Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Grunnprinsippa

Kompetansemål

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • bruke dei grunnleggjande prinsippa i avtaleretten.

Innhald

Prinsippa
Meir om avtalar skal haldast
Meir om formfridom
Meir om avtalefridom
Meir om lojalitetsprinsippet
Ei praktisk tilnærming frå rettspraksis

Prinsippa

  • Avtalar skal haldast
  • Formfridom
  • Avtalefridom
  • Lojalitetsprinsippet
Til toppen

Meir om avtalar skal haldast, jf. NL 5-1-1 og 5-1-2 og sedvanerett

Latin: Pacta sunt servanda

Avtalar skal gjennomførast – i ytste konsekvens ved hjelp av rettsapparatet. Dersom ein part ikkje oppfyller sin del av avtalen, kan han eller ho dømmast til oppfyllings- og/eller erstatningsplikt av domstolane. Prinsippet skal sikre at avtalar er til å stole på, og at partane kan gå ut frå at dei har ei viss sikkerheit. Det skal skape den nødvendige tilliten mellom partane. Prinsippet kan utleiast av NL 5-1-1 («Pliktig at efterkomme») og 5-1-2 («skulle holdis i alle deris Ord og Puncter»), men også av forarbeida til avtalelova § 36.

Unntak frå prinsippet om at avtalar skal haldast, og som fører til ugyldige avtalar:

  • Avtalar som er «imod Loven og Ærbarhed». Dette er ulovlege avtalar og avtalar som strir mot det som blir rekna som skikk og bruk, god moral til kvar tid. Avtalar som blir ramma av ærbarheitsalternativet, er til dømes avtalar i strid med alminneleg akseptert kjønnsmoral, avtalar om å gjere straffbare handlingar, avtalar som tek sikte på å skjule straffbare handlingar, avtalar om heleri, avtalar om omgåing av røysterettsavgrensingar i vedtekter, avtalar om omgåing av leigereglar, avtalar som inneber samfunnsskadeleg øydelegging (til dømes ulovleg forureining), avtalar som inneber store avgrensingar i handlefridommen, avtalar som inneber avkall på fridom, helse eller personleg integritet.
  • Urimelege avtalar, jf. avtalelova § 36.
  • Brestande føresetnader.
  • Avtalar inngått med mindreårige, jf. NL 5-1-2 «komne til deris Lavalder» og verjemålslova § 9 (mindreårige har som hovudregel ikkje rettsleg handleevne).
  • Avtalar inngått med utilrekneleg motpart.
  • Force majeure og kontrollansvaret («act of God», der parten ikkje må halde avtalen fordi det hender noko som parten ikkje har kontroll over).
Til toppen

Meir om formfridom, jf. NL 5-1-1 og sedvanerett

Alle avtalar uansett form er i utgangspunktet bindande. Munnlege avtalar er like bindande som skriftlege avtalar, jf. NL 5-1-1 («Mund, Haand og Segl»). Skriftlege avtalar er likevel å føretrekkje av omsyn til bevis.

Unntak frå prinsippet om at det er formfridom, og som fører til ugyldige avtalar:

  • Enkelte avtalar må vere skriftlege av omsyn til samfunnet, forbrukarar eller kontraktsikkerheit, slik som til dømes ektepakter (jf. ekteskapslova § 54), testament (jf. arvelova § 49) og oppseiing (jf. arbeidsmiljølova § 15-4).
Til toppen

Meir om avtalefridom, jf. NL 5-1-1 og 5-1-2 og sedvanerett

Prinsippet om avtalefridom inneber at alle avtalar uansett innhald er bindande, jf. NL 5-1-1 «indgaaet have» og NL 5-1-2 «Alle Contracter … og andet ved hvad Navn det nævnis kand». I utgangspunktet kan ein inngå avtalar med kven ein vil, og med kva innhald ein vil.

Unntak frå prinsippet om at det er avtalefridom, og som fører til ugyldige avtalar:

