Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Fullmakt

  1. Kva er meint med fullmakt?
  2. Fullmakter kan delast inn i sjølvstendige fullmakter og usjølvstendige fullmakter. Kva er ei sjølvstendig fullmakt?
  3. Fullmakter kan også delast inn i dei tre kategoriane stillingsfullmakt, fråsegnsfullmakt og oppdragsfullmakt.
    1. Stillingsfullmakt er fullmakt der grensa for fullmakta blir definert som ein stillingsinstruks av arbeidsgivaren.
    2. Fråsegnsfullmakt er mellom anna ei fullmakt som blir tildelt fullmektigen i eit fullmaktsdokument som er eigna til å bli vist fram for tredjeperson. Dersom dokumentet ikkje blir lagt fram, endrar fullmakta seg til ei oppdragsfullmakt.
    3. Fråsegnsfullmakt er mellom anna ei fullmakt som blir tildelt fullmektigen i eit fullmaktsdokument som er eigna til å bli vist fram for tredjeperson. Dokumentet treng ikkje bli lagt fram for tredjepersonen, det er nok at det finst.
    4. Stillingsfullmakt er ei fullmakt der grensene ikkje kan fastsetjast av fullmektigen. Grensene blir berre fastsette av ytre forhold.
    5. Fullmakt på grunnlag av særskild erklæring er ei fullmakt der grensene må fastsetjast av ei skriftleg melding frå fullmaktsgivaren til tredjeperson.
    6. Fullmakt på grunnlag av særskild erklæring er ei fullmakt der grensene må fastsetjast av ei melding frå fullmaktsgivaren til tredjeperson, uansett kva form meldinga har.
    7. Stillingsfullmakt og oppdragsfullmakt er sjølvstendige fullmakter. Fråsegnsfullmakt er usjølvstendig fullmakt.
    8. Oppdragsfullmakt er usjølvstendig fullmakt. Dei to andre kategoriane er sjølvstendige fullmakter.
    9. Stillingsfullmakt er sjølvstendig fullmakt. Fråsegnsfullmakt og oppdragsfullmakt er usjølvstendige fullmakter.
  4. Fullmaktsgivaren kan gi fullmektigen instruksar som avgrensar retten hans i forhold til ordlyden i fullmakta, jf. avtalelova § 11.

Vel det mest dekkjande og presise svaret.