtalelova kapittel 2. Vi har tre kategoriar av fullmakt:
    1. Stillingsfullmakt, § 10(2)
    2. Fråsegnsfullmakt, § 13 (særskild erklæring), § 14 (annonse), § 16 (skriftleg fullmakt)
    3. Oppdragsfullmakt, § 18
  4. Kva reglar gjeld for tilbakekall av fullmakt? Avtalelova § 12 bestemmer at tilbakekallet skal skje i medhald av §§ 13–16. Prinsippet er at tilbakekall skjer på same måten som fullmakta vart gitt. Ved særskild erklæring krevst det ny særskild erklæring, jf. § 13. Ved annonse krevst det ny annonse, jf. § 14. Ved stillingsfullmakt krevst det at fullmektigen blir fjerna frå stillinga, jf. § 15. Ved skriftleg fullmakt krevst det tilbakelevering eller øydelegging av fullmaktsdokumentet. Ved oppdragsfullmakt (§ 18) krevst melding frå fullmaktsgivaren til fullmektigen om at oppdraget er kalla attende.
  5. Korleis blir grensa for fullmakta avgjord i avtalelova for kvar av formene for fullmakt? Stillingsfullmakt blir avgjord ved lov eller ved sedvane for kva som er vanlege oppgåver i stillinga, sjå § 10(2). Ved fullmakt etter §§ 13, 14 og 16 blir grensa avgjord ved tolking av teksten eller erklæringa i medhald av vanleg tolkingslære. Ved oppdragsfullmakt (§ 18) har instruksoverskriding same rettsverknad som fullmaktsoverskriding. Grensene for slik fullmakt er derfor avhengig av ei tolking av instruksen.
  6. Kva er meint med forskrifter (instruks) i avtalelova § 11? Forskrifter (instruksar) er nærmare instruksjonar frå fullmaktsgivaren til fullmektigen om pris, produkt og andre vilkår som ikkje går fram av fullmakta. Instruksen gjeld berre kva som er sagt og skrive mellom fullmaktsgivaren og fullmektigen.
  7. Kva har instruksoverskriding å seie for spørsmålet om fullmaktsgivaren er bunden? Instruksoverskriding får ikkje noko å seie for avtalar som ligg innanfor fullmakta dersom tredjeperson er i god tru med omsyn til instruksoverskridinga. Avtalen blir bindande for fullmaktsgivaren., jf. § 11(1) samanhalde med § 10(1). Ved oppdragsfullmakt er fullmakts-overskriding og instruksoverskriding det same. Tredjepersonen si gode eller vonde tru med omsyn til instruksoverskridinga speler inga rolle, jf. § 11(2), sidan instruksoverskridinga inneber at også fullmakta er overskriden, jf. § 10(1).
  8. Kan ein fullmektig få erstatningsansvar? Fullmektigen har objektivt erstatningsansvar overfor tredjeperson i medhald av § 25 og skuldansvar etter alminnelege erstatningsreglar (culparegelen) overfor fullmaktsgivaren. Det må vere konstatert eit økonomisk tap som ei pårekneleg følgje av handlingane fullmektigen har gjort.