Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Avtalerett

Litt rettshistorie

Avtaleretten har røter i romarretten om lag år 450 f.Kr. Tolvtavlelova har hatt spesielt stor innverknad på utviklinga av formueretten. Delar av Kong Kristian 5.s Norske Lov av 1687 (NL) er framleis verksam på dette feltet, jf. reglane § 5-1-1 og 5-1-2. Desse reglane finn du i lovsamlinga.

Historia viser at det å inngå avtalar var knytt til rituelle handlingar der partane erkjente rettar og plikter ved å ta kvarandre i hendene i nærvær av to vitne. Slike ritual ser vi også i dag når det blir inngått store kontraktar i næringslivet.

Avtalelova – grenser og gråsoner

Avtalelova frå 1918 byggjer på handelsforhold som var typiske rundt 1900. Likevel gjeld denne lova framleis. Reglane i avtalelova skal vi bruke når vi skal avgjere om det ligg føre ein bindande avtale, men rettspraksis, avtalepraksis og i nokon grad også juridisk teori speler ei stadig meir viktig rolle som rettskjeldefaktorar enn lova.

Avtalelova overlèt i stor grad til partane sjølve å ordne opp i rettar og plikter. I § 1 står det at det første kapittelet i lova vik for avtale eller kutyme mellom partane. Avtalelova regulerer berre formuerettslege avtalar, det vil seie avtalar som har eit økonomisk innhald, og som kan gjennomførast ved tvang, jf. avtalelova § 41.

Nokre døme på avtalar som blir regulerte av avtalelova

  • kjøpsavtalar
  • transportavtalar
  • leigeavtalar
  • låneavtalar
  • arbeidsavtalar

Avtalelova regulerer ikkje

  • avtalar om separasjon, skilsmisse, barnefordeling og foreldreansvar
  • offentlege enkeltvedtak og forskrifter fell også utanfor avtalelova
  • «… avtaleretten setter sin grense ved formueretten …»

Sentrale spørsmål i avtaleretten

  • Er bindande avtale inngått? (Bindingsspørsmålet)
  • Er avtalar som er inngått ved fullmektig, bindande? (Fullmaktslæra)
  • Er avtalen ugyldig?
  • Korleis skal avtalen tolkast? (Tolkingslæra)