  • Avtalar som er «imod Loven og Ærbarhed». Sjå ovanfor om dette.
  • Preseptorisk forbrukarlovgiving (reglane kan berre fråvikast ved avtale som er gunstigare for forbrukaren), jf. forbrukarkjøpslova § 3 og angrerettlova § 3. Her har lovgivaren verna den truleg svake parten, forbrukaren. Dette unntaket kan vi også sjå slik at avtalen ikkje må vere i strid med lov, jf. ovanfor.
  • Avtaleplikt av samfunnsomsyn, slik som at den som tilbyr tenestene sine til allmenta, ikkje kan nekte å inngå avtalar med enkeltpersonar. Døme på avtaleplikt kan vere plikta ein restaurant har til å servere ein gjest, med mindre gjesten har oppført seg slik at det er ein legitim grunn til å nekte.
  • Standardkontraktar, der avtalevilkåra er fastsette på førehand, kan vi sjå på som eit unntak frå avtalefridommen. Dette blir til dømes nytta ved inngåing av ein låneavtale. Fordelen er mellom anna at avtalen er godt gjennomtenkt. Ulempa kan kanskje vere at avtalen favoriserer interessene til den eine parten.
  • Kontrolltiltak, til dømes marknadsføringslova.
  • Kollektivavtalar, til dømes ein tariffavtale.
Til toppen

Meir om lojalitetsprinsippet, jf. rettspraksis og sedvanerett

Dette prinsippet er basert på dei rettkomne forventningane partane har, og er derfor også kalla «forventningsprinsippet». Avtalepartane skal ta rimeleg omsyn til interessene til kvarandre ut frå føresetnadene sine. Dette gjeld i alle kontraktsforhold. Den alminnelege lojalitetsplikta i avtaleforhold går ut på at partane før, under og etter kontraktsforholdet pliktar å opptre lojalt overfor kvarandre. Dei skal ikkje undergrave interessene til den andre parten i kontraktsforholdet, som følgje av den tilliten partane har vist kvarandre ved å inngå avtale. Partane må vareta dette ved ei gjensidig opplysnings-, undersøkings- og underretningsplikt. Dersom partane i urimeleg grad vik av frå normal og forventa framferd, vil det liggje føre brot på lojalitetsplikta.

Døme på utslag av lojalitetsprinsippet finn vi i

  • Avtalelova § 33 og § 36
  • Kjøpslova § 18
  • Forbrukarkjøpslova § 16
Til toppen

Ei praktisk tilnærming frå rettspraksis

Det finst ikkje dommar frå Høgsterett i samband med NL 5-1-1 etter 1850.

Av lagmannsrettsdommen RG-1968-82 (Fru Erichsens leilegheit) går det fram at det vart vist til prinsippa i NL 5-1-1 og 2 som grunnlag for at ein avtale skulle haldast.

Saksforholdet var at seljaren av ei leilegheit (fru Erichsen) avtalte med kjøparen (herr Aune) at Aune skulle la leilegheita gå attende til Erichsen dersom Aune avslutta arbeidsforholdet sitt hos Erichsens far. Burettslova § 22, siste ledd, var til hinder for dette. Aune vart dømd til å overdra leilegheita attende til Erichsen sidan Aune hadde kunnskap om dette, og dessutan at det var motiverande for Erichsen. Grunnlaget for dette var avtalelova § 33, men også NL 5-1-1 og 2 vart for heradsretten rettsleg grunnlag for Erichsen gjenkjøpsrett:

«Ved avtalen av 25.11.1964 ble det etablert en gjenkjøpsrett for Lillemor Erichsen på nærmere bestemt vilkår, nemlig for det tilfelle at Edvin Aune senere skulle slutte i sin stilling hos fru Erichsens far, Henry Omsland, innehaver av Omslands Elektriske. Det er helt på det rene at Aune sluttet frivillig hos Henry Omsland den 31.10.1965 etter at han selv sa opp tidligere på høsten, men han bor fortsatt i leiligheten sammen med sin familie og har heller ikke overdratt leiligheten tilbake til Lillemor Erichsen. Aune må derfor i overensstemmelse med reglene i Norske Lov av 15. april 1687 5-1-1 og 2 dømmes til å oppfylle sine plikter etter avtalen.»

NL 5-1-2 blir stadig teke til inntekt for at avtalar skal haldast, men også at avtalar skal reknast for ugyldige fordi dei strir mot lov eller ærbarheit. Av høgsterettsdommen RT-2004-1582 (kjøp av konsesjonspliktig eigedom for hemmeleg pris) vart ein avtale om at ein kjøpar av ein konsesjonspliktig landbrukseigedom skulle betale eit hemmeleg tillegg til den offisielle kjøpesummen, kjend ugyldig. Høgsterett uttalte (førstvoterande):

«Jeg er etter dette kommet til at avtalen må kjennes ugyldig fordi den strider mot lov og ærbarhet. For så vidt gjelder det siste alternativet viser jeg til at en avtale som forplikter partene til å begå en alvorlig forbrytelse, representerer et kvalifisert brudd på allment aksepterte moralnormer.»