Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Ugyldigheit

  1. Ugyldigheitsgrunnane kan vi dele i tre kategoriar. Nemn dei. Ugyldigheitsgrunnane kan delast inn etter feil ved:
    1. Partane, jf. verjemålslova
    2. Avtaleinngåinga
    3. Innhaldet i avtalen
  2. Kva er meint med sterke og svake ugyldigheitsgrunnar? Gi døme.

    Svake er dei ugyldigheitsgrunnane som føreset at motparten i avtalen kjende eller burde kjent til ugyldigheitsgrunnen på førehand. Vi seier da at motparten er i vond tru. Døme er avtalelova §§ 29, 30, 31 og 33.

    Sterke er dei ugyldigheitsgrunnane som er uavhengig av om motparten i avtalen er i vond eller god tru om ugyldigheitsgrunnen. Døme er umyndigheit og avtalelova § 28.

  3. A er 17 år og avtaler med den 18 år gamle B at B skal kjøpe As sykkel for kr 10 000. A angrar og vil gå frå avtalen. Er avtalen gyldig? A er umyndig, jf. verjemålslova § 9. Han kan ikkje inngå bindande avtalar utan samtykke frå verjene (foreldra). Unntaksregelen i verjemålslova § 12 gir oppgåva ikkje haldepunkt for å drøfte. Avtalen er ugyldig.
  4. A eigde ei leilegheit som han visste var utsett for åtak frå ekte hussopp. Han selde leilegheita til B utan å opplyse om soppen. Lenge etter overtakinga ville B ha avtalen kjent heilt ugyldig på grunnlag av reglar i avtalelova. Kva for reglar i avtalelova kan nyttast? At A tagde om soppen, kan reknast som svik etter § 30. Dersom det er for sterkt å karakterisere forholdet som svik, kan avtalen kjennast ugyldig på grunnlag av § 33. Dersom avtalen berre skal kjennast delvis ugyldig, til dømes ved å setje ned prisen slik at prisavslaget dekkjer reparasjonskostnadene, kan § 36 nyttast.
  5. A gifte seg med B. B overtalte A til å overføre huset og hytta til B som hans særeige ved å opprette ei formelt gyldig ektepakt. A ville først ikkje gå med på avtalen, men da B trua med å ta sitt eige liv dersom han ikkje fekk det som han ville, kom avtalen i stand. Seinare ville A få avtalen kjent ugyldig. Kva for reglar i avtalelova kan nyttast for å få avtalen kjent ugyldig? Avtalen kan kjennast ugyldig på grunn av grov tvang, jf. avtalelova § 28. Regelen føreset mellom anna «trusler, som fremkalder grundet frygt for nogens liv». Det speler inga rolle at truslane gjeld ein sjølv.
  6. A sel sin Harley Davidsen motorsykkel til B for kr 10 000. Vanleg marknadspris for sykkelen er kr 25 000. A har ein IQ (intelligenskvotient) på 70, mens B har ein IQ på 130. Vurder aktuelle reglar i avtalelova som kan gjere avtalen heilt eller delvis ugyldig. Paragraf 31 om å utnytte «forstandssvaghet» hos nokon kan vere ein aktuell ugyldigheitsgrunn. Denne regelen blir berre nytta dersom det krevst heil ugyldigheit. Dersom kravet er prisauke, til dømes til kr 25 000, blir avtalen berre delvis ugyldig. Da må § 36 nyttast, der det urimelege innhaldet i avtalen blir vurdert ut frå stillinga til partane og forholda da avtalen vart inngått. Paragraf 36 kan også nyttast ved eit krav om heil ugyldigheit.
  7. Banken A overtaler den 75 år gamle B til å kjøpe eit finansprodukt som ifølgje A vil gi svært god rente dersom aksjemarknaden stig i åra framover. A fortalde ikkje at det var stor risiko for tap, og at alle pengane kunne gå tapt dersom aksjemarknaden ikkje utvikla seg slik ein trudde. Aksjekursen gjekk ned, og B tapte alle pengane sine. Kan reglar i avtalelova nyttast til å gjere avtalen mellom A og B ugyldig? Både § 30 om svik og § 31 om utnytting av mangel på erfaring kan nyttast for å kjenne avtalen heilt ugyldig. Paragraf 36 kan også nyttast. Oppgåva er inspirert av ein dom frå Høgsterett in plenum (HR-2013-642) der retten brukte § 36 og kjende avtalen heilt ugyldig.
  8. A og B forlover seg, og A gir B ein diamantring som kostar kr 100 000. Eitt år seinare blir det brot i kjærleiksforholdet, og ekteskapet blir avlyst. Er det grunnlag i reglane i avtalelova for at A kan få att ringen? Avtalen kan kjennast ugyldig etter § 36. Regelen gjeld også einsidig bindande disposisjonar, til dømes gåver. I spørsmålet om det er urimelig å halde fast på avtalen, kan det takast omsyn til «etterfølgende forhold», som her vil vere den brestande føresetnaden om ekteskap. Mindre gåver vil det vere rimeleg å behalde også etter brotet, men ikkje ei gåve av så stor verdi, og som er så nær knytt til føresetnaden om ekteskap